Category Archives: Øygarden

Listeforslag

Alle parti og grupper som ønskjer å stille til val, må levere listeforslag til valstyret i kommunen eller fylkeskommunen dei ønskjer å stille til val i. Frist for å levere listeforslag er måndag 1. april 2019, kl 12.00.

For parti og grupper

For parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om forenkla behandling, jf. valgloven § 6-3, må det samlast inn 300 underskrifter på listeforslaget frå personar med stemmerett i det valdistriktet lista skal stille.

Underskriftene er underlagt teieplikt og skal ikkje offentliggjerast, jf. valgforskriften § 13, valgloven § 15-4 og forvaltningsloven § 13 første ledd nr. 1.

Skjema og rettleiing for innlevering av listeforslag

Ved innlevering av listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet, er det ein fordel om forslagsstillarane bruker dei anbefalte skjemo og rettleiinga som det er lenka til nedanfor. Dette vil lette arbeidet for valmedarbeidarane ved behandling av listeforslaga.

I pdf-filene er det muleg å fylle inn data i alle dei blå felta før listeforslaget vert skrive ut. Dei blå felta vil skrivast ut som kvite – dei er berre der for å vise kor du kan fylle inn data.

Valadministrasjonen har hatt møte med partia som har meldt at dei kjem til å levera lister 06.02.19. Informasjon frå møtet med fristar for innlevering.

Lenker til dokumentmalar, rettleiingar og ytterlegare informasjon om listeforslag

Vedlegg til listeforslag

Saman med listeforslaget skal også følgjande vedlegg til listeforslag innleverast, jf. valgloven § 6-4

Tilbakekalling av listeforslag

Frist for forslagsstillarane til å kalle tilbake listeforslag, er seinast 20. april kl. 12, jf. valgloven § 6-5.

I 2019 er 20. april ein laurdag og påfølgande måndag er 2. påskedag. Som regulert i valglovens § 15-5 begynner fristen da å løpe næraste kvardag. Fristen for tilbakekalling av listeforslag i 2019 er difor tysdag 23. april.

Her leverer du listeforslaget

Listeforslag til kommunestyrevalet med originale underskrifter skal sendast eller leverast til valstyret i «Nye Øygarden kommune».

Listeforslag som vert sendt i posten

Valsekretariatet i (nye) Øygarden kommune, postboks 184, 5342 Straume

Listeforslag som vert levert i kontortid (kl. 08:00-15:30)

Fjell rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Dersom seint ute – kan listeforslaget sendast på epost: postmottak@fjell.kommune.no, men då må dei originale listeforslaga sendast i posten same dag.

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt med oss i valadministrasjonen for å få rettleiing i korleis listeforslaga skal fyllast ut.

Kontaktpersonar:

Unni Rygg, ansvarleg for behandling av listeframlegga
55 09 71 55
Unni.rygg@fjell.kommune.no

Grethe Bergsvik, valansvarleg
55 09 70 41

Beate Hetlevik, medvalansvarlig
56 38 54 03

StimuLab workshop – frå innsikt til eksperiment

Omlag 25 tilsette frå Sund, Fjell og Øygarden var samla i kultursalen mandag 4. mars for å delta på workshop i StimuLab-prosjektet. Tema for workshopen var «frå innsikt til eksperiment».

Workshop i kultursalen Fjell kommune
Workshop i kultursalen Fjell kommune

Saman med tenestedesignarane hadde prosjektgruppa i løpet av veke 8 gjennomført 11 intervju med brukarar og deira pårørande. Brukarane vart spurt om deira erfaring med å møta kommunen, og tilbakemeldingane frå desse intervjua gir eit verdifullt grunnlag for det vidare arbeidet med prosjektet. Innsikt som vart samla inn gjennom desse intervjua vart presentert på workshopen. Deltakarane på workshopen jobba mykje ein og ein, og vart utfordra med stadig nye oppgåver. Denne måten å jobba på vart i etterkant skildra som «krevande, men på ein god måte». Dei individuelle oppgåvene førebudde deltakarane på den siste og viktigaste oppgåva, som skulle gjennomførast gruppevis. Alle gruppene fekk i oppgåve å skissera eit eksperiment som handla om samordning av tenester. Etter workshopen sit prosjektet igjen med sju forslag til eksperiment. Prosjektgruppa vil jobba vidare saman med tenestedesignarane med å velgja ut fem av desse eksperimenta som skal prøvast ut i organisasjonen.

StimuLab-prosjektet skal jobba med korleis ein skal samordna tenester for utsette barn og unge og deira pårørande i Nye Øygarden kommune, og varer ut 2019. Prosjektet nyttar tenestedesign som metode, der ein set brukaren i sentrum og ser på tenestetilbodet med utgangspunkt i brukaren sitt perspektiv. StimuLab er ei stimuleringsordning for innovasjon i offentleg sektor, administrert av Difi og DOGA.

Tekst og foto: Kristina Espeseth, prosjektleiar for StimuLab-prosjektet.

