Category Archives: Sund

Skriv under intensjonsavtale på måndag

Fredag ettermiddag kl. 13.25 kunne felles forhandlingsutval (FFU) for ny kommune i region vest sleppa applausen laus i eit møtelokale i KL-huset i København.

Forhandlingsutvalet applaurderer at intensjonsavtalen er klar til underskriving.
Forhandlingsutvalet applaurderer at intensjonsavtalen er klar til underskriving.

I samband med samlinga i Danmark, la forhandlingsutvalet siste hand på utkastet til intensjonsavtale som skal danna grunnlag for å etablera ein ny kommune. FFU er samansett av 13 politikarar frå Fjell, Sund og Øygarden. Utvalet har hatt fem samlingar sidan 4. februar, og på fredag samla utvalet seg om ein intensjonsavtale som no er klar for underskriving.

Det skal utarbeidast eit felles saksframlegg, vedlagt intensjonsavtalen, som skal leggjast fram for kommunestyra 20. juni 2016, der dei skal ta stilling til eventuell kommunesamanslåing.

Pressekonferanse og underskriving av intensjonsavtale

Måndag den 7. mars er det kalla inn til pressekonferanse der intensjonsavtalen vert underskriven av medlemene i felles forhandlingsutval.

På samlinga i Danmark besøkte FFU Roskilde kommune der det vart gjeve informasjon om erfaringane med samanslåing av tre kommunar i randsona til København. På fredag var fellesutvalet på plass i KL-huset der KL (interesse- og medlemsorganisasjon for kommunane i Danmark) delte erfaringane med den gjennomførte kommunereforma i nabolandet vårt i sør.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Føreslår Øygarden som namn på ny kommune

Med ni mot fire røyster går felles forhandlingsutval (FFU) inn for å kalla ein eventuell ny kommune i regionen vår for Øygarden.

Det var dei tre ordførarane Kari-Anne Landro (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Børge Haugetun (Øygarden) som styrte møtet mot slutten av dagen då forhandlingsutvalet skulle innstilla på namn på ein eventuell ny kommune.
Det var dei tre ordførarane Kari-Anne Landro (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Børge Haugetun (Øygarden) som styrte møtet mot slutten av dagen då forhandlingsutvalet skulle innstilla på namn på ein eventuell ny kommune.

FFU er samansett av forhandlingsutval frå kvar kommune og var samla til det fjerde forhandlingsmøtet på onsdag (Sund). Mindretalet, to medlemer frå forhandlingsutvalet i Fjell og to medlemer frå forhandlingsutvalet i Sund, gjekk inn for å venta med å ta stilling til namn til innbyggjarane har fått seia si meining i ei innbyggjarundersøking i april. Continue reading

Møte i felles forhandlingsutval 24. februar

Møte banner

Det vert kalla inn til det tredje møtet i felles forhandlingsutval (FFU) for kommunestruktur onsdag den 24. februar.

Møtet vert halde på Panorama konferansehotell i Sund og tek til klokka 09.00. Møtet er planlagt avslutta klokka 15.00.

På møtet arbeider FFU vidare med utkastet til eventuell intensjonsavtale mellom kommunane Fjell, Sund og Øygarden.

Referat frå møtet den 11. februar 2016

Semje om prinsipp for eigedomsskatt

På det tredje møtet i felles forhandlingsutval (FFU) var det semje om at det bør vera eigedomsskatt på verk og bruk dersom det vert bygd ein ny kommune samansett av noverande Fjell, Sund og Øygarden.

Frå forhandlingsmøtet på torsdag i Sotra Arena.
Frå forhandlingsmøtet på torsdag i Sotra Arena.

FFU er samansett av forhandlingsutval frå kvar kommune og var samla til møte i går. Fram mot 3. mars vert det gjennomført fem forhandlingsmøte med sikte på å leggja fram eit utkast til intensjonsavtale for underteikning. Ein eventuell intensjonsavtale vert endeleg behandla i alle dei tre kommunestyra før 1. juli.

I dag har Fjell kommune eigedomsskatt på verk, bruk og næring. Sund kommune har eigedomsskatt på hus og hytte, medan Øygarden kommune krev inn eigedomsskatt på verk og bruk.

Felles forhandlingsutval legg til grunn at investeringsprosjekt i dei tre kommunane vert fullførte slik det er vedtak og planar om. Det er også føreslått å oppretta eit infrastrukturfond.

Continue reading

Forhandlingane er i gang

Torsdag og fredag denne veka var 13 politikarar og eit rådmannssekretariat på tre personar samla på Panorama konferansehotell i Sund til det første forhandlingsmøtet om ny kommunestruktur.

Felles forhandlingsutval. Frå venstre; May Elin Limevåg (Sund), Svein Bergh (Fjell), Anita Garlid Johannessen (Fjell), Atle Dåvøy (Øygarden), Børge Haugetun (Øygarden), Tom Georg indrevik (Fjell), Espen Harkestad (Øygarden), Nils Kåre Skoge (Sund), Jogeir Sognnæs (Sund), Kari-Anne Landro (Sund), Andreas Kallekleiv (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Silvia Haugland (Øygarden).
Felles forhandlingsutval. Frå venstre; May Elin Limevåg (Sund), Svein Bergh (Fjell), Anita Garlid Johannessen (Fjell), Atle Dåvøy (Øygarden), Børge Haugetun (Øygarden), Tom Georg indrevik (Fjell), Espen Harkestad (Øygarden), Nils Kåre Skoge (Sund), Jogeir Sognnæs (Sund), Kari-Anne Landro (Sund), Andreas Kallekleiv (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Silvia Haugland (Øygarden).

Kommunane Sund, Øygarden og Fjell har som mål å utarbeida framlegg til ein intensjonsavtale før påske. Det første forhandlingsmøtet har gått over to dagar. Vidare er det sett opp eit tett program med møte eín dag i veka framover til 3. mars.

Det var ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, som ønskte velkomen og leia møtet på torsdag. Frå og med fredag har dei tre forhandlingsutvala leigd inn Trond Wincentsen frå konsulentselskapet Sonat til å vera prosessleiar i forhandlingane. Continue reading

Forhandlingsmøte kommunestruktur

Møte banner

Dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden samlast til felles møte mellom forhandlingsutvala i dei respektive kommunane

Torsdag 4. februar frå kl. 12.00 og fredag 5. februar til kl. 13.00
Stad: Panorama konferansehotell i Sund kommune

Tema for møtet

  • starta forhandlingar med mål om å få på plass ein intensjonsavtale som kommunane skal ta stilling innan juni 2016.

Vidare møteplan for felles forhandlingsutval i Fjell, Sund og Øygarden er slik:

  • 11. februar kl 0900 – 1500 Øygarden vertskap ( Øygarden rådhus)
  • 18. februar kl 0900 – 1500 Fjell vertskap ( Fjell rådhus)
  • 24. februar kl 0900 – 1500 Sund vertskap ( Sund kommunehus)
  • 03. mars kl 0900 – 1500 Øygarden vertskap ( Øygarden rådhus)

Informasjon om vidare arbeid vil verta lagt ut på kommunane sine heimesider.

Her kan du lesa rapport utarbeidd av Telemarksforskning. (PDF)