Category Archives: Sund

Krevjande jobb fram mot nyttår

Prosjektrådmann Rune Lid orienterte fellesnemnda i dag om kva som må prioriterast fram mot at den nye kommunen er eit faktum frå nyttår. Prioriterte oppgåver er mellom anna budsjett, lokalisering, delegasjonsreglement (administrativt og politisk) og nye IKT-system.
– Arbeidet er i rute, sa Lid.

Prosjektrådmann Rune Lid og dei andre i leiargruppe orienterte om status i arbeidet i prosjektorganisasjonen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Når det gjeld budsjettet arbeider leiinga med gjennomgang av økonomisk status for 2019. Det vert sett fokus på netto driftsresultat, fondstransaksjonar, fond og lånegjeld.

– I Sund og Fjell har ein økonomiske utfordringar, og det er gjennomført innsparingstiltak i 2019. Vi stiller spørsmålet om desse innsparingane må vidareførast i 2020. Sannsynlegvis må dei vidareførast på dei fleste områda, sa Rune Lid. Han sa at den nye kommunen har ein krevjande jobb framfor seg fram mot nyttår.

Den 31. oktober presenterer prosjektrådmann konklusjonen når det gjeld lokalisering av administrasjon og tenester. Prosessen fram mot slutten av oktober er slik:

  • 23.10.  Drøfting overordna styringsgruppe
  • 24.10.  Høyring arbeidstakarorganisasjonane
  • 29.10.  Frist høyring kl. 15.00
  • 31.10.  Publisering av avgjerd

Dei fem kommunalsjefane presenterte status for sine arbeidsområde. Her kan du lesa presentasjonen til prosjektrådmannen og kommunalsjefane. (PDF).

Fleire medlemer i fellesnemnda takka prosjektrådmannen og hans folk for grundig innføring i status i arbeidet.

Gebyr- og brukarbetalingar

Fellesnemnda vedtok å leggja to framlegg til forskrifter ut på høyring. Det gjeld forskrift om vass- og avlaupsgebyr og forskrift om tømming av private avlaupsanlegg. Høyringsfristen er 25. november.

Forskrifter og abonnementsvilkår for vatn og avlaup
Det vart vedteke å leggja ut fire forskrifter og standard abonnementsvilkår på høyring med ein høyringsfrist på kunngjeringsdato. Dette er:

  • Forskrift om gebyr for kontroll og tilsyn av avlaupsleidningar og avløpsanlegg
  • Forskrift om påslepp og utslepp av oljehaldig, feitthaldig og industrielt avløpsvatn
  • Tekniske bestemmingar – Standard abonnementsvilkår for vatn og avlaup (KS)
  • Administrative bestemmingar – Standard abonnementsvilkår for vatn og avlaup (KS)

Økonomisk status for prosjektorganisasjonen

Pr. 11. oktober er det nytta 18,4 millionar kroner av prosjektmidlane for den nye kommunen. Det står dermed igjen knapt tre millionar kroner av den mottekne eingongsstøtta til kommunesamanslåinga. Så langt har  det ikkje vore behov for å forskottera frå reformstøtta som vert utbetalt til  nyttår. Prosjektrådmannen reknar med at det vert behov for å forskottera midlar frå reformstøtta i løpet av hausten.

Revisjonstenester i den nye kommunen

Fellesnemnda vedtok å gje oppdrag med revisjonstenester for Nye Øygarden kommune. Når vedtaket er offentleg, vert det lagt ut.

Dette var det siste møtet for fellesnemnda før nytt kommunestyre tek over. Torsdag 24. oktober er det konstituerande kommunestyremøte for (Nye) Øygarden kommune. 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

Konstituerande kommunestyremøte for Øygarden kommune

Den 24. oktober skal det konstituerande kommunestyret i (Nye) Øygarden velja formannskap, ordførar, varaordførar og fleire utval for perioden 2019 til 2023. Nokre dagar i forkant, den 21. oktober er det kalla inn til det siste møtet i fellesnemnda.

Biletet er frå møtet i fellesnemnda den 9. oktober. Det siste møtet i fellesnemnda er den 21. oktober. Det nye kommunestyret for Øygarden kommune konstituerer seg den 24. oktober.