Første workshop med tenestedesignarar i StimuLab-prosjektet

Tysdag 8. januar 2019 var om lag 20 deltakar frå Sund, Fjell og Øygarden samla til første workshop i StimuLab-prosjektet. Rådmenn, ordførarar og tenesteleiarar frå dei tre kommunane jobba seg fram til felles ambisjonar for prosjektet saman med prosjektgruppa.

Deltakarane jobba også med å identifisera suksesskriterier og risikofaktorar i løpet av workshopen, som vart leia av to tenestedesignarar. Tenestedesignarane skal jobba med StimuLab-prosjektet gjennom heile 2019, og det vil bli arrangert fleire workshopar i løpet av våren.

StimuLab-prosjektet skal jobba med korleis ein skal samordna tenester for utsette barn og unge og deira pårørande i Nye Øygarden kommune. StimuLab er ei stimuleringsordning for innovasjon i offentleg sektor, og prosjektet som no vert sett i gang i Sund, Fjell og Øygarden har fått midlar på 1,2 millionar kroner til innkjøp av kompetanse på tenestedesign. Ordninga er administrert av Difi og DOGA, og er finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Tenestedesign er eit verktøy for innovasjon, der ein set brukaren i sentrum og ser på tenestetilbodet med utgangspunkt i brukaren sitt perspektiv. I løpet av prosjektperioden som går ut 2019 skal ein testa ut ulike løysingar for korleis ein kan samordna tenestene til utsette barn og unge og deira pårørande på best mogleg måte i Nye Øygarden kommune.

Tekst og foto: Kristina Espeseth, prosjektleiar StimuLab-prosjektet

Workshop for Nye Øygarden kommune – delprosjekt barnehage

Tysdag 08.01.19 var det workshop for Nye Øygarden – delprosjekt Barnehage. 86 deltakarar frå dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden var samla i kultursalen for å drøfte framtidige satsingsområde for barnehage, organisering av barnehagesektoren, «beste praksis» og tverrfagleg samarbeid i Nye Øygarden kommune.

Delprosjekt barnehage er del av hovudprosjektet Oppvekst. Leiar for delprosjekt Barnehage, Margun Landro (barnehagesjef i Fjell) innleia med å presentere mandat og overordna føringar frå den politiske intensjonsavtalen, samt viste utdrag av kartleggingsarbeidet som gruppa i delprosjekt barnehage hadde utarbeida. Denne gruppa består av representantar frå barnehageområdet på ulike nivå i alle dei tre kommunane.

Oppsummeringa frå dagen viser at barnehagane  i dei 3 kommunane ønskjer å vera ein samla sektor inn i ny storkommune. Sektoren vil då innehalde 17 kommunale og 21 private barnehagar, ca 2300 barnehagebarn, vel 400 tilsette i kommunal sektor og vel 300 tilsette i privat del av sektoren.

Dagen var prega av gruppearbeid på tvers av kommunane, gode drøftingar, god stemning og stort engasjement. Det er tydeleg at barnehagefolket brenn for gode barnehagar til beste for innbyggjarane i Nye Øygarden kommune!

Tekst: Margun Landro, prosjektleiar delprosjekt barnehage

Workshop for Nye Øygarden delprosjekt Skule

Måndag 07.01.19 var det workshop for Nye Øygarden delprosjekt Skule. 100 deltakarar frå dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden var samla i kultursalen for å drøfte framtidige satsingsområde for skule, organisering av skulesektoren, «beste praksis» og lokalisering av skuleadministrasjonen i nye Øygarden kommune.

Delprosjekt Skule er del av hovuddelprosjektet Oppvekst. Leiar for delprosjekt Skule, Rune Landro (kommunalsjef skule og barnehage Øygarden) leia workshopen og opna med å presentere mandat og overordna føringar, samt gav ei oppsummering av kartleggingsarbeidet som gruppa i delprosjekt skule hadde i forkant utarbeida. Denne gruppa består av representantar frå skuleområdet på ulike nivå i alle dei tre kommunane. I etterkant av workshopen vil gruppa for delprosjekt Skule bearbeide det som har kome ut av workshopen og formidle dette vidare til hovuddelprosjektet Oppvekst.

Workshopen har vore prega av god stemning, engasjement og gode drøftingar. Det blir spanande å følgje vegen vidare for skulen i Nye Øygarden kommune!

Tekst og bilete: Helge Andreas Pareli Notland, Prosjektstøtte Delprosjekt skule – Pedagogisk IKT-konsulent, skulesjefen Fjell kommune

Les informasjonshefte om Nye Øygarden kommune!

I sist veke fekk innbyggjarane i Sund, Fjell og Øygarden eit informasjonshefte frå Nye Øygarden i postkassen.

I dette heftet kan du lesa om arbeidet med å byggja den nye kommunen. Det er intervju med leiar av fellesnemnda, Børge Haugetun, og prosjektrådmann, Rune Lid, som tek over som rådmann i Nye Øygarden kommune 1. januar 2020. Det er presentasjon av Øygardsgenseren, prosjektorganiseringa, den politiske organiseringa og mykje anna.

Informasjonsheftet: Vi byggjer Nye Øygarden kommune

Dersom du ikkje har fått informasjonsheftet i postkassen,  kontakt oss slik at vi kan senda det til deg.

