Budsjett for Nye Øygarden kommune: Krevjande tiltak – omstillingsprogram Øygarden 2023

Kommunedirektør (rådmann) i Nye Øygarden kommune, Rune Lid, legg i dag fram budsjett for den nye kommunen for 2020 med eit negativt netto driftsresultat på 37 millionar kroner. Han føreslår å saldera driftsresultatet med bruk av disposisjonsfond. Formelt er det budsjett for 2020 og økonomiplan for 2020-2023 som vert presentert.

Rune Lid, presenterer i dag budsjett for 2020 og økonomiplan for 2020-2023 for Øygarden kommune. På kommunestyremøtet i går presenterte han hovudlinjene i budsjettframlegget.

Den første januar vert Sund, Fjell og Øygarden kommunar slått saman til eín kommune. Dei tre kommunane ser i 2019 ut til å få eit samla netto negativt driftsresultat på 94 millionar kroner.

I utgangspunktet viser netto driftsresultat for den nye kommunen ein minus på 121 millionar kroner i 2020. Kommunedirektøren legg fram ei tiltaksliste med kostnadskutt i 2020 på totalt 84 millionar kroner. Mange av tiltaka vil ikkje få full effekt før i 2021, noko som betyr at det vert trong for å saldere budsjettet med disposisjonsfond på 37 millionar kroner i 2020.

Økonomiplanen for 2021 syner eit budsjett marginalt i balanse. Ved utgangen av økonomiplanperioden er målsetnaden å oppnå dei økonomiske måla i intensjonsavtalen, og ha ein berekraftig økonomi.

Prognosen for disposisjonsfonda for dei tre kommunane samla ved utgangen av året 2019 er 127 millionar kroner.

– Dersom denne prognosen held seg, og det ikkje vert sett i verk tiltak for å redusera drifta i 2020, har kommunen snart ikkje lenger «pengar på bok» til å møta eventuelle uføresette utgifter, seier Rune Lid.

Den samanslåtte kommunen vert den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 38 500 innbyggjarar ved nyårsskiftet. Det er om lag 2 400 årsverk i den nye kommunen, og driftsbudsjettet for neste år har ei ramme på om lag 2,9 milliardar kroner.

Omstillingsprogram

Trass i eit utfordrande økonomisk bilete, er kommunedirektøren optimistisk med tanke på framtidig økonomi i Øygarden kommune. I økonomiplanen fram til 2023 vert det føreslått å gjennomføra eit omstillingsprogram. Målet er å oppnå eit positivt netto driftsresultat på tre millionar kroner i 2021, 54 millionar kroner i 2022 og 105 millionar kroner i 2023. Med eit netto driftsresultat på 54 millionar kroner i 2022, har ein oppnådd eit resultat på 1,75 prosent, noko som samsvarar med tilrådd nivå frå Teknisk berekningsutval (TBU).

– Tidleg i 2020 vert det sett i gang eit arbeid med å analysera og kartleggja ressursbruken i organisasjonen med mål om å harmonisera tenestertilbodet i den nye kommunen. Sidan ein stor del av utgiftene er knytt til løn (om lag 70 prosent), er det behov for å effektivisera og gjennom å redusera talet på årsverk i kommunen, digitalisera kommunen og finna meir effektive måtar å arbeida på. I dette arbeidet skal det sikrast god medverknad frå dei tilsette i samsvar med lov- og avtaleverk, seier Rune Lid.

Investerer for 265 millionar

I budsjettet føreslår kommunedirektøren å investera totalt for 265 millionar kroner i 2020. For å gjennomføra desse investeringane, må det takast opp lån på 144 millionar kroner. Investeringstiltaka omfattar mellom anna trafikksikring, vegar, omsorgsbustader, brannstasjon (Skogsskiftet) og barnehage (Spildepollen). For heile økonomiplanperioden (2020-2023) er investeringsramma 475 millionar kroner.

Det er budsjettert med 158 millionar kroner i eigedomsskatt i 2020. I intensjonsavtalen, vedteken av dei tre kommunestyra i 2016, står det at det ikkje skal vera eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader i den nye kommunen, men at konsekvensar på eigedomsskatt på næring må utgreiast. På grunnlag av dette føreslår ikkje kommunedirektøren å innføra eigedomsskatt på bustader, fritidsbustader eller næring no.

Prosessen vidare

Formannskapet behandlar budsjettet den 2. desember og legg det ut til offentleg ettersyn. Så vert budsjettet behandla i administrasjonsutvalet og andre utval. Utval for tenester og levekår og utval for samfunnsutvikling behandlar budsjettet den 4. januar, medan utval for plan behandlar budsjettet den 5. desember før kommunestyret gjer endeleg vedtak den 19. desember.

Les budsjettdokumentet her.