Det nye kommunestyret skal ha 45 medlemer. Formannskapet har 11 medlemer, medan kontrollutvalet har sju medlemer. Det skal også veljast medlemer med leiar og nestleiar i følgjande utval:

  • Utval for tenester og levekår (11 medlemer)
  • Utval for samfunnsutvikling (11 medlemer)
  • Utval for plan (11 medlemer)

Det skal også veljast valnemnd, valstyre og val til KS-organ. Kommunestyret skal også ta stilling til om kommunestyrevalet 2019 skal godkjennast. Her kan du lesa innkalling med saksdokument. 

Det konstituerande kommunestyremøtet for Øygarden kommune vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 14.00.

Den 21. oktober er det invitert til det siste møte i fellesnemnda for Nye Øygarden kommune. Fellesnemnda skal mellom anna velja leverandør av revisjonstenester for den nye kommunen. Her kan du lesa innkalling med saksdokument. 

Begge møta vert overførte på nett-TV.

Lokalisering: Kva skjer fram mot 31. oktober?

Saka om lokalisering av administrasjon og tenester er no behandla i partssamansett utval og fellesnemnda. På grunnlag av dette og det administrative førebuingsarbeidet, skal prosjektrådmannen innan 31. oktober ta endeleg stilling til lokalisering.

Den 9. oktober slutta fellesnemnda seg til prinsippa føreslått av prosjektrådmannen.

  • Det skal etablerast innbyggjartorg på Rong, Skogsskiftet og Straume. Innbyggjartorga skal lokaliserast saman med bibliotektenesta i eigna lokale. Tenester som har karakter av publikumskontakt, skal vera tilgjengelege i innbyggjartorga.
  • Eigde bygningsmassane skal takast i bruk i Nye Øygarden kommune. For å oppnå samhandlings-, effektivitets- og kostnadsgevinstar vert det lagt opp til samlokalisering av større fagmiljø og at oppgåver som naturleg høyrer saman, bør samlast i eín bygning/stad.
  • Funksjonar og tenester som naturleg ligg til rolla som kommunesenter, skal plasserast på Straume. Det same gjeld politisk leiing og øvste administrative leiing.
  • Som hovudprinsipp skal tenester som er organiserte, drifta og tilbydd brukarane i soner i den nye kommunen, nytta kommunedelsentera i Skogsskiftet (sone sør) og Rong (sone nord) som base/administrasjonssenter. Straume vert eigen sone.

I eit tilleggspunkt, som fekk samrøystes tilslutnad i fellesnemnda, heiter det mellom anna at Rong og Skogsskiftet skal som delsenter har definert tenestefunksjonar. Nærtenesteprinsippet er eit viktig prinsipp og skal følgjast. Det heiter i tilleggspunktet at soneinndelingar bør leggjast til kommunesenter og dei definerte delsentera slik det går fram av intensjonsavtalen.

Dette skjer fram mot 31. oktober

  • 14. -18. oktober: Etter drøftingsmøte om lokaliseringsarbeidet i overordna styringsgruppa (utvida med 12 hovudtillitsvalde) arbeider leiargruppa med forslaget frå prosjektrådmannen.
  • 16. oktober: Arbeidsseminar lokalisering for leiarteamet Nye Øygarden kommune med prosessleiar frå KS (fellesorganisasjon for kommunane).
  • 17. – 21. oktober vert forslag ferdigstilt til overordna styringsgruppe.
  • 23. oktober: Drøftingsmøte om lokaliseringsarbeidet i overordna styringsgruppa utvida med 12 hovudtillitsvalte.
  • 24. – 29. oktober går forslaget til høyring hjå arbeidstakarorganisasjonane. Etter høyring vert det innarbeidd eventuelle endringar.
  • 31. oktober: Prosjektrådmannen legg fram sitt vedtak om lokalisering av administrasjon og tenester i Nye Øygarden kommune. Informasjon vert sendt til leiarar som informerer sine tilsette. Avgjerda om lokalisering vert også lagt ut på heimesidene og andre aktuelle kanalar.

