Avklarar kommunal tenestepensjon hausten 2018

Fellesnemnda ber om at det i løpet av hausten 2018 vert lagt fram ei sak for fellesnemnda om kommunal tenestepensjon for den nye kommunen. Saka skal mellom anna ha bakgrunn i ei gjennomført kartlegging frå juni 2016 om noverande tenestepensjon i dei tre kommunane.

Frå møtet i fellesnemnda i dag.

I vedtaket går det fram at det skal gjerast greie for fordelar og ulemper knytt til mellom anna kostnader, risiko, påverknad og demografi ved val av KLP eller eigen pensjonskasse. Prosjektleiar skal leggja til rette for medverknad for tillitsvalde i samsvar med avtaleverket.

Partssamansett utval (PSU) vert styringsgruppe for arbeidet som skal leggjast fram til ei endeleg sak i fellesnemnda. Innstilling frå PSU følgjer saka til fellesnemnda. I saka må ein ta stilling til verknadstidspunkt for felles pensjonsordning. På bakgrunn av dette må det skisserast kva vedtak som eventuelt er nødvendig i det enkelte kommunestyre i etterkant av at fellesnemnda har vald pensjonsordning.

Budsjett

Fellesnemnda godkjende framlegg til budsjett for fellesnemnda for 2018 og 2019. Budsjettet vert teken opp til vurdering og revidering gjennom prosjektperioden. Departementet har utbetalt 35,9 millionar kroner i tilskott til dei tre kommunane for å dekkja eingongskostnader med kommunereforma. 2018-budsjettet har ei ramme på 18,1 millionar kroner, medan ramma for 2019 er på 14,6 millionar kroner. I saksutgreiinga skriv prosjektleiaren at tilskotet frå departementet på 35,9 millionar kroner ikkje vil dekkja alle kostnadene med å etablera den nye kommunen fram mot 2020.

Prinsippavklaring om økonomi

Fellesnemnda vedtok grensesnitt mellom prosjektøkonomien i Nye Øygarden kommune og driftsøkonomi i den enkelte kommune. Prosjektleirstaben vert frikjøpt med finansiering av prosjektmidlar. Prosjektdeltakarar vert frigjevne av rådmennene og kostnadsført i den enkelte kommune. Driftsutgifter til kontormøblar, rekvisita, utstyr etc. vert i hovudsak dekte av prosjektmidlane, medan kontorleige og reinhald vert dekt av Fjell kommune.

Medlemer i politisk referansegruppe for gebyr

I møtet i februar vedtok fellesnemnda organisering mandat for arbeidet med å etablera gebyrreglement for tekniske tenester i Nye Øygarden kommune.

På møtet i dag valde fellesnemnda følgjande medlemer i referansegruppa;

  • Sund: Nils Kåre Skoge og May Britt Hevrøy
  • Fjell: Anne Hestenes og Daniel-Victor Sandvik
  • Øygarden: Remi Oen og Silvia Haugland

Ved innleiinga i møtet orienterte prosjektleiar om magasin/blad for tilsette som kom ut med det første nummeret i mars, tilsetjing av trainee-medarbeidar, arbeidet med å få på plass prosjekteringsverktøy, arbeidsgrupper innan området arbeidsgjevarpolitikk erfaringsseminar i regi av KS i april og studietur til København i mai.

Her kan du sjå opptak frå møtet på kommune-TV.

Tekst: Vigleik Brekke