Author Archives: Vigleik Brekke

Tilrår satsar for økonomisk sosialhjelp

Formannskapet for den nye kommunen går inn for å harmonisera satsane for økonomisk sosialhjelp. På møtet i dag gav formannskapet tilråding til satsar for 2020. Dette var det første formannskapsmøtet i Nye Øygarden kommune. 

Dirigentbordet.  Frå venstre; rådmann Rune Lid, ordførar Tom Georg Indrevik og Beate Hetlevik frå politisk sekretariat.

Einslege utan barn får 6 150 kroner pr. månad frå 2020, medan ektepar/sambuarar får 10 250 kroner pr. månad dersom kommunestyret sluttar seg til tilrådinga frå formannskapet. Barnetrygd vert halden utanfor ved utrekninga, medan andre inntekter vert medrekna. Satsane skal regulerast i samsvar med konsumprisindeksen.

Det vart også vedteke satsar til personar som deler hushald og for barn. Det vart fremja eit fellesforslag om å følgja dei statlege rettleiande retningslinjene når det gjeld satsar for utmåling av økonomisk sosialhjelp. Konkret vart det difor samrøystes tilrådd å auka satsane for barn i alderen seks til 10 år til 3 100 kroner pr. månad og til fire tusen kroner for barn i alderen 11 til 17 år.

I tilrådinga heiter det at det ikkje vert gjeve barnetillegg frå barn nummer fire. KrF fekk to røyster (KrF og MDG), og dermed ikkje fleirtal, for eit forslag om at det skal gjevast barnetillegg tilsvarande alder for alle barn i familien. Saka vert avgjort i kommunestyret.

Forhandlar om byvekstavtale

Formannskapet vedtok at formannskapet skal vera styringsgruppe for prosessen med forhandlingar om byvekstavtale. Ordførar og rådmann leiar forhandlingsutvalet som møter staten til forhandlingar. Styringsgruppa avgjer kven andre og kor mange som skal delta i forhandlingsutvalet. Formannskapet vedtok at i tillegg til ordførar, varaordførar og kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold, skal også Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) vera ein del av forhandlingsutvalet.

Byvekstavtalen skal sikra midlar til samferdsletiltak som byggjer på prinsippet om nullvekst i personbiltrafikk. I framlegg til avtale for perioden 2019 til 2029 ligg det ei totalramme på 411 millionar kroner til Øygarden kommune. Det vert i desse dagar gjennomført forhandlingar. Til forhandlingsmøtet den 15. november må det vera på plass forhandlingsutval.

I innleiinga før debatten orienterte kommunalsjef Råmund Skjold om forhandlingane. Fristen for å få vedteke ein avtale er nyttår. Avtalen har fire satsingsområde; utbygging av gang og sykkelvegar, kollektivtrafikk, innfartsparkering og miljøvennleg innovasjon. Det vart eit langt ordskifte i denne saka. Det er delte meiningar om denne avtalen vil vera til det gode for regionen.

Frå møtet i formannskapet i dag.

Økonomi

På møtet orienterte rådmann Rune Lid om budsjettprosessen og lokalisering av administrasjon og tenester for den nye kommunen. Etter planen presenterer rådmannen økonomplan/budsjett den 21. november i kommunestyret. Formannskapet behandlar økonomiplanen den 2. desember og legg han ut på høyring. Endeleg budsjettvedtak vert gjort av kommunestyret den 19. desember.

Rådmann Rune Lid gav økonomisk status for dei tre kommunane og den nye kommunen. Ifølge Lid har alle dei tre kommunane negative budsjettavvik så langt i år. Når det gjeld økonomiplanen for 2019-2023, er prognosane no at det må gjennomførast tiltak for totalt 116 millionar kroner for å gå i null. Han oppsummerte med å slå fast at den nye kommunen vil ha svært liten eigenkapital, høg lånegjeld og at økonomien ikkje er berekraftig i dag eller over tid. Omfattande tiltak er nødvendig.

– Vi er i ein svært krevjande situasjon, men dette klarer vi om vi jobbar saman administrativt og politisk, sa Lid.

Lokalisering av administrasjon og lokalisering

Rådmann Rune orienterte også kort om arbeidet med lokalisering av administrasjon og teneste. Dei fleste som tok ordet i ordskiftet etter orienteringa, snakka om organiseringa av barnevernet. Nokre var kritiske til å dela opp barneverntenesta, medan andre støtta dei førebelse konklusjonane om lokalisering av barnevernet. Arbeidarpartiet, MDG og SV leverte inn ein protokolltilførsel der det vart gjeve uttrykk for at ei oppdeling av barnevernstenesta, slik han er føreslått i dag, ikkje vil vera berekraftig på sikt.

Formannskapet utsette saka om satsar for skulefritidsordninga (SFO).