Leiarar vert oppmoda om å kontakta sine respektive kommunalsjefar om leiarstøtte.

NB!  I tidlegare informasjon har vi brukt 30. oktober som dato for endeleg konklusjon om lokalisering.  Det er ikkje korrekt. Det er den siste dagen i oktober at konklusjonen vert teken, altså 31. oktober. 

Her kan du lesa om intensjonsavtalen, omstillingsavtalen og ROS-analyse som er eit viktig grunnlag for arbeidet med lokalisering.

Statsministeren møtte engasjerte elevar på Brattholmen

Alle ville ha ein bit av statsminister Erna Solberg då ho besøkte klasse 3b på Brattholmen skule i dag . Ho tok seg tid til å dela klemmar til fleire av elevane.
– Eg maste mykje i timane som elev, måtte statsministeren vedgå.

Elevane skreiv brev til venskapsklassen på Stranda skule i Sund (3. kl.).  Statsministeren fekk sjå kva dei hadde skrive til elevane dei skal verta kjende med. I bakgrunnen, rektor Anja Solli.

Bakgrunnen for besøket er prosjektet Elev i Nye Øygarden der elevane i dei tre kommunane er inviterte til å engasjera seg i bygginga av den nye kommunen. Det er utarbeidd undervisningsopplegg i fire fag, klassane kan etablera kontakt med andre elevar som venskapsklasse, og det er laga i stand spennande konkurransar.

– Kjære statsminister, velkomen til oss! Vi går frå tre til eín kommune, Nye Øygarden kommune, og det gler vi oss til, sa elevane i kor då Erna Solberg kom inn i klasserommet nokre minutt over klokka 13 i dag.

Før statsministeren hadde funne vegen til klasserommet, møtte ho politikarar og rektor ved inngangen. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy hadde på seg ordførarkjeda, og saman med varaordførar Tom Georg Indrevik og rektor Anja Solli vart statsministeren ønskt velkomen til Brattholmen skule.

Eitt av fleire tiltak i prosjektet er Plantekappleiken der klassane plantar ertespire og konkurrerer om kven som får plantene til å veksa best. Konkurransen startar denne veka med å leggja erter i vatn og så planta ertespira i jord.

–  Vi håpar du er med å heiar på oss og ønskjer oss lukke til, sa Martine til statsministren. Erna fekk æra av å leggja erter i vatn før konkurransen for alvor startar om eit par dagar.

Erna Solberg tømde erter i skåla for å gjera dei klare for planting seinare i veka.

Lærar Robert Hisdal orienterte om korleis klassen arbeider med Elev i Nye Øygarden. Klassane kan nytta undervisningsopplegg, delta som venskapsklasse, delta i konkurransen Plantekappleiken og i konkurransen om å tippa folketalet i den nye kommunen den 1. januar. Robert orienterte også om korleis Brattholmen skule i fleire år gjennom Annleisveka har arbeidd med at Sund, Fjell og Øygarden kommunar skal verta eín kommune frå nyttår av. Mellom anna skal elevane plukka ut favorittstaden sin i den nye kommunen.

– Min favorittplass er Liatårnet, sa ein av elevane.

Tankar om framtida

Alle skulane i dei tre kommunane er utfordra til å la eín elev halda eit innlegg/tale (Ted Talks). Elevane snakkar om framtida og eit bestemt tema. Pernille Sørensen i 6. trinn på Brattholmen skule hadde trafikksikring som tema.

– Det er utrygt å gå langs vegen i Arefjord fordi det ikkje er lys i lyktestolpane, og det manglar fortau. Derfor startar vi no med skulepatrulje. I framtida håpar eg at vi kan koma trygt til skulen eller til Straume utan at foreldra treng køyra oss, sa Pernille i videoen som vart vist for statsministeren.

Det er stas å verta fotograferte saman med statsministeren og lokale politikarar.

På Brattholmen skule har elevane i Bry deg-veka arbeidd med tema som omsorg, samarbeid, tolmod og hjelpsemd. Statsministeren vart utfordra på dette.

