Category Archives: Aktuelt

Ordførarane tek beina fatt på opningsfestdagen

Ordførar for den nye kommunen, Tom Georg Indrevik, har fått med seg ordførarane i dei tre kommunane i vest og stiller opp i idrettsklede på sjølvaste opningsfestdagen laurdag 4. januar. Om føremiddagen handlar det om Nøkkelløpet der fire ordførarar deltek saman med kommunedirektør Rune Lid som stafettlag.

Tom Georg Indrevik ber folk stilla opp på Nøkkelløpet den 4. januar

Ved å satsa på stafett snik dei seg på sett og vis unna ei litt meir krevjande oppgåve om dei skulle delteke på individuelt løp på fem kilometer kvar. No deler dei halvmila seg imellom og spring eín kilometer kvar. No vil dei så gjerne at mange andre stiller opp til ei uhøgtidleg tevling og idrettsfellesskap på opningsfestdagen.

Det skjer mykje denne dagen. Det heile startar med aktivitetar inne frå klokka 10. Klokka 10.30 er det invitert til Nøkkelløp ute der ein kan velja mellom å springa fem kilometer åleine eller stilla med stafettlag med fem deltakarar og springa eín kilometer kvar.

Dei tre ordførarane stiller ikkje med sykkel denne gongen, men tek på seg joggeskoa og deltek i stafett ved Sotra Arena på den første laurdagen i januar. Frå venstre; Kari-Anne Landro (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Børge Haugetun (Øygarden).

Stine Sanden er  dagleg leiar i Fjell frivilligsentral og har eit koordineringsansvar for aktivtetane både inne i Sotra Arena og ute.

– Eg håpar folk tek oppmodinga frå ordførarane på alvor og stiller opp på løpet. Deltakarane kan henta startnummer på Fjell folkeboksamling på Sartor Storsenter torsdag 2. og fredag 3. januar. På sjølve løpsdagen kan folk henta startnummer i Sotra Arena mellom klokka 09.00 og 10.00. Hugs at alle som deltek får medalje, seier Stine Sanden.

Stine Sanden

Det kostar 100 kroner for å delta som enkeltløpar under 16 år og 200 kroner for dei over 16 år. Prisen for å delta i «Bedriftsstafetten» er 800 kroner.

Her kan du melda deg på.

Du finn meir informsjon på Facebook.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ingunn Teigen og Vigleik Brekke

Gav innstilling på budsjettet

Formannskapet gav i dag tilråding på budsjettet for 2020 og økonomiplan for 2020-2023. Det vart røysta over fire forslag.

Frå møtet i formannskapet i dag.

Framlegget frå fleirtalspartia, Høgre, KrF, Sotralista , Venstre og Frp fekk seks røyster og er formelt tilrådinga til kommunestyret. Forslaget frå Ap, Sp, SV og Raudt fekk tre røyster, medan Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) og Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) fekk kvar si røyst. Alle forslaga følgjer saka til kommunestyret i morgon.

Her kan du lesa forslaga:

Gebyr og brukarbetaling

Med åtte røyster (Høgre, Frp, KrF og AP) slutta formannskapet seg til innstillinga frå rådmannen på budsjett  for gebyr og brukarbetaling for 2020. MDG røysta for ein reduksjon på 10 prosent, medan FNB, Sp og MDG (subsidiært)  røysta for ein reduksjon på gebyr og brukarbetaling på fire prosent.

Ny barnehage på Spildepollen

Formmanskapet tilrår overfor kommunestyret å godkjenna bygging av Spildepollen barnehage. Kostnadsramma er 41,8 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Dette er ein meirkostnad på 6,4 millionar kroner samanlikna med investeringsbudsjettet. Meirkostnaden vert dekt av ubrukte lånemidlar i prosjektet knytt til Spilepollen skule som vart offisielt opna i november. Barnehagen vil få fem avdelingar og vert dimensjonert for 90 barn. Oppdraget med bygging er tildelt Gravdal Bygg AS. Glesnes barnehage og Telavåg barnehage vert lagde ned når den nye barnehagen vert teken i bruk.