Brannsjef Bjørn Olav Paulsen orienterte om status i arbeidet med å omdanna Øygarden brann og redning frå interkommunalt selskap til kommunalt føretak.

Her er presentasjonen til rådmann Rune Lid om økonomien.

Du kan du sjå opptak av møtet i formannskapet på nett-TV.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er vekerapport for den nye kommunen

Her er vekerapport for Nye Øygarden kommune. Her kan du lesa meir om noko av det som har skjedd denne veka. 

Slik vert lokaliseringa av administrasjon og tenester

Prosjektrådmann Rune Lid presenterer no korleis administrasjon og tenester skal organiserast i Nye Øygarden kommune. Konklusjonen er teken etter at høyringsnotatet har vore på høyring og at det er gjennomført ei grundig drøfting i overordna styringsgruppe.
– Vi har imøtekome ein god del av innspela frå dei tillitsvalde, seier Rune Lid.
Les meir.


Offentleg ettersyn  av lokale forskrifter for vatn og avløp

Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune vedtok 21.10.2019 å leggja følgjande lokale forskrifter for vatn og avløp på høyring/offentleg ettersyn. Les meir på heimesida til Fjell kommune.
Les meir.


Tankar om framtida denne veka

På onsdag presenterte prosjektet Elev i Nye Øygarden tre nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen. Denne veka kan du sjå og høyra Ingrid Nakken (Blomvåg skule) , Kelsie Nesse (Sund ungdomsskule) og Gabriel Sæle (Øygarden ungdomsskule).
Les meir.


Tre utvalsmøte den 6. november

Alle dei tre utvala i den nye kommunen er kalla inn til møte på onsdag 6. november.
I utval for plan og utval for samfunnsutvikling er det ikkje saker til behandling, men orienteringar.
Les meir.


Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (44)

  • 27.10.:  Ny opning av Hjelme kyrkje
    Avslutning for prost Erling Kopperud
  • 28.10.:  Møte med Redd Barna-ambassadører
  • 29.10.:  Besøk og intervju på Danielsen skule
    Statusmøte med Vest Næringsråd
    Foredrag om Nye Øygarden kommune for Bergen Senior Høgre
  • 30.10.:  Møte med Ordførar på Askøy, Siv Høgtun
    Foredrag for pensjonistforbundet
    Møte med leiargruppa til rådmannen
  • 31.10.:  Foredrag for kommunene Bømlo, Stord og Fitjar
    Opning av Kiwanis-utstilling på Sartor Storsenter
  • 01.11.:  Møte om byvekstavtale
  • 01.11.-03.11.: Fylkesstyre Høgre, Førde

Ordføraren neste veke 45)

  • 04.11.:  Styreseminar Bergen Havn AS på Ågotnes
  • 05.11.:  Formannskapsmøte
  • 06.11.:  Politikk møter næring. Møte med Vest Næringsråd
  • 07.-08.11: Deltek på dagtid på Sjømat Norges årskonferanse

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg neste veke (45)

  • 04.11.:  Byvekstavtale, møte med fylkeskommunen
    Gruppemøte på Rådhuset
  • 05.11.:  Formannskapsmøte
  • 06.11.:  Synfaring med Vest Næringsråd
  • 07.11.:   Interimstyremøte i Øygarden bustadutvikling
  • 09.11.:  Appell i samband med Krystallnatta-arrangement

Formannskap og tre utvalsmøte i neste veke

Formannskapet i Nye Øygarden kommune har sitt første møte den 5. november. Alle dei tre utvala i den nye kommunen er kalla inn til møte på onsdag 6. november. I utval for plan og utval for samfunnsutvikling er det ikkje saker til behandling, men orienteringar.

Til møtet i utval for tenester og levekår ligg det forslag til vedtekter for kommunale barnehagar, nye satsar og vedteker for SFO og tilråding om å slutta seg til ein samarbeidsavtale med Bergen kommune om krisesentertilbod.

Det litt også føre framlegg om å godkjenna språkbruksplan for Øygarden kommune. I innstillinga vert det tilrådd å slå fast at nynorsk er administrasjonsspråket for den nye kommunen og at Øygarden kommune vert medlem i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Innkalling med saksdokument til formannskapet finn du her.  Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 14.00.

Her er innkalling med saksdokument for utval for tenester og levekår. Møtet vert halde i komitesalen i Fjell rådhus og tek til klokka 14.00

Her er innkalling med saksdokument for utval for plan. Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.30.

Her er innkalling med saksdokument for utval for samfunnsutvikling. Møtet vert halde i møterom 107 i Fjell rådhus og tek til klokka 14.00

Slik vert lokaliseringa av administrasjon og tenester

Prosjektrådmann Rune Lid presenterer no korleis administrasjon og tenester skal organiserast i Nye Øygarden kommune. Konklusjonen er teken etter at høyringsnotatet har vore på høyring og at det er gjennomført ei grundig drøfting i overordna styringsgruppe.

