Category Archives: Fjell

Lyser ut stillinga som rådmann for Nye Øygarden kommune

I dag vert stillinga som rådmann for Nye Øygarden kommune lyst ut. Den som vert tilsett, går i første omgang inn som prosjektleiar og vert permanent rådmann i den nye kommunen frå januar 2020.

I annonseteksten står det at det vert søkt etter ein tydeleg, drivande og samlande leiar som har evne til å byggja tillit og få til god samhandling med politisk leiing og tilsette/tillitsvalde i kommunen.

Søknadsfristen er 12. september.

Sjå stillingsannonse her.

Her finn du utlysinga med søknadsskjema.

Her oppsummerer Børge Haugetun møtet i fellesnemnda

Det handla mellom anna om politisk og administrativ organisering, eigarskapsmodellar og lokalisering av ny vidaregåande skule då fellesnemnda for Nye Øygarden kommune på måndag hadde sitt siste møte dette halvåret.

– Det var eit langt møte med tunge saker. Debatten var god sjølv om vi ikkje var samstemt i alle sakene, seier leiar av fellesnemnda, Børge Haugetun.

Her er opptak frå heile møtet i fellesnemnda.

Video/redigering: Jøran Ingvaldsen

Samordning av adressesystem i Nye Øygarden kommune – endring av adressenamn

I samband med samanslåing av Sund-, Fjell- og Øygarden kommunar må adressesystemet samordnast for å få eit eintydig adressesystem i Nye Øygarden kommune. På bakgrunn av dette føreslår prosjektrådmannen at totalt 64 adressenamn vert endra. Saka er behandla i fellesnemnda 18. juni 2018.

Lovverket er tydeleg når det gjeld tildeling av adresser. Her står det klart at adressesystema skal samordnast ved samanslåing, og at adressenamn skal være eintydig i kommunen.

Eit eintydig adressesystem er ein viktig føresetnad for at ei rekkje av tenestene som kommunen og andre aktørar skal yte vert leverte på ein tilfredstillande måte. Det viktigaste er at naudetatane/utrykkingskøyretøy skal finne raskt fram. Verdifulle minutt og i verste fall kan liv gå tapt dersom det er tvil om ei adresse.

Arbeidet med å endre adressenamn er omfattande og krevjande, og det kan vere vanskeleg å ta stilling til kva for adressenamn som bør endrast og kva som skal bestå. Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune har i dette arbeidet vektlagt fylgjande kriterium:

  • Prioritere vegar/adresseparsellar med mange adresseeiningar, slik at færrast mogleg må endre adresse.
  • Prioritering av adressenamn med tilknyting til gamle gardsnamn og/eller stadnamn, og veletablerte namn som mange har sterk/lang tilknyting til.
  • Prioritering av namn som vert ofte brukt av mange, t.d. adressenamn knytt til stader med næringsverksemd og/eller offentleg verksemd.
  • Prioritering av adressenamn som høyrer saman (nordre, søre osv.)
  • Prioritere å slette små/korte vegparsellar med eige adressenamn som enkelt kan endrast/ omadresserast til tilstøytande veg.

Første steg i arbeidet med å samordne adressesystema er å vedta kva adressenamn som skal endrast. Etter vedtak i fellesnemda vil det bli starta prosess med å tildele nye adressenamn på vegane som må endre namn. I dette arbeidet ønskjer kommunen innspel/forslag frå aktuelle lag, organisasjonar og grunneigarar i adresseringsområdet, til nye adressenamn. Eige brev med informasjon vert sendt til huseigarar i dei aktuelle vegane.

Når nye namn er vedtekne vert dei førte i matrikkelen og distribuert vidare til folkeregisteret, bankar, forsikringsselskap og andre store adressebrukarar. Du må sjølv informere andre som treng å kjenne til adressa di, og huseigarar har plikt til å informere eventuelle leigetakarar.

Adressenamn- og tilvisingsskilt vert sett opp samstundes med at adressenamnet formelt vert endra, og de vil få utlevert nytt husnummerskilt (standard type) dersom også husnummeret må endrast.

Kontaktinformasjon

Vis til kva sak det gjeld ved kontakt med kommunen; opplys om vegnamn/vegkode og gnr/bnr.