Einerett for drift av vatn og avlaupstenester

Formannskapet tilrår at FjellVAR AS (seinare ØyVAR AS) vert tildelt einerett for drift og vedlikehald av vatn og avlaupstenesta i kommunen frå 1. januar 2020. Saka vert avgjort i kommunestyret.

Einerett for innsamling av hushaldsavfall

Det vart tilrådd å tildela BIR Transport AS einerett for innhenting av hushaldsavfall fram til 1. oktober 2020. Vedtaket vart gjort for å sikra at avfallet vert handtert korrekt og uavbrote i perioden fram til oktober 2020. Saka går til kommunestyret.

Budsjettet og ei rekkje andre saker vert behandla i kommunestyret torsdag den 19. desember. Møtet tek til klokka 09.00. Møtet vert overført direkte på nett-TV.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument til kommunestyret.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Elevane får nye vener

Dei siste to vekene har fleire skuleklassar i dei tre kommunane besøkt kvarandre. Tilbakemeldingane viser at dette set elevane pris på. Dei vil gjerne pleia venskapet vidare.

Biletet er frå besøket Landro (1b) skule hadde til Brattholmen skule (1a).

Besøka er eit ledd skuleprosjektet Elev i Nye Øygarden og gjerne som ei avslutning på arbeidet knytt til at vi vert eín kommune frå nyttår av. Det er oppretta om lag 20 venskapsklassar, og fleire av klassane har avslutta prosjektperioden med besøk og godt fellesskap.

På nettsida til Elev i Nye Øygarden kan du lesa om korleis det gjekk på nokre av besøka.

Her er stabsleiaren for service

Kenneth Sangolt (38) er tilsett som stabsleiar for service i Nye Øygarden kommune. Dermed har kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse, fått den siste av dei fire leiarane på plass i sitt kommunalsjefområde.

Kenneth Sangolt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kenneth Sangolt kjem frå Skogsvåg i Sund. For tida er han utviklingssjef i NAV Økonomiteneste. Han har tidlegare vore seksjonssjef og prosjektleiar same stad. NAV Økonomiteneste har 90 tilsette og er lokalisert på Hermansverk i Leikanger kommune i Sogn.  Tidlegare har Kenneth Sangolt arbeidd i FMC Technologies (no TechnipFMC) på Ågotnes.

– Som utviklingssjef har eg vore med og støtta opp om arbeidet til 15 tusen tilsette i NAV (stat). Eg har arbeidd mykje med digitalisering og vidareutvikling av tenestene innan økonomi og HR (Human resource, leiing av menneskelege ressursar).

– Kvifor søkte du stillinga?

– Eg er oppteken av endring og å arbeida for at vi kan levera betre og meir effektive tenester for innbyggjarane. Eg trur også erfaring eg har med kundebehandling er direkte relevant for denne jobben, seier Sangolt.

Kenneth Sangolt har teke mastergrad i strategisk marknadsføring i England. Han har også utdanning innan IKT-informasjonsvitenskap, sosiologi og organisasjonsvitenskap. Han har også ein treårig bachelorgrad frå BI i Bergen.

Han tek til i stillinga seinast den 2. mars.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Besøk til Bjorøy skule gav meirsmak

Klasse 3b på Ågotnes skule var på besøk til 3. klasse på Bjorøy skule fredag 12. desember. Vi hadde ein fantastisk kjekk dag! Fleire av elevane var på Bjorøy for første gong.

Elevene storkoste seg gjennom heile dagen. Elevene synest også det var stor stas å ta buss. Mange hadde aldri vore på Bjorøy før. Då vi kom Bjorøy, vart vi godt tekne imot av elevar frå 3. klasse som stod å venta på oss.

Les meir på heimesida til Elev i Nye Øygarden.

