Brei semje om administrativ organisering

Prosjektrådmann Rune Lid hausta mykje ros då saka om administrativ organisering av Nye Øygarden kommune stod på sakskartet i fellesnemnda i dag.

Børge Haugetun, ordførar i Øygarden, gav ros for godt arbeid med den administrative organiseringa.

Fellesnemnda drøfta dokumentet «Organisering av Nye Øygarden kommune» og tok utgreiinga til orientering. Fellesnemnda viser til sak i fellesnemnda av 18. juni i fjor der det vart gjeve fullmakt til prosjektrådmannen med å byggja opp organisasjonen i samsvar med måla i intensjonsavtalen og andre vedtak i fellesnemnda. I vedtaket heiter det også at prosjektrådmannen vert beden om å sikra framdrift i det vidare arbeidet med etablering av Nye Øygarden kommune.

Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun takka for grundig presentasjon og rapport.

– Vi byggjer noko nytt med dette resultatet. Dette er eit svært godt utgangspunkt for Nye Øygarden kommune. Det er behov for omstillingsevne, og framleis må noko på plass. Med tilpassing skal dette verta bra, sa Haugetun.

Dei andre ordførarane og resten av fellesnemnda var gav mykje ros for det omfattande arbeidet som er gjort. Det vart mellom anna vist til at det er gjeve god orientering om arbeidet undervegs i prosessen. Fleire av medlemene i fellesnemnda takka alle medarbeidarane som har vore med i arbeidet med å leggja fram rapporten.

Det vart peika på at brukarfokuset må vera sentralt og at nærtenesteprinsippet, slik det er skissert i intensjonsavtalen, vert følgd opp. Ernst Einarsen understreka at det handlar om å få betre tenester og prioritera dei svakaste. Han var mellom dei som stilte spørsmål om splitting av barnvernet.

Andre tema som vart tekne opp i ordskiftet var leiarkultur, reduksjon i talet på einingsleiarar, «ei dør inn til tenestene», beredskap, informasjon og lokalisering.

Prosjektrådmann Rune Lid hadde på møtet ein grundig presentasjon av arbeidet med administrative organiseringa etter at fellesnemnda i juni fjor gjorde vedtak om nivå eín.

– Det har vore eit mål å arbeida for vi-kjensle i denne prosessen. Det har vore entusiasme og stort engasjement. Vi er no inne planleggingsfasen. No skal vi gjera det vi har sagt vi skal gjera. Eg har eit ansvar for at vi kjem i mål til første januar, sa Lid.
Her er presentasjonen til Rune Lid.

MOT i Nye Øygarden kommune

Fellesnemnda slutta seg til tilrådinga frå interimsstyret for MOT i Nye Øygarden om hovudaktivitetar for MOT-arbeidet i den nye kommunen. Prioritering av aktivitetar vert sett i samanheng med budsjettarbeidet for 2020. Etter forslag frå Jogeir Sognnæs vart det lagt til at konkret organisering vil rådmannen ta stilling til i det vidare arbeidet med organiseringa av nivå eín og nivå to. Etter forslag frå Kari-Anne Landro slutta fellesnemnda seg til at dei tre ordførarane tek initiativ overfor Hordaland fylkeskommune/Sotra vidaregåande skule når det gjeld MOT i vidaregåande opplæring.

I saksutgreiinga går det fram at ressursbruk og budsjett for MOT-arbeidet i dei tre kommunane viser ein samla kostnad på om lag 2,5 millionar kroner. Aktivitetsplanen som vert tilrådd for MOT i Nye Øygarden vil gje større kostnader enn det som dei tre kommunane har sett av til MOT-arbeidet i budsjetta sine. Det vert rekna med at auken vert på om lag eín million kroner.

Regionleiar i MOT i Hordaland og Sogn og Fjordane, Regina Njåstad (i midten med kvit bluse), engasjerte fellesnemnda med positivt fokus og korleis ein kan arbeida mot utenforskap.

Årsmelding for 2018

Fellesnemnda tok årsmelding for Nye Øygarden 2018 til orientering. Les årsmeldinga her. .

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Prosjektrådmann Rune Lid fekk overrekt blomar frå leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy (biletet)