– Vi har ikkje alltid ein god dag, og det er viktig at vi ser kvarandre. Ved å snakka saman, jobba i grupper og samarbeida, kan vi læra av kvarandre, sa ho.

Likte ikkje gymnastikk

Statsminister Erna Solberg fekk mange spørsmål frå elevane. Mellom anna måtte ho svara på kva fag ho likte best og dårlegast og korleis det var å vera elev.

– Eg likte godt historie. Sjølv om eg dreiv med konkurransesymjing, likte eg ikkje så godt gym. Eg hadde leseproblem, og av og til krølla bokstavane seg litt mykje. Og så maste eg mykje i timane. Difor fekk eg eit eige skilt med teksten; – Eg er eit masebrett, sa Solberg.

Erna stilte også spørsmål til elevane.

I det heile tatt vart statsministeren utfordra på mange spørsmål. Det handla om korleis det var å vera statsminister, favorittmaten hennar, kvifor skulen startar så tidleg om morgonen, om skulenedlegging, Sotrasambandet, korleis ho var som tenåring, kva ho gjer i fritida og korleis det er å vera på TV.

Colin ville gjerne ha svar på kvifor ein ikkje kunne gjera meir lekser på skulen og dermed få meir leiketid heime.

– Vi har behov for å øva på faga. Det er jo litt opp til kommunen kor mykje lekser som skal gjerast på skulen eller heime. Ein kunne nok unngått at elevane får for mange lekser og innleveringar samstundes. Men eg kan ikkje seia eit klart ja på at vi skal droppa lekser heime, sa Erna.

Mot slutten fekk ho oppmuntrande ord frå ein av elevane.

– Eg vil berre seia at du er veldig grei og snill.

Klasse 3 d

Rektor Anja Solli takka for besøket.

– Eg er som rektor svært stolt i over elevane. Dei var glitrande. Og takk for det flotte besøket, sa rektoren til statsministeren.

Erna Solberg kvitterte med å seia at det var kjekt å sjå at det vert jobba med kommunesamanslåinga på denne måten.

– Det er imponerande, sa ho før elevane vart fotograferte saman med statsministeren og ho forlet skulen.

Det er travelt å vera statsminister. I morgon møter ho forbundskanslar i Tyskland Angela Merkel til politiske samtalar i Berlin.

Også FAU-leiar Hilde Røssland og politikarane Torill Selsvold Nyborg og Børge Haugetun var med på besøket.

Her er presentasjonen til lærar Robert Hisdal.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland

Foto: Jøran Ingvaldsen

Inviterer til stort korslag 4. januar

I samband med overgangen til ny kommune, vert innbyggjarane inviterte til fleire arrangement den første veka i januar. På den store folkefesten laurdag 4. januar  vert det mellom anna KORSLAG.

Vi følgjer opp suksessen med korslaget i 2018 og inviterer til nytt stort korslag klokka 17.00 på den offisielle opningsdagen. Vi kan allereie no slå fast at mange kor er i full gang med trening med sikte på å nå heilt til topps i konkurransen.

Dersom du likar å syngja, kontakt eitt av dei kora som er lista opp her (PDF) og meld deg på.

Fotomontasje: Monica Hovland

Fellesnemnda: Slutta seg til prinsipp for lokalisering, KLP vert pensjonsleverandør

Fellesnemnda slutta seg i dag samrøystes til prinsippa for lokalisering av administrasjon og tenester. I vedtaket vert det mellom anna slått fast at det skal etablerast innbyggjartorg på Rong, Skogsskiftet og Straume.  Fellesnemnda vedtok også at Kommunal Landspensjonskasse (KLP) vert leverandør av pensjonstenester.

Ingrid Elisabeth Toft, Espen Harkestad, Silvia Haugland og Børge Haugetun frå Øygarden fekk tilslutnad til nytt punkt knytt til lokalisering.

Til liks med partssamansett utval på måndag understreka Børge Haugetun og Silvia Haugland kor viktig det er at intensjonsavtalen skal liggja til grunn for lokaliseringa av tenestene. Ein konsekvens av det er at til dømes heimetenester må ha Rong, og ikkje Ågotnes, som base. Også Jogeir Sognnæs understreka dette, men viste også forventning om rasjonalisering og robuste tenester.