Fjell kommune

Telefon 55 09 60 00, e-post: postmottak@fjell.kommune.no
Postadresse: Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume

Sund kommune

Telefon 56 32 75 00, e-post: postmottak@sund.kommune.no
Postadresse: Sund kommune, Postboks 23, 5371 Skogsvåg

Øygarden kommune

Telefon 56 38 20 00, e-post: postmottak@oygarden.kommune.no
Postadresse: Øygarden kommune , Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Adressenamna som skal endrast

I samband med samordning av adressesystemet i Nye Øygarden kommune er det vedteke, i sak 47/18, at desse adressenamna skal endrast:

Fjell kommune

Adressenamn Stad
Austrevegen Vindenes/Barneshaugen
Bergtun Søre Ekrhovda
Dalen Turøyna
Dalavegen Algrøyna
Fagrebakken Snekkevika
Fagredalvegen Skålvika
Garen Turøyna
Hagardsvegen Ågotnes
Haugarvegen Algrøyna
Haugen Straume
Hellemyrvegen Bjorøyna
Kvednaviksvegen Misje
Linhaugen Lokøyna
Lynghaugen Brattholmen
Myro Turøyna
Rognevegen Straume
Sanden Landro
Sletto Li
Storsteinsvegen Fjell
Varden Misje
Vestrevegen Vindenes/Barneshaugen

Sund kommune

Adressenamn Stad
Bergvegen Hammarsland
Brøta Hammarsland
Gjerde Øvretveit
Gjerdevegen Vorland
Haugaseto Kårevika
Krekebærvarden Glesnes
Kvednavegen Vorland
Kverndalen Lerøyna
Liavegen Sund prestegard
Myravegen Kausland
Neset Skoge
Nordavika Sund prestegard
Porsvegen Forland
Porsneset Forland
Rindane Kleppe
Sjøvegen Eide
Storhaugen Skaga
Stølen Sund prestegard
Vardevegen Kausland
Vågsbotn Forland

Øygarden kommune

Adressenamn Stad
Berget Blomvåg (Måken)
Gjerdet Nordre Sæle
Haugevegen Hernar
Ingjervegen Vik
Knappen Hellesøy
Kvernneset Torsvik
Kyrkjevegen Blomvåg
Murane Hernar
Nesvegen Nautnes
Nesevegen Torsvik
Nygardsvegen Rong
Rinden Breivik
Sjøvegen Vik
Skaret Hernar
Storevarden Rong
Storhøyen Hellesøy
Sælevegen Nordre Sæle
Sæløyvegen Sæløy
Tjødnarvegen Rong
Torvvikvegen Torsvik
Varden Oen
Vågevegen Torsvik
Sørheimsvegen Alvheim

Kommunestyra skal gje uttale til politisk styringsstruktur

På møtet i fellesnemnda i dag vart det vedteke å leggja sluttrapport for politisk styringsstruktur ut på høyring til kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden. Det må setjast ein frist som gjer det mogleg å rekkja tilbake med sak til fellesnemnda den 18. juni.

Frå møtet i fellesnemnda i dag.

I vedtaket heiter det også at før saka vert sendt ut på høyring, må det leggjast ved ei oversikt over fordelar og ulemper ved fire utval, tre eller to utval.

Elles legg fellesnemnda til grunn ein politisk organisasjonsmodell med formannskap, to hovudutval og kontrollutval. Fire medlemer røsta for å leggja tre hovudutval til grunn for den politiske organiseringa. Fellesnemnda vil ta endeleg stilling til saka når ho har vore på høyring

I intensjonsavtalen, vedteken i juni 2017,  er det lagt til grunn at det skal vera fire hovudutval, medan utval for politisk styringsstruktur no føreslår at den nye kommunen skal ha to hovudutval. På bakgrunn av dette føreslo leiar i fellesnemnda, Kari-Anne Landro, at saka må på høyring til kommunestyret fordi innstillinga frå utvalet er ei endring i forhold til vedtaket/mandatet frå kommunestyra.

Forslag til eigarstruktur

Etter ein lengre debatt, vedtok fellesnemnda å leggja sluttrapport for utval for eigarskapsmodellar til grunn for organisering av eigarskap i Nye Øygarden kommune. Etter fellesnemnda si første behandling vert rapporten sendt ut på høyring til dei som er nemnd i saksutgreiinga og i tillegg dei tre kommunestyra. Høyringsfristen vert sett til 23. mai, og fellesnemnda sluttbehandlar saka og rapporten i møtet den 18. juni.