Lokaliseringsrapporten baserer seg på eit omfattande arbeid med brei involvering. Dei fem hovudprosjekta, representert av deltakarar frå kvar kommune, hovudtillitsvalde og hovudverneombod, har arbeidd fram forslag til lokalisering.

Prosjektrådmann Rune Lid seier at det har vore ei god drøfting i overordna styringsgruppe.

– Vi har imøtekome ein god del av innspela frå dei tillitsvalde. Eg registrerer at det er uro i barnevernet i Fjell kommune, og eg ser behov for å analysera desse problemstillingane ytterlegare. Det er også behov for å drøfta problemstillingane i barnevernet med barnevernsleiinga og Fylkesmannen, og gjennomføra ytterlegare prosessar og medverknad før endeleg val av lokalisering for barnevernet vert teke, seier Lid.

Det er etter innspel frå HTV i drøftingsmøte 31.oktober gjort meir greie for framlegg til modell for lokalisering av barnevernet enn det som vart gjort i høyringsrapporten. Dette framlegget kjem fram frå side 15 i dokumentet.

I innleiinga i dokumentet som går ut torsdag kveld seier Rune Lid at på generelt grunnlag er det viktig for han å presisera at det vert teke atterhald om eventuelle endringar dersom det i gjennomføringsfasen kjem fram uføresette faktorar som får konsekvens for lokaliseringa. For å kunna møta samfunnet sitt krav til kontinuerleg utvikling og omstilling er det nødvendig med fleksibilitet, kontinuerleg evaluering både med omsyn til organisering, lokalisering og oppgåvefordeling.

– Eg ønskjer å takka alle tilsette som har bidrege i arbeidet me dette, seier Rune Lid.

Etter høyringa og drøfting i overordna styringsgruppe 31.oktober er det gjort endring i lokaliseringa for følgjande tenester:

  • IKT (Drift)
  • Kompetanse (Utvikling)
  • Geodata og oppmåling (Plan, geodata og oppmåling)
  • Kultur
  • Arkiv

Følgjande tenester har fått oppdaterte tal arbeidsplassar etter høyring

  • Rus og psykisk helse sone sør
  • Plan, geodata og oppmåling
  • Kultur

Endringane kjem fram av tabellane og/eller teksten i dokumentet.

Her kan du lesa rapporten om lokalisering av administrasjon og tenester i Nye Øygarden kommune.

 

Høyring om lokalisering av administrasjon og tenester

Prosjektleiinga i Nye Øygarden kommune presenterer no høyringsnotat om lokalisering av administrasjon og tenester.

 

Arbeidstakarorganisasjonane er høyringsinstans og har frist til tysdag 29. oktober kl. 15 å gje uttale til høyringsnotatet.

Overordna styringsgruppe hadde drøftingsmøte den 23. oktober og behandla lokalisering av administrasjon og tenester. På møtet vart det gjort slikt vedtak:

Overordna styringsgruppe konkluderer med at det har vore opne og gode diskusjonar med stor takhøgd. Dei tillitsvalde gjer prosjektrådmannen merksam på at dei ikkje er samd i alle delar av rapporten, noko dei vil peika på i høyringa.

Organisasjonane vert oppmoda om å vera konkrete i eventuell forslag til endring. Det er ønske om konkrete forslag til kva tenester/einingar/avdelingar den eventuelt skal byta lokalitet med.

Konklusjon den 31. oktober

Det er nytt drøftingsmøte i overordna styringsgruppe den 31. oktober. Prosjektrådmannen skal innan same dag leggja fram endeleg konklusjon om lokalisering av administrasjon og lokalisering.

Prosjektrådmann Rune Lid takkar alle som har bidrege i arbeidet til hovudprosjekta, dei hovudtillitsvalde og medlemene i overordna styringsgruppe.

– De legg ned ein imponerande innsats for Nye Øygarden kommune, vel vitande om at de samstundes utfører daglege oppgåver i eigen kommune. Dette vert sett stor pris på! seier Rune Lid.

Høyringsrapport lokalisering 24.10.19

Tom Georg Indrevik vald som ordførar i Øygarden

I dag vart Tom Georg Indrevik (H) vald som ordførar i den nye kommunen. Varaordførar vert Torill Selsvold Nyborg (KrF). 
– Eg vil gjera mitt beste for at dykk, alle tilsette og alle andre innbyggjarar i vår nye kommune skal sjå på meg som sin ordførar, sa Indrevik til kommunestyret etter at han var vald.