Fire medlemer i fellesnemnda frå Øygarden fremja eit nytt punkt fem til innstillinga. Der heiter det at intensjonsavtalen er fundamentet for lokalisering av tenester i Øygarden kommune. Straume er kommunesenter med tilhøyrande oppgåver. Rong og Skogsskiftet skal som delsenter ha definerte tenestefunksjonar. Nærtenesteprinsippet er eit viktig prinsipp og skal i all hovudsak følgjast. Soneinndelinga bør leggjast til kommunesenter og dei definerte delsentera i intensjonsavtalen. Fellesnemnda slutta seg samrøystes til dette punktet og resten av innstillinga.

I vedtaket, der fellesnemnda slutta seg til innstillinga frå prosjektrådmannen, går det fram at innbyggjartorga skal lokaliserast saman med bibliotektenesta i eigna lokale. Tenester som har karakter av publikumskontakt, skal vera tilgjengelege i innbyggjartorga.

Eigde bygningsmassane skal takast i bruk i Nye Øygarden kommune. For å oppnå samhandlings-, effektivitets- og kostnadsgevinstar vert det lagt opp til samlokalisering av større fagmiljø og at oppgåver som naturleg høyrer saman, bør samlast i eín bygning/stad.

Funksjonar og tenester som naturleg ligg til rolla som kommunesenter, skal plasserast på Straume. Det same gjeld politisk leiing og øvste administrative leiing.

Som hovudprinsipp skal tenester som er organiserte, drifta og tilbydd brukarane i soner i den nye kommunen, skal nytta kommunedelsentera i Skogsskiftet (sone sør) og Rong (sone nord) som base/administrasjonssenter. Det er lagt til grunn at Straume vert eigen sone.

Innspel frå dei tillitsvalde, presentert i partssamansett utval på måndag, følgjer saka. Innspela omhandlar frikjøp, kontorlandskap, vaksenopplæringa  for flyktningtenesta og helsestasjon for flyktningar.  Dei tillitsvalde meiner mellom anna at heimetenesta Nord må leggjast til Rong for å ivareta intensjonsavtalen.

På grunnlag av behandlinga i partssamansett utval, vedtaket i fellesnemnda og det administrative førebuingsarbeidet, skal prosjektrådmannen innan 30. oktober ta endeleg stilling til lokalisering av administrasjon og tenester. Prosjektrådmann Rune Lid stadfesta på møtet i fellesnemnda at han vil ta intensjonsavtalen og nærtenesteprinsippet på største alvor når han skal konkludera om lokalisering.

Kommunal Landspensjonskasse (KLP) vert leverandør av pensjonstenester

Fellesnemnda vedtok at KLP skal vera leverandør av forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune med verknad frå 1. januar 2020. Vedtaket vart gjort med 12 mot fem røyster.

Endrar vedtektene for Øygarden bustadutvikling

Fellesnemnda vedtok å endra vedtektene for Øygarden bustadutvikling KF (føretak) slik at det også får ansvaret for å formidla og drifta utleigebustader som er eigd og leigd av (Nye) Øygarden kommune.

Endrar organiseringa av opningsarrangementa

Fellesnemnda slutta seg til forslaget om å la programkomitéen for opningsarrangementet i samband med overgangen til ny kommune vera styringsgruppe for ei prosjektgruppe leia av Christel Møvik-Olsen. Leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy, er leiar av programkomitéen.

Folkevaldopplæring

Fellesnemnda godkjende plan for folkevaldopplæring. Det er lagt opp til 10 opplæringsdagar i perioden 21. oktober 2019 til 10. mars 2020.

– Er det vanleg at ein i dei større samanhengane her inne har så mykje folkevaldopplæring , spurte Børge Haugetun og fekk munter respons frå salen.

Marianne Sandahl Bjorøy og Tom Georg Indrevik sa at dette er ein ny kommune, og utval for politisk styringsstruktur har vurdert dette som ein bra opplæringsplan. Det vart også vist til den nye kommunelova som er på trappene.