Det vart vidare vedteke å be prosjektrådmannen å leggja fram eit forslag til prioritering av kva kva tenesteområde ein må starta prosessen først med, også knytt til juridiske vurderingar, og at dei enkelte kommunestyra eventuelt må gjera eigne vedtak om oppløysing eller liknande.

I tillegg vart det lagt til ein protokolltilførsel frå Marianne Sandahl Bjorøy på vegner av representantane frå Arbeiderpartiet som gjeld deira synspunkt på nokre enkelte punkt knytt til organisering av tenestene/områda som er omtalt i rapporten.

I sluttrapporten frå utvalet er det føreslått at ØyVAR AS vert eit nytt selskap for å samla alle VAR-tenestene (VAR: vatn, avlaup og renovasjon). Dersom BIR AS skal utføra renovasjonsløysingar, vert det det etablert eit selskap med namnet ØyVA AS (utan renovasjon. I rapporten er det vidare føreslått å etablera Øygarden næringseigedom AS. Dette selskapet skal arbeida med aktiv utvikling av næringseigedomar for å fremja strategiske og økonomiske mål på vegner av kommunen.

Forvaltning og drift av eigne bygg og anlegg føreslår utvalet å samla i eit eige føretak med namnet Øygarden eigedomsforvaltning KF. Det er også føreslått å etablera eit næringsutviklingsselskap med namnet Øygarden næring- og utvikling AS. Brann- og redningstenesta er føreslått teke inn i eit nytt kommunalt føretak, alternativt i kommunal etat saman med andre tenester.

Lokaldemokrati og identitet

Også i saka om lokaldemokrati og identitet – rammebudsjett for tiltak og
arrangement var det mange som tok ordet. Arbeidsgruppa for lokaldemokrati har lagt fram tiltakspakke og milepelsplan for fellesnemnda saman med budsjett som peikar tilbake på dei enkelte tiltaka.  Budsjettet har ei samla ramme på 1,5 millionar kroner for 2018 og 2019. Saka vart lagt fram utan innstilling.

Fellesnemnda vedtok å slutta seg til prosjekt og aktivitetar slik det er skissert i saka med nokre korrigeringar og føringar. Dette gjeld at kyrkja må involverast, bygdevandring som tillegg til Kystpass, Fjell festning light festival og andre samlande eksisterande arrangement må vurderast.

Fellesnemnda slutta seg til rammebudsjettet slik det er skissert for 2018, unntatt den posten som gjeld marknadsføring, kommunikasjon og profilering (inklusive bruk av logo). Prosjektrådmann kjem tilbake til denne posten i junimøtet. Budsjettet for 2019 må sjåast i samanheng med heile budsjettprosessen for fellesnemnda for 2019. Ein ber spesielt om at løyvingar til MOT-festival vert avklart snarast sett opp mot løyvingar som er gitt i kvar enkelt kommune.

Fellesnemnda ber om at det i august 2018 vert presentert ny status for prosjektet.

Overtar av ansvaret for tannhelsetenesta?

Fellesnemnda er positiv til å delta i Helse- og omsorgsdepartementet si prøveordning der kommunen overtek ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta i dei tre kommunane. Ei eventuell overtaking av dette ansvaret vil i tilfelle ha verknad frå januar 2020. Fjell kommune har allereie inngått ein intensjonsavtale med Hordaland fylkeskommune om leige av areal i lokalmedisinsk senter på Straume. Saka vert vidaresendt til dei kommunestyra til orientering.

Rune Lid vert prosjektrådmann

Fellesnemnda vedtok at Rune Lid vert prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune fram til utgangen av 2018. Det er leiargruppa, samansett av dei tre ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden, som i samråd med rådmennene har utarbeidd ei mellombels løysing for prosjektstyringa av Nye Øygarden kommune.

Etter at prosjektleiar Paul J. Manger slutta i stillinga som prosjektleiinga like før påske, har leiargruppa arbeidd med korleis prosjektorganisasjonen skal styrast heretter.

Vedtaket på møtet på måndag inneber at rådmennene i dei tre kommunane skal ha ei særskilt rolle i styringa av prosjektet fram til utgangen av 2018. Rune Lid er spurt og har sagt seg villig til å vera prosjektrådmann ut dette året inntil ny rådmann for den nye kommunen er tilsett. Rune Lid får tilbod om stillinga tilsvarande assisterande rådmann frå og med 1. januar 2020.

