Bomkast sette ingen dempar på fiskefest i Kjereidet

– La gå, ropte basen i Kjereidet sundag ettermiddag. Landnota gjekk i sjøen og karane frå Fjell Kystlag rodde det dei var gode for å få nota ut. Ingen pelagiske fiskesortar var å sjå då nota var dradd opp, men to berggylter er no meir enn ingenting.

Sterke karar frå Fjell Kystlag fekk dradd inn nota.

På sundag var det nylonnot som gjekk i sjøen i Kjereidet. Går vi litt meir enn 50 år tilbake i tid, var det bommullsnøter som vart brukte. Mange hugsar då bomullsnøtene vart behandla av tjøre. Bomullsnøtene kravde tungt vedlikehald med tjøre og var tunge å dra inn med handemakt.

Det er ti år sidan sist det vart kasta med langnot i denne vågen som er grensa mellom Fjell (Kallestad-sida) og Sund (Telavåg-sida). Ifølgje Bjarne Tingvoll, som hjelpte konferansier Hallgeir Dale med historikk, fortalde at det har vore kasta i denne vågen i tusen år.

– Dette var ein heilag plass, gjerne meir heila enn kyrkja for mange her. Her låg fiskarane og vakta om ettermiddagen med sola i ryggen for å sjå om makrellen kom inn, kunne Tingvoll fortelja. Etter kvart vart elva mellom vatnet Kørelen og sjøen bygd om for å leggja godt til rette for landnotkast i denne vågen.

Fellesarrangement

Arrangementet denne sundagen var eitt av fleire identitetsbyggjande arrangement som skal markera at Sund, Fjell og Øygarden vert ein ny kommune frå januar av. For å koma til Kjereidet må ein nytta båt, eller ta seg fram til fots. På sundag vart det arrangert fottur både frå Telavåg og Kallestad.

Kalle, som går i femte klasse på Ulveset skule, viser fram den største berggylta.

Hallgeir Dale ville ha det til at det framleis kanskje kunne vera gnisningar mellom Telavåg og Kallestad.

– Men det går som regel bra, meinte Dale som også gav publikum ein liten leksjon i kva kommunereforma her vest handlar om.

– Sund får kommunevåpenet, Øygarden får namnet og Fjell får bukta og begge endane. Berre så de veit det, sa han med kraft i røysta.

Dei tre ordførarane, Kari-Anne Landro (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Børge Haugetun (Øygarden) var på plass. Fjell-ordføraren vedgjekk at det var første gong ho var i Kjereidet. Kari-Anne Landro sa at dette var eitt av fleire arrangement for å markera at vi vert eín kommune frå nyttår av. Ho takka alle som bidrog til dette flotte arrangementet. Haugetun meinte dette var viktig for å ta vare på kystkulturen.

– Fjell Kystlag er ein viktig kulturberar, sa han.

Dei tre ordførarane var der også. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy, Børge Haugetun og Kari-Anne Landro.

Eí kvinne og 11 menn frå Fjell Kystlag deltok i landnotkastet. Kystlaget stilte med sju båtar inst i den vakre vågen som markerer grensa mellom Sund og Fjell. Vivian Steinsland framførte på vakkert vis velkjende songar av Johannes Kleppevik.  Mellom songane var De´mann for et kast.  Ja, ja det vart no gjort eit kast, og det på framifrå vis. Men fangsten minna om resultatet for 10 år sidan. Spørsmålet er no om det vil gå ti år til neste gong det vert kasta med landnot i Kjereidet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå landnoktkastet