Lovlegkontroll av vedtak om forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune

Tre kommunestyrerepresentantar i Fjell kommunestyre har fremja lovlegkontroll av vedtaket den 23. september om revidert anbodsprosess på forsikra pensjonsløysing for den nye kommunen. Dei tre representantane (Svein Bergh, Jan Utkilen og Kjell Rune Garlid) vil mellom anna ha lovlegkontrollert om fellesnemnda kan ha ei ny og framtidig pensjonsordning på plass for avtalane med tidlegare pensjonsleverandør er sagde opp.

Elna Nybakk sa at det viktigaste spørsmålet som må stillast er knytt til at rådmannen må seia opp avtalen med Fjell kommunale pensjonskasse før behandlinga i kommunestyret.

Fellesnemnda tok kravet om lovlegkontroll til orientering og vedtok å senda lovlegkontrollen til Fylkesmannen i Vestland for endeleg behandling.

Tekst og foto:  Vigleik  Brekke

Lokalisering må vera forankra i intensjonsavtalen

I dag (7. oktober) drøfta partssamansett utval (PSU) saka som omhandlar lokalisering av administrasjon og tenester. PSU slutta seg samla til framlegget frå prosjektrådmannen. Dei tillitsvalde la ved innspel til saka. Dette følgjer saka fram til behandlinga i fellesnemnda på onsdag.

Børge Haugetun var ein av flleire politikarar som var opptekne av at lokaliseringa må forankrast i intensjonsavtalen. Til venstre; Espen Harkestad og til høgre; Bodil Aleksandersen.

Under drøftinga var fleire av politikarane opptekne av kva tenester som skal lokaliserast i kommunedelsentera Skogsvåg og Rong. Det vart mellom anna vist til eit dokument i saka der det vert stilt spørsmål om rekruttering av tilstrekkeleg med fagfolk ved å plassera sone nord for heimetenesta på Rong og at dette kan oppfattast å vera i strid med intensjonsavtalen. Signala frå politikarane i PSU er at avgjerda om lokalisering må forankrast i intensjonsavtalen.

Prosjektrådmann Rune Lid opplyste at vedlegga i saka omtalar innspel frå arbeidsgrupper. Leiargruppa skal sjå på forslaga og vurdera dei opp mot intensjonsavtalen. Lid understreka at han tek intensjonsavtalen på det djupaste alvor når lokalisering skal konkluderast.

Dei tillitsvalde presenterte eit skriv med innspel i saka. Desse innspela følgjer saka vidare til behandlinga i fellesnemnda på onsdag. Dei omhandlar frikjøp, kontorlandskap, lokalisering av helsestasjon for ungdom, vaksenopplæringa  for flyktningtenesta og helsestasjon for flyktningar.  Dei tillitsvalde meiner mellom anna at heimetenesta Nord må leggjast til Rong for å ivareta intensjonsavtalen.

Innstillinga går vidare til fellesnemnda

PSU slutta seg til innstillinga frå prosjektrådmannen. Det innebér at det skal etablerast innbyggjartorg på Rong, Skogsskiftet og Straume.  Innbyggjartorga skal lokaliserast saman med bibliotektenesta i eigna lokale. Tenester som har karakter av publikumskontakt, skal vera tilgjengelege i innbyggjartorga.

Frå møtet i PSU i dag.

Eigde bygningsmassane skal takast i bruk i Nye Øygarden kommune. For å oppnå samhandlings-, effektivitets- og kostnadsgevinstar vert det lagt opp til samlokalisering av større fagmiljø og at oppgåver som naturleg høyrer saman, bør samlast i eín bygning/stad.

I innstillinga til fellesnemnda heiter det vidare at funksjonar og tenester som naturleg ligg til rolla som kommunesenter, skal plasserast på Straume. Det same gjeld politisk leiing og øvste administrative leiing.

Som hovudprinsipp går det fram at tenester som er organiserte, drifta og tilbydd brukarane i soner i den nye kommunen, skal nytta kommunedelsentera i Skogsskiftet (sone sør) og Rong (sone nord) som base/administrasjonssenter. Det er lagt til grunn at Straume vert eigen sone.

