Sjå møtet frå fellesnemnda på Nett-TV

På det siste møtet i fellesnemnda før jul, ligg det føre forslag til budsjett for 2018 og 2019. Det er også presentert årsprognose for 2017. Møtet i fellesnemnda den 11. desember vert overført direkte på nett-TV her.

Møtet i fellesnemnda vert direkte overført på nett-TV. Overføringa startar klokka 09.00

Departementet har utbetalt 35,9 millionar kroner i tilskot til dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden for å dekkja eingongskostnader med kommunereforma. Prosjektleiaren har lagt til grunn at talet på årsverk aukar frå 4,5 i 2017 til seks i 2018 og om lag fire årsverk i 2019. I 2018 har budsjettet ei ramme på 17,6 millionar kroner. Han meiner at tilskotet på 35,9 millionar kroner ikkje vil dekkja alle kostandene med å etablera den nye kommunen fram mot 2020.

Søknad frå kyrkjeleg fellesnemnd

Prosjektleiar føreslår at fellesnemnda løyver 300 tusen kroner i 2018 og 300 tusen kroner i 2019 til kyrkjeleg fellesnemnd som tilskot til arbeidet med å slå saman og etablera ein ny kyrkjeleg fellesorganisasjon for Nye Øygarden kommune. Som følgje av at dei tre kommunane slår seg saman, vert dei kyrkjelege fellesråda i dei tre kommunane også slått saman. Kyrkjeleg fellesnemnd har søkt om ei rammeløyving på 2,9 millionar kroner for heile prosjektperioden fram til og med desember 2019. Sentrale punkt i prosjektplanen er kulturbygging, harmonisering og formålstenleg drift og organisering, og digitale system og IKT-løysingar.

Andre saker i fellesnemnda den 11. desember

  • Val av politiske varamedlemer til partssamansett utval.
  • Korleis sikra ein god samanslåingsprosess? Tilbakemelding og konkretisering av suksesskriterium.
  • Arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet.
  • Milepelsplan for Nye Øygarden kommune, oppdatering.

Ved starten av møtet skal direktør for digitalisering og innovasjon i Bergen kommune, Kjetil Århus, orientera om digitalisering knytt til kommunar, nasjonalt og regionalt.

Møtet i fellesnemnda vert overført direkte på nett-TV. Møtet vert halde i lokala til Nye Øygarden kommune i Skjenet 2 på Straume og tek til klokka 09.00. Fellesnemnda er samansett av 17 politikarar frå Sund, Fjell og Øygarden.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

På nettsida til Nye Øygarden kommune finn du lenkje til nett-TV.

Tekst og foto: Vigleik Brekke