Prosjektrådmann Rune Lid

Prosess for ny rådmann

Fellesnemnda vedtok at det vert sett i gang ein intern tilsetjingsprosess med delkjøp av ekstern konsulenthjelp for rådgjeving i arbeidet med å tilsetja rådmann for Nye Øygarden kommune. Dei tre ordførarane får fullmakt til å gjennomføra prosessen med tilsetjing av rådmann. Det vert etablert eit tilsetjingsutval samansett av sju personar. Arbeidsgjevarsida er samansett av dei tre ordførarane i tillegg til Odd Bjarne Skogestad. Utvalet er vidare sett saman av tre tillitsvalde, eín frå kvar kommune, valde av og blant dei tilsette.

I saksutgreiinga går det fram at utlysingstekst må vera ferdig i løpet av juni månad slik at utlysinga kan annonserast like etter sommarferien (august).  Det vert teke sikte på å tilsetja ny rådmann innan 1. oktober slik at den nye rådmannen kan vera på plass frå 1. januar 2019.
Fellesnemnda får tilbake ei drøftingssak i junimøtet som skildrar val av rådgjevande ressurs, korleis ein skal nytta administrativ ressurs, stillingsprofil, prinsipp for kompensasjon og vurdering knytt til fast stilling versus åremål.

Orientering

Etter saka om tilsetjing av rådmann, orienterte den nytilsette prosjektrådmannen Rune Lid om prosjektstrukturen der han og dei to andre rådmennene har definert ei styringsgruppe der rådmannsgruppa, delprosjektleiarar og tillitsvalde skal delta. Han har ambisjon om å leggja fram hovudstruktur for administrativ organisering i juni og håpar å ha på plass kommunalsjefar/kommunaldirektørar på seinsommaren/tidleg haust.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

Omstillingsavtale klar for sluttbehandling

Partssamansett utval (PSU) skal på møtet den 17. april ta endeleg stilling til framlegget til omstillingsavtale.


Den 22. mars behandla PSU framlegget til omstillingsavtale for første gong. På møtet vart det fremja fleire endringsforslag som vart vedtekne skulle innarbeidast i avtalen før endeleg godkjenning.

No ligg den omarbeidde omstillingsavtalen klar til sluttbehandling. Det er føreslått at PSU vedtek omstillingsavtalen. Avtalen gjeld frå avtalen er underskriven og ut omstillingsperioden. Avtalen gjeld då berre saker som har vore sak i omstillingsperioden fram til utgangen av 2019. I framlegget til vedtak heiter det vidare at Når Nye Øygarden kommune er etablert som eige rettssubjekt januar 2020, trer den nye kommunen inn i denne avtalen.

Omstillingsavtalen regulerer arbeidsgjevarpolitiske spørsmål og utfordringar i samanslåingsprosessen fram til nytt kommunestyre er konstituert i den nye kommunen.  Avtalen legg til grunn at kommunesamanslåinga inneber verksemdsoverdraging etter arbeidsmiljølova der alle dei tilsette vert overførte til Nye Øygarden kommune frå 1. januar 2020.

Alle tilsette i Sund, Fjell og Øygarden har rett på jobb i den nye kommunen og skal ikkje få reduksjon i løna si. Ein del medarbeidarar vil få nye oppgåver og arbeidsstad. Omstillingsavtalen regulerer prinsipp for plassering av leiarar og tilsette. Ved einingar som vidareført utan vesentlege endringar inn i ny kommune, vert noverande leiar i stillinga si i den nye kommunen.

Møtet i PSU vert halde på Skjenet 2 og tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke

Føreslår Rune Lid som prosjektrådmann

Rune Lid

 

Rådmann i Sund, Rune Lid, er føreslått som prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune fram til utgangen av 2018. Det er leiargruppa, samansett av dei tre ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden, som i samråd med rådmennene har utarbeidd ei mellombels løysing for prosjektstyringa av Nye Øygarden kommune. Fellesnemnda tek stilling til forslaget på møtet den 16. april.

Etter at prosjektleiar Paul J. Manger slutta i stillinga som prosjektleiinga like før påske, har leiargruppa arbeidd med korleis prosjektorganisasjonen skal styrast heretter. Dei tre ordførarane har fått vide fullmakter til å arbeida fram ei løysing.