PSU behandla også val av leverandør av forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune. Denne saka vart drøfta for lukka dører og vert sluttbehandla i fellesnemnda onsdag 9. oktober.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument til møtet i fellesnemnda på onsdag.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Tek stilling til prinsipp for lokalisering

Partssamansett utval (PSU) og fellesnemnda skal i neste veke behandla saka om lokalisering av administrasjon og tenester i den nye kommunen. Det vert mellom anna føreslått å etablera innbyggjartorg på Rong, Skogsskiftet og Straume. 

PSU behandlar saka måndag den 7. oktober,  medan fellesnemnda gjer vedtak på møtet den 9. oktober.

Prosjektrådmannen føreslår at som hovudprinsipp at tenester som er organiserte, drifta og tilbydd brukarane i soner i den nye kommunen, skal nytta kommunedelsentera i Skogsskiftet (sone sør) og Rong (sone nord). Det er lagt til grunn at Straume vert eigen sone.

I saksutgreiinga går det fram at dei eigde bygningsmassane skal takast i bruk i Nye Øygarden kommune. Prosjektrådmannen meiner det er viktig å leggja til rette for større og samlokaliserte fagmiljø. Likevel er det klart at ikkje alle fagmiljø og tenester skal plasserast på  Straume. I forslaget til vedtak heiter det at funksjonar og tenester som naturleg ligg til rolla som kommunesenter, skal plasserast på Straume. Det same gjeld politisk leiing og øvste administrative leiing.

Prosjektrådmannen ser dette saksframlegget som det første steget fram mot endeleg lokaliseringsvedtak den 30. oktober.

Val av leverandør for forsikra pensjonsløysing

Den 16. september slutta fellesnemnda seg til revidert tidsplan for anbodsprosess på forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune. Saka er no klar til behandling på møtet på måndag. Saka er unnateke offentlegheit.

Andre saker i fellesnemnda den 9. oktober

  • Øygarden Bustadutvikling KF, innspel frå interimstyret til endring av vedtektene
  • Forslag til endring av programkomité til styringsgruppe for opningsarrangementet Øygarden 2020
  • Folkevaldopplæring – framlegg til program for nytt kommunestyre
  • Lovlegkontroll av vedtak – fellesnemnda 16.09.2019, sak 47/19 Revidert anbodsprosess for forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune

Møtet i PSU vert halde på Skjenet 2 klokka 09.00 den 7. oktober, medan fellesnemnda vert gjennomført i kultursalen i Fjell rådhus klokka 09.00 den 9. oktober.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument til PSU, og her er dokumenta til fellesnemnda.

Møtet i fellesnemnda vert overført på nett-TV.

Tekst: Vigleik Brekke

Første samling for einingsleiarane i Oppvekst

På onsdag var einingsleiarane i Oppvekst i Nye Øygarden kommune samla for første gong. Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane opplevde dette som ei god samling.

Frå samlinga på Knappskog skule.

Også mange hovudtillitsvalde og dei assisterande kommunalsjefane, Jon Erik Egeland og Anna Nesje Nes, var til stades på samlinga på Knappskog skule.

Kommunalsjef Vabø Haugane seier at det vart tid til å verta meir kjende med kvarandre.

– Dette er vesentleg for kvaliteten i samarbeidet framover. Vi fekk avklart ein del knytt til kva vi alt no veit om oppvekst i den nye kommunen og kva hovudprosjektgruppa til Oppvekst har meldt inn som ønske når det gjeld lokalisering. Stemninga var god og open. Vi kunne heldigvis kjenna på starten av vi-kjensla og profesjonsarbeidet vi veit vil gje god kvalitet i tenestene, seier ho.

Anne-Merete Vabø Haugane seier at eit oppvekstshus kan hjelpa oss til å få til eit samarbeid og meir skreddarsaum i tenestene. Det må til om brukarrøysta skal verta teken på alvor.

– Vi vil også ta med innbyggjarane i det å laga løysingar som passar dei. Eit oppveksthus krev også at vi har gode og systematiske samarbeid desentralisert i ulike einingar og i innbyggjartorg, seier kommunalsjefen.

Her er fleire bilete frå samlinga: