Avklarte representasjon i arbeidsgrupper for arbeidsgjevarpolitikk

På møtet i partssamansett utval (PSU) i dag var hovudsaka oppnemning av arbeidsgrupper knytt til arbeidsgjevarpolitikk. 

Representantane frå dei tilsette i PSU, bad om ein pause i møtet i samband med saka om oppnemning av arbeidsgrupper. Her er dei på veg ut frå det «interne» møtet. Fremst på biletet ser du Nina Zandstra og Vibecke Hodnekvam. I midten; Cathrine Olsen.

PSU slutta seg til tilrådinga frå prosjektleiar om å oppretta tre arbeidsgrupper. Dei tre arbeidsgruppene gjeld reglement og lønspolitikk, arbeidsgruppe for partssamarbeid og arbeidsgruppe for kompetanse og utvikling. Til møtet i dag (10.01.) låg det også føre mandat og framdriftsplan for arbeidsgruppa for reglement og lønspolitikk, og det er denne arbeidsgruppa som først skal gå i gang med arbeidet sitt.

Usemje om samansetjinga av ei av arbeidsgruppene

Det er lagt opp til at kvar arbeidsgruppe skal ha seks representantar, tre frå hovudsamanslutningane (ein frå kvar kommune) og tre frå arbeidsgjevar. Representantane frå dei tillitsvalde i PSU føreslo at i arbeidsgruppe for arbeidsreglement og lønspolitikk skal det vera eín representant frå kvar av dei fire hovudsamanslutningane (minst ein frå kvar kommune) og ikkje tre representantar slik innstillinga var. Forslaget fekk seks røyster og fall. Det vart vedteke med ni røyster (dei politiske medlemene) å stå fast på at alle dei tre arbeidsgruppene skal vera samansett av tre representantar frå dei tillitsvalde og tre representantar frå arbeidsgjevar.

I debatten peika representantane frå dei tilsette på at denne arbeidsgruppa (reglement og lønspolitikk) er ei så viktig arbeidsgruppe at alle dei fire hovudsamanslutningane burde vera representerte. Dei politiske representantane i PSU la vekt på at det viktigaste er at dei tre kommunane er likt representerte i arbeidsgruppene og at representantane for dei tilsette kan utveksla informasjon seg imellom i forkant av møta arbeidsgruppene.

Hovudsamanslutningane skal peika ut sine representantar til dei tre arbeidsgruppene innan utgangen av januar. Prosjektleiar peikar ut representantane frå arbeidsgjevarsida saman med rådmennene i Sund, Fjell og Øygarden.

Drøfting i pausen. Frå venstre; prosjektleiar Paul J. Manger, ordførar i Sund Kari-Anne Landro (leiar i fellesnemnda), ordførar i Øygarden Børge Haugetun og Silvia Haugland (medlem i PSU).

På møtet i PSU i dag vart endringar og korrigeringar til milepelsplan teken til orientering.  Neste møte i PSU vert 20. februar.

Tekst og foto: Vigleik Brekke