I modellen fellesnemnda skal ta endeleg stilling til, skal rådmennene i dei tre kommunane ha ei særskilt rolle i styringa av prosjektet fram til utgangen av 2018. Rune Lid er spurt og har sagt seg villig til å vera prosjektrådmann ut dette året inntil ny rådmann for den nye kommunen er tilsett. Rune Lid har fått tilbod om stillinga som assisterande rådmann frå og med 1. januar 2020.

Prosess for ny rådmann

Administrasjonen for Nye Øygarden kommune føreslår at det vert sett i gang ein intern tilsetjingsprosess med delkjøp av ekstern konsulenthjelp for rådgjeving i arbeidet med å tilsetja rådmann for Nye Øygarden kommune. Fellesnemna er invitert til å godkjenna prosess og tidsplan for tilsetjinga. Det er føreslått at dei tre ordførarane får fullmakt til å gjennomføra prosessen med tilsetjing av rådmann. Det er vidare lagt opp til å etablera eit tilsetjingsutval samansett av sju personar. Arbeidsgjevarsida er samansett av dei tre ordførarane i tillegg til eitt medlem. Utvalet er vidare føreslått sett saman av tre tillitsvalde, eín frå kvar kommune, valde av og blant dei tilsette.

I saksutgreiinga går det fram at utlysingstekst må vera ferdig i løpet av juni månad slik at utlysinga kan annonserast like etter sommarferien (august).  Det vert teke sikte på å tilsetja ny rådmann innan 1. oktober slik at den nye rådmannet kan vera på plass frå 1. januar 2019.

Ny styringsstruktur

Eit utval, samansett av sju politikarar frå dei tre kommunane, går inn for ein politisk organisasjonsmodell i den nye kommunen med formannskap, to hovudutval og kontrollutval. Fellesnemnda skal på møtet den 16. april ta stilling til sluttrapporten frå utval for politisk styringsstruktur.

I intensjonsavtalen var det lagt opp til ein modell med fire hovudutval. I desember gav fellesnemnda utvalet fullmakt til å arbeida vidare med eit forslag der talet på hovudutval vert redusert frå fire til to. Det er føreslått at talet på medlemer i utvala skal vera 11. Mindretalet i utvalet på eín medlem ønskte ein modell med tre hovudutval.

Namna på dei to hovudutvala er hovudutval for miljø- og stadutvikling og hovudutval for tenester og levekår. Møtedag for kommunestyret er føreslått til torsdag, medan formannskapet held møta på tysdagar. Utvalet føreslår onsdag som møtedag for hovudutvala.

Forslag til eigarstruktur

Utval for eigarskapsstruktur føreslår at ØyVAR AS vert eit nytt selskap for å samla alle VAR-tenestene (VAR: vatn, avlaup og renovasjon). Dersom BIR AS skal utføra renovasjonsløysingar, vert det det etablert eit selskap med namnet ØyVAR AS (utan renovasjon.

Fellesnemnda skal ta stilling til om sluttrapporten for eigarskapsmodellar skal leggjast til grunn for organisering av eigarskap i Nye kommune. Dette gjeld også tilknyting til samarbeids- og interesseorganisasjonar og andre. Det er føreslått at rapporten vert sendt ut på høyring med høyringsfrist den 22. mai. Det vert teke sikte på at fellesnemnda behandlar rapporten i møtet den 18. juni.

I rapporten er det vidare føreslått å etablera Øygarden næringseigedom AS. Dette selskapet skal arbeida med aktiv utvikling av næringseigedomar for å fremja strategiske og økonomiske mål på vegner av kommunen.

Forvaltning og drift av eigne bygg og anlegg føreslår utvalet å samla i eit eige føretak med namnet Øygarden eigedomsforvaltning KF. Det er også føreslått å etablera eit næringsutviklingsselskap med namnet Øygarden næring- og utvikling AS. Brann- og redningstenesta er føreslått teke inn i eit nytt kommunalt føretak, alternativt i kommunal etat saman med andre tenester.

Lokaldemokrati og identitet

Arbeidsgruppa for lokaldemokrati legg fram tiltakspakke og milepælsplan for fellesnemnda saman med budsjett som peikar tilbake på dei enkelte tiltaka.  Budsjettet har ei samla ramme på 1,5 millionar kroner for 2018 og 2019.