Her er kommunalsjefen for Organisasjon og digitalisering

Sissel Iren Nesse (50) er tilsett som kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering i Nye Øygarden kommune. Dermed er fire av kommunalsjefar for den nye kommunen avklart.

Sissel Iren Nesse er i dag einingsleiar for løns- og rekneskapssenteret i Bergen kommune. Ho tek til i den nye stillinga den 7. mars.

– Eg er oppvaksen på Sotra, og eg ønskjer å vera med på denne reisa. For meg er det eit ønske at eg kan vera med på å utvikla framtidsretta tenester der digitalisering og fornying er sentralt, seier Nesse.

Den nytilsette kommunalsjefen har tidlegare mellom anna vore regiondirektør i Accountor AS og seksjonssjef i Helse Bergen. Sissel Iren Nesse har master i leiing i offentleg sektor. Ho er autorisert rekneskapsførar og er diplomøkonom frå Handelshøyskolen BI, Bergen.

Ho har stor tru på framtida for Nye Øygarden kommune.

– Ved å stå samla i arbeidet med å byggja den nye kommunen, vert vi ein sterk region, seier Sissel Iren Nesse.

Prosjektrådmann Rune Lid er svært glad for at fire kommunalsjefar no er tilsette.

– Etter kvart vil desse som planlagt gå inn som leiarar av hovudprosjektgruppene. Det er også viktig at eg no får etablert eit leiarteam som skal byggja den nye kommunen. Det er mykje kompetanse og erfaring i dette leiarteamet, seier Lid.

Dei andre kandidatane som har takka ja til å vera kommunalsjef i Nye Øygarden kommune er Line Barmen (Helse og velferd), Anne-Merete Vabø Haugane (Oppvekst) og Råmund Skjold (Kultur og samfunn).

Stillinga som kommunalsjef for Økonomi er ikkje på plass og skal lysast ut eksternt.

Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Øygardsgenseren – Stem på din favoritt!

Ordførarane ønskjer at den nye storkommunen, Øygarden kommune, skal få sin eiga og nydesigna strikkejakke eller genser der mønster eller fargar/strikketeknikk skal symbolisera kystkommunane her vest.

Kommunane her vest har mykje til felles allereie før vi vert ein samanslått kommune. Alt frå felles tradisjonar og tidlegare kystkulturhistorie til nyare tider med olje, innovasjon, havbruk og fiske.

Ein ny strikkejakke eller genser kan symbolisera kulturarven vår – ny og gamal – og ta oss med inn i framtida.

Innsendte forslag

I strikkekonkurransen er det kome inn seks forslag:

Klikk på bilete for å sjå det i full storleik.

Informasjon om dei ulike alternativa:

  1. Mønster og fargar både symboliserer og vert assosiert med den felles identiteten i dei tre kommunane og tilhøyrsle som kystkommunar med maritime røter. Fortid, notid og framtid vert knytt saman. Gensaren har ein stram komposisjon med elementer av klassisk design og nyvinning.
  2. Inspirert av kystkulturen – stein, hav og fisk. Motivet på genseren er henta ut frå gamle kommunevåpen i tillegg til nytt. Dei gamle kommunevåpena er no historie, derfor er motiva bak på ryggen. Dei tre motiva framme viser at tre no er eitt.
  3. Fargar: Himmel, hav, berg, knausar og lyngheiar. Her er vrangbord laga i fletter: Vi treng å bli fletta saman som kommunar og einskildpersonar. Dei ulike mønstera skal bli sett som abstrakte. Tradisjon; henta frå tidlegare sotragenserar, sjølve landskapet, rikt pynta med dei nydelege fargane i lyngen. Bølger, skyer, knausar og berg. Bruene – mellom øyane her ute og bruer som må bli bygd mellom alle oss som bur her.
  4. Blåfargen symboliserer sjøen og himmelen. Gråfargen viser svaberga. Med raudfargen på nausta kjenner vi på det ramsalte kystlandskapet og kystkulturen. Fyrtårnet i vest – kommunevåpenet kan brukast som lomme og plasserast der ein ønskjer.
  5. Havet og dønningane, som rullar og glir i kvarandre. Dag etter dag, år etter år, generasjonar etter generasjonar. Dei dannar eit “evigheitsmønster”, og lusene i kofta er sett saman av tre prikkar som dannar ei eining. EHer er en prikk for kvar kommune som estetisk sett ser ut som eitt.
  6. Fargane er valde etter inspirasjon frå øygardsnaturen. Åtteblaroser går igjen i mange tekstilar i vårt  område. Borda med kors symboliserer den religiøse tanken.

Utstilling

Forslaga vert utstilte desse dagane på biblioteka i Sund, Fjell og Øygarden kommunar:

  • Fjell folkeboksamling 22. -29. oktober
  • Sund folkeboksamling 30. oktober – 5. november
  • Øygarden folkeboksamling 6. – 14. november

Stem på din favoritt!

Du kan stemma ved bibliotekene i kommunen, eller elektronisk her innan onsdag 14. november 2018.

Stem her

Vinnar vert kunngjort på julemessa til Sotra Husflidslag laurdag 17. november 2018.