Her er det kommunestyret for den nye kommunen. Foto: Kjell Andersland

Det var eit historisk møte i Fjell rådhus i dag. Indrevik vert den første ordføraren i den samanslåtte kommunen som vert den nest største i Vestland fylke frå nyttår. Leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) overrekte blomar, Øygardsgenseren og ordførarklubba til ordføraren for Nye Øygarden kommune. Motkandidat til ordførarvervet var Marianne Sandahl Bjorøy (Ap), medan Einar Jacobsen (FNB)var motkandidat til varaordførarvervet.

Tom Georg Indrevik takka for tilliten og takka Kari-Anne Landro (ordførar i Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) og Børge Haugetun (ordførar i Øygarden) for den iherdige innsatsen deira i å leia arbeidet i fellesnemnda dei siste åra. Han overrekte blomar og speidarboka til dei tre som held fram som ordførar i dei tre eksisterande kommunane.

– Vi har alle 45 her i kommunestyret eit felles ansvar for den nye kommunen. Sjølv om vi i dag har eit fleirtal og mindretall ønskjer eg å invitera til gode og opne prosessar som gjer at vi saman kan arbeida fram gode løysingar for innbyggjarane i vår nye kommune, sa den nyvalde ordføraren.

Krevjande, men interessant

Marianne Sandahl Bjorøy gratulerte Indrevik med vervet som den første ordføraren i den nye kommunen. Ho karakteriserte dei fire åra som ordførar og arbeidet med den nye kommunen som krevjande, interessante og lærerike. Ho takka alle tilsette og prosjektorganisasjonen med prosjektrådmannen i spissen for ein imponerande jobb.

– Eg vil også trekkja fram det spesielle samarbeidet vi tre ordførarar har hatt i denne perioden. Vi fann tonen, og vi utfylte kvarandre på ein god måte, sa Sandahl Bjorøy.

Marianne Sandahl Bjorøy hadde strikka Øygardsgenseren til Tom Georg Indrevik. Og slik tar den nye ordføraren seg ut i genseren.
I tillegg til val av ordførar og varaordførar, valde kommunestyret formannskap, kontrollutval og fleire utval.

Her er valde medlemer i formannskapet, kontrollutvalet og andre utval (faste medlemer):

Formannskap

Tom Georg Indrevik (H), ordførar
Torill Selsvold Nyborg (KrF), varaordførar
Silvia Haugland (H)
Nils Kåre Skoge (H)
Marianne Sandahl Bjorøy (Ap)
Espen Stølsnes Harkestad  (Ap)
Sølvi Kobbeltvedt (Sp)
Einar Jacobsen (FNB)
Maria Thomassen (MDG)
Nina Glesnes (Sotralista)
Anita Garlid Johannessen (FrP)

Utval for tenester og levekår

Jan Utkilen (SL), leiar
Ernst Einarsen (H), nestleiar
Hege Misje (SL)
Robert Kaupan Sæle (H)
Linn Raaheim-Nordfonn (Ap)
Espen Cornell Jakobsen (Ap)
Hogne Hole (Sp)
Kristin Børve Jakobsen (FrP)
Per Reidar Asheim (FNB)
Eva Aarskog (SV)
Vidar Klepsvik (KrF)

Utval for samfunnsutvikling

Andreas Kallekleiv (H), leiar
Svein Berger Bjørge (FrP), nestleiar
Anne Sissel Fjæreide (H)
Synne Nordøy (H)
Nils-Bjarne Tofterå (SL)
Geir Knarvik Fjeldstad (Ap)
Marita Harkestad Oen (Ap)
Anita Skjold Hellesø (Sp)
Einar Jacobsen (FNB)
Nils Bjarte Sæle (Raudt)
Atle Dåvøy (KrF)

Utval for plan

Svein Otto Jacobsen (FrP)leiar
Michael Sangolt (H), nestleiar
Drude Herdlevær (H)
Merethe Rong-Sløveren (H)
Kjell Rune Garlid (SL)
Ruben Håvk (Ap)
Åse Gunn Husebø (Ap)
Solveig Rong (Sp)
Leif Fjellro (FNB)
Helge Nilsen (KrF)
Symphorien Pombe (SV)

Kontrollutval

Mons Tore Nakken (Ap), leiar
Inge Kausland (H) nestleiar
Ann Kristin Kløvrud Eriksen (Ap)
Lars Vassenden (Raudt)
Anja Sunniva Ulveseth Heggen (KrF)
Janne Monsen (SL)
Jimmy Håkonsund (FrP)

Valnemnd

Nils Kåre Skoge (H), leiar
Marianne Sandahl Bjorøy AP), nestleiar
Jan Utkilen (SL)
Anita Garlid Johannessen (FrP)
Sindre Andreassen (SV)
Solveig Dale Rong (Sp)

KS-organ fylkesmøtet (fellesorganisasjon for kommunane)

Tom Georg Indrevik (H)
Torill Selsvold Nyborg (KrF)
Nina Glesnes (SL)
Marianne Sandahl Bjorøy (