Aktuelle tiltak er felles frivilligforum, 0-baromterundersøking, friluftsforum, idrettsforum, kulturforum, ungdomshøyring, kulturparaplyen Øygarden 2020 (profil), felles tilskotsordningar  Øygardskonferansen og MOT-festival. Øygardskonferansen er tenkt gjennomført i samarbeid med Vest Næringsråd. Saka vert lagt fram utan innstilling.

Overtar av ansvaret for tannhelsetenesta?

Ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden er positive til å delta i Helse- og omsorgsdepartementet si prøveordning der kommunen overtek ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta i dei tre kommunane. Ei eventuell overtaking av dette ansvaret vil i tilfelle ha verknad frå januar 2020. Fjell kommune har allereie inngått ein intensjonsavtale med Hordaland fylkeskommune om leige av areal i lokalmedisinsk senter på Straume. Det er innstilt på at Nye Øygarden er positiv til å delta i prøveordninga. Saka er føreslått vidaresendt til dei kommunestyra til orientering.

På bakgrunn av svar frå kommunane vil departementet seinare senda brev til kommunar som er interesserte i år delta.

Møtet i fellesnemnda vert halde på Skjenet 2 på Straume. Tidsramme for møtet er kl. 09.00 – 15.00. Møtet vert overført på kommune-TV.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Innspelssamling for frivillige lag og organisasjonar

Alle frivillige lag og organisasjonar vert invitert til Innspelssamling for kommunesamanslåing og Frivilligforum torsdag 22. mars kl. 18.00-20.30 i kulturhuset ved Fjell rådhus.

Stad: Kultursalen ved Fjell rådhus.
Kl. 18.00 – 20.30

Dørene opnar kl. 17.30

Agenda

  • Kulturinnslag
  • Presentasjon av Øygarden 2020
  • Innlegg om plastinnsamlingane våren 2018

Her kan du sjå invitasjonen.

Lag og organisasjonar kan og gje innspel gjennom denne lenka.

Velkomen!

Møtte leiarar i kommunale selskap

For to veker sidan møtte utval for eigarskapsmodellar for Nye Øygarden kommune representantar for kommunale selskap i dei tre kommunane i regionen.

Møtet med dei kommunale selskapa vart halde på Skjenet.

I kommunane er ein del tenester lagt til aksjeselskap, interkommunale selskap, kommunale føretak eller stifting. På møtet i fellesnemnda i januar vart det vedteke å be utvalet å gå i dialog med dagleg leiar/tilsette i selskapa i kommunane med tanke på å gje tidleg informasjon om arbeidet i utvalet.

Leiar i utvalet, Atle Dåvøy, presenterte status for arbeidet i utvalet. Utvalet skal koma med forslag og har ikkje mandat til å vedta selskapsformer for Nye Øygarden kommune. Fellesnemnda har mellom anna bedt utvalet å presentera ein eigarstruktur som har færrast mogleg einingar og som gjev best mogleg demokratisk styring. Etter planen skal utvalet presentera ein rapport for behandling i fellesnemnda i april i år.

På møtet med selskapa var det fleire deltakarar som hadde synspunkt på vidare involvering og spørsmål knytt til prosessen framover. Involvering og dialog kan sikrast ved at involverte selskap og deira fagtillitsvalde får høve til å koma med innspel til utvalet.

Atle Dåvøy presiserte på møtet at i tillegg til innspel og kommentarar til arbeidet, vil utvalet sjå til andre kommunar som kan visa til gode resultat knytt til organisering av eigarskap. Det vert lagt opp til å gje meir informasjon til dei kommunale selskapa etter at saka vert lagt fram for fellesnemnda.

Tekst: Jarle Kåre Oen
Foto: Vigleik Brekke

Kommunalministeren møtte Nye Øygarden kommune

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland møtte leiinga i Nye Øygarden kommune på Skjenet i dag. Statsråden opplever at kommunane i regionen arbeider godt saman om kommunereforma.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland. Til venstre; Silje Hjemdal.

– Mitt inntrykk er at det er stor vilje til samarbeid mellom kommunane og at det ligg til rette gode tenester for innbyggjarane i framtida, seier statsråden.

Ho er varsam med å gje konkrete råd til dei som arbeider med å byggja den nye kommunen.

– Eg skal vera varsam med å gje råd, men det er viktig at innbyggjarane kjenner ein identitet til Nye Øygarden kommune og opplever at dei høyrer til her, seier Monica Mæland. Ho minner også om at det er avgjerande at ungdomane vert engasjerte i arbeidet med å byggja den nye kommunen.

På møtet i dag fekk ho generell informasjon om arbeidet med å byggja den nye kommunen, IKT-arbeid og situasjonen for næringslivet. Ho tek også med seg tilbake ein del problemstillingar som vart tekne opp på møtet i dag.

– Det er stilt spørsmål om pensjon, stifting som selskapsform og økonomien for reformarbeidet som eg tek med meg tilbake, seier Monica Mæland.

Ønskte kunnskap om kommunereformarbeidet

Bakgrunnen for at statsråden ønskte å møta leiinga i dei tre kommunane som arbeider med å byggja den nye kommunen i regionen var å høyra om erfaringar, kva moglegheiter kommunane har sett i arbeidet med samanslåinga og kva utfordringar dei har møtt på. Ho ønskte også å få kunnskap om korleis lokalsamfunnet er prega av oljenedturen og kva tiltak som har fungert.

Ordførar Kari-Anne Landro, som også leiar fellesnemnda, gav informasjon om status for arbeidet med kommunereforma ved mellom anna å visa til korleis arbeidet er organisert. Dei statlege bidraga til dette arbeidet er eingongsstønad på 35,9 millionar som vert utbetalt før den nye kommunen er ein realitet og reformstøtta som vert utbetalt etter at kommunen er etablert i januar 2020. Landro stilte spørsmål om kva som er bakgrunnen for at reformstøtta vert utbetalt etter 2020. Monica Mæland viste til at det er døme på kommunereformprosessar som har stranda og at det dermed er klokt å venta med heile utbetalinga. Ho merka seg likevel denne problemstillinga og vil vurdera utbetalingstidspunktet i departementet.

IKT-leiar i Sund, Jørgen Kausland orienterte om regionale digitale samarbeid og status for IKT-samarbeidet i kommunane. Målet er å få på plass teknisk grunnmur i løpet av september 2018 og å utvikla og gjera grunnmuren klar for å ta imot tenester frå desember 2018.

Frå venstre: Tom Georg Indrevik, Monica Mæland, Kari-Anne Landro, Paul J. Manger,  Børge Haugetun, Henning Hauso, Elizabeth Toft Erichsen, Marianne Sandahl Bjorøy og Terje Handal.

Nøktern optimisme i næringslivet

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Henning Hauso, viste til tre hovudutfordringar for regionen. Det er å leggja til rette for næringsutvikling og å sikra innovasjon og samarbeid på tvers og lokalt. For det tredje må kompetansen utnyttast regionalt og nasjonalt. Både Hauso og andre rundt bordet gav uttrykk for at det no går betre for næringslivet etter oljenedturen, men at nokre av næringsaktørane gjerne «held litt igjen».

Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, presenterte olje- og gassklyngja i Øygarden og Hjeltefjorden som er eit område med sterk næringsklyngje. Det siste store tilskotet i Øygarden er planane om å plassera karbonfangstanlegg i naturgassparken. Dette prosjektet vert svært viktig for regionen om det vert realisert som planlagt.

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy orienterte om vedtaket i kommunestyret i Fjell i går om å kjøpa aksjar for 40 millionar kroner i Ågotnes Næringspark AS og at dette er eit strategisk grep med tanke på næringsutvikling og Ågotnes som framtid hamn for bergensområdet. Ho viste også til at Fjell kommune satsar sterkt på å tilby lærlingplassar.

I tillegg til dei tre ordførarane, Henning Hauso og Jørgen Kausland, var prosjektleiar Paul J. Manger og fungerande rådmann i Fjell, Terje Handal, på plass på møtet på Skjenet. Dei andre deltakarane var varaordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik, og politikarane Silje Hjemdal (fylkespolitikar for Frp) og kommunepolitikar Elizabeth Toft Erichsen (V) frå Sund.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga i dag:

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Samordnar gebyra for den nye kommunen

Fellesnemnda vedtok i dag å setja ned ei administrativ arbeidsgruppe som skal utarbeida et framlegg til nytt reglement og nye satsar for dei tekniske tenestene i den nye kommunen. Det vart også vedteke å setja ned ei politisk referansegruppe på seks medlemer, to frå kvar kommune.

Frå møtet i fellesnemnda 19. februar.

I framlegget til vedtak var det føreslått å setja ned ei administrativ arbeidsgruppe. I debatten i fellesnemnda vart det gjeve støtte til dette, men det kom også klart til uttrykk at dette var ei politisk sak og at det var nødvendig med politisk medverknad i arbeidet med å leggja fram forslag til nytt reglement for dei tekniske tenestene i den nye kommunen. Det vart difor samrøystes vedteke å setja ned ei politisk referansegruppe i tillegg til den administrative arbeidsgruppa. I dette arbeidet skal ein også avdekka forholdet til eksisterande sjølvkostfond.

I saksutgreiinga går det fram at når dei tre kommunane går saman til ein, krev det ei samordning slik at alle innbyggjarane i den nye kommunen får eit felles gebyrreglement med felles satsar. Det tekniske tenestene her er definert som areal- og reguleringsplanar, byggje- og delesaker, kart- og oppmålingssaker, miljø- landsbrukssaker og vatn, feiing, avlaup og renovasjon. Framlegget til nytt reglement skal ha gjeldande reglement- og takstsystem i dei tre kommunane som referanse, men gruppa står fritt til å koma med eit nytt forslag basert på alternative kriterium. Målet er at nytt reglement- og takstsystem vert vedteke hausten 2018.

Arbeider med å etablera felles NAV-kontor

Fellesnemnda gav prosjektleiar og rådmennene i dei tre kommunane oppgåve med å utarbeida eit mandat for arbeidet med å etablera eit felles NAV-kontor. Fylkesdirektør i NAV Hordaland har i brev bedd om at det så raskt som mogleg vert starta eit prosjekt med sikte på å slå saman dei tre NAV-kontora i regionen.

I utgreiinga viser prosjektleiar til intensjonsavtalen der det vert lagt vekt på prinsippa om nærtenester og publikumsretta tenester. Dette skal ein sjå i lys av funksjonar som bibliotek, publikumsretta del av NAV, servicekontor og tenestekontor.

I vedtaket heiter det at mandatet skal inkludera prosess, milepelar og tidsplan for eit framtidig NAV-kontor i Nye Øygarden kommune. I tillegg til innstillinga frå prosjektleiar vart det lagt til to nye punkt. Mandatet skal ha med eit punkt som inneheld kartlegging av ulike IKT-system som NAV i dag nyttar. Mandatet må også innehalda forslag til ny digital struktur og forslag til implementering av føreslåtte strukturar. Utkastet til mandatet vert presentert på møtet i fellesnemnda i april.

IKT og infrastruktur, statusrapport for samordna løysingar og system

Leiar i arbeidsgruppa som arbeider med IKT og infrastruktur, samordna løysingar og system, Jørgen Kausland, gav status for arbeidet. Arbeidsgruppa arbeider etter tilrådingar frå KS (interesseorganisasjonen til kommunane) sine tilrådingar og har kartlagt kva område ein må ta stilling til i samsvar med rapporten «Digitale konsekvensar av ei kommunesamanslåing».

Målet er at Nye Øygarden kommune skal ha gode digitale løysingar, både publikumsretta og i tenesteyting. Det er eit overordna mål at ein teknisk grunnmur er på plass i løpet av september 2018. Det er også eit mål å utvikla å gjera grunnmuren klar for å ta imot tenester frå desember 2018. Fellesnemnda tok saka til orientering. Under drøftinga av saka gav fleire av medlemene ros for at gruppa var kome godt i gang med arbeidet.

Oppdatert milepelsplan

Fellesnemnda tok dei siste oppdateringane av milepelsplanen til orientering. Milepelsplanen skal mellom anna sikra framdrift i kommunereformarbeidet. Planen vert drøfta med rådmennene før oppdatert plan vert presentert på det neste møtet i fellesnemnda. Willy Sørensen hadde ein gjennomgang av planen og opplyste at det vert arbeidd med å gjera milepelsplanen meir oversiktleg.

Frå venstre; Espen Harkestad, Børge Haugetun, Paul J. Manger, Kari-Anne Landro og Silvia Haugland.

Referansegruppe til arbeid med endring av adressenamn

Det vart vedteke å setja ned ei politisk referansegruppe samansett av leiargruppa (dei tre ordførarane) og Olav Kobbeltveit knytt til arbeidet med å etablera eit samordna adressesystem for Nye Øygarden kommune. Les meir om saka her (frå sist møte i fellesnemnda).

Møtet vart overført på nett-TV. Her er opptak frå møtet den 19. februar.

Tekst og foto: Vigleik Brekke