Her er ny vekerapport

Her er vekerapport for Nye Øygarden kommune for veke 50. Her kan du lesa meir om noko av det som har skjedd denne veka.

 

 

 

Klart for sluttbehandling av budsjettet

Kommunestyret for den nye kommunen skal den 19. desember vedta budsjett for 2020 og økonomiplan for 2020 – 2023. Formannskapet behandlar budsjettet på onsdag.
Les meir. 


Stort engasjement i plantekappleiken

Det vart knivskarp konkurranse i plantekappleiken som vart avslutta den 29. november. På opningsfesten vert premiane delte ut. Vi har utfordra statsminister Erna Solberg til å stå for utdelinga. På nettsida til Elev i Nye Øygarden går det fram kven som har kome best ut i konkurransen. Ansvarleg for konkurransen, lærar på Tranevågen ungdomsskule, Andreas Furset, gler seg over det store engasjementet.
Les meir. 


Informasjon til leverandørar av varer og tenester

Nye Øygarden kommune informerer leverandører av varer og tenester til Fjell kommune om kontraktar, leverandøravtaler, plikter og rettar. Som følgje av at Sund, Fjell og Øygarden kommune slår seg saman til eín kommune frå 1. januar 2020, vil den nye kommunen frå 1. januar 2020, dersom anna ikkje vert avtalt, overta alle kontraktar, leverandøravtaler, plikter og rettar, som dei tre gamle kommunane hadde.
Les meir. 


Tankar om framtida denne veka

Denne veka kom dei to siste videoane i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen. Denne veka kan du sjå og høyra Victoria frå Skålvik skule og Mathilde frå Ågotnes skule.
Les meir. 


Ordførar Tom Georg Indrevik neste veke (51)

  • 16.12.: Møte med Senior Høgre
    Gruppeledermøte
    Gruppemøte
  • 17.12.: Møte med Sotra vidaregåande skule
    Lunsj med politisk sekretariaet
    Besøk og møte med Øygarden Brann og redning
    Styremøte i Bergen Havn AS
  • 18.12.: Besøk Danielsen i forkant av gudstjenesten 5. januar
    Møte med styret i Pensjonistforbundet
    Formannskap
  • 19.12.: Kommunestyret
  • 20.12.: Besøk Sotra Gruppen – Vindenes
    Julelunsj med kvalitetskontroll

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (50)

  • 09.12..:  Interimstyremøte
  • 10.12.:   Styremøte Solli sykehus
    Administrasjonsutval
    Tale til siste samling i Hordaland fylkesting
  • 11.12.:  Synfaring Brattholmen skule
  • 12.12.:  Dialogmøte på Teknologisenteret
  • 13.12.:  Bergen-Schiphol-Cardiff ,150-årsjubileum for den norske sjømannskyrkja
  • 14.12.:  Cardiff
  • 15.12.:  Cardiff

Varaordføraren neste veke (51)

  • 16.12.:  Tilbakereise frå Cardiff
  • 17.12.:  Øygarden brann & redning, CCB
  • 18.12.:  Formannskapsmøte
  • 19.12..: Kommunestyremøtet
  • 20.12.: Møte med Sotra Gruppen

 

Klart for sluttbehandling av budsjettet

Kommunestyret for den nye kommunen skal den 19. desember vedta budsjett for 2020 og økonomiplan for 2020 – 2023. Formannskapet behandlar høyringsinnspela til budsjettet på onsdag.

Budsjettet har lege ute til offentleg høyring i 14 dagar. Budsjettframlegget (drift) frå kommunedirektøren har ei ramme på 1,9 millionar kroner. I formannskapet presenterte fleiralspratia (Høgre, Sotralista, KrF og Venstre) å auka inntektene og auka innsparingane på driftsbudsjettet med totalt 85 millionar kroner. Det er også lagt inn nye utgifter på 6,8 millionar kroner.

Andre saker i kommunestyret den 19. desember:

  • Tildeling av mellombels einerett for innsamling av hushaldsavfall til BIR Transport AS
  • Tildeling av einerett for drift av vatn og avlaupstenester til Fjellvar  (seinare Øyvar) AS
  • Framlegg til forskrifter for vatn og avløp
  • Godkjenning av bygging av Spildepollen barnehage
  • Prioritering av spelemiddelordning for Øygarden kommune 2020
  • Eigedomsskattetakstvedtekter for Øygarden kommune
  • Val av barn og unge sin representant i kommunal plan og utbygging 2019-2023
  • Val av representantar til sakkunnig eigedomsskattenemnd for perioden 2019-2023
  • Val av representantar til sakkunnig klagenemnd for eigedomsskatt for perioden 2019-2023
  • Val av årsmøterepresentantar og kandidatar til styreverv i Bergen og omland friluftsråd for perioden 2019-2023
  • Samansetjing av administrasjonsutvalet for perioden 2019-2023
  • Delegasjon av vigselsmynde ved kommunale vigslar 2019-2023
  • Interkommunalt samarbeid mot akutt forureining IUA Bergen regionvidareføring av samarbeid
  • Krisefullmakt
  • Interimstyre for Øygarden bustadutvikling – Status for arbeidet
  • Framlegg til budsjett for 2020 – Øygarden bustadutvikling KF
  • Betaling av kremasjonsavgift i Øygarden kommune frå 1.1.2020
  • Budsjett 2020 Gebyr og brukarbetaling
  • Budsjett 2020 – Økonomiplan 2020-2023
  • Interpellasjonar og spørsmål

 

Kommunestyret vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 09.00 (19. desember). Møtet vert overført på nett-TV. Her kan du lesa innkallinng med saksdokument.

Formannskapsmøtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 15.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Her er budsjettframlegget frå kommunedirektøren.

Tekst: Vigleik Brekke

Venskapsklassar frå Stranda og Brattholmen skular møtte kvarandre

I haust har tredjetrinnet på Stranda skule brevveksla med 3b på Brattholmen skule. Elevane har vore flittige og breva har gått fram og tilbake i fleire omgangar.

Det var stas for elevane på Brattholmen å reisa på besøk til Stranda.

Her har dei fortalt om seg sjølv og vore flinke til å stilla kvarandre spørsmål. Også bilete er sendt med breva, og i klasseromma har bilete av elevane i veneklassane hengt på veggen. Temaa har variert, og dei har fortalt om familie, interesser, skulekvardagen, fritida og feriar.

Elevane har talt ned til 12. desember, den dagen elevane endelig skulle få treffa veneklassen. Både Brattholmen-elevene og Stranda-elevene har gledd seg til dette møtet. Difor var det ein forventningsfull gjeng fra Brattholmen som sette seg i bussen i retning Stranda skule i Sund.

Les meir og sjå fleire bilete på heimesida til Elev i Nye Øygarden.

 

Stort engasjement i plantekappleiken

Det vart knivskarp konkurranse i plantekappleiken som vart avslutta den 29. november. På opningsfesten vert premiane delte ut. Vi har utfordra statsminister Erna Solberg til å stå for utdelinga.

Klasse 3b på Landro skule er godt nøgd med innsatsen.

På nettsida til Elev i Nye Øygarden går det fram kven som har kome best ut i konkurransen.
Ansvarleg for konkurransen, lærar på Tranevågen ungdomsskule, Andreas Furset, gler seg over det store engasjementet.

– Eg er imponert over elevane. Heilt frå den første veka var det tett kamp om teten, og det var konkurranse i toppen heilt til siste veka. Eg har fått nokre spørsmål om korleis ein har klart å få plantane til å vakse rasande fort dei første vekene. Eg håpar at nokre av klassane vil avsløra triksa sine for optimal plantevekst til den store opningsfesten, seier ein godt nøgd Andreas Furset.

Les meir på heimesida til Elev i Nye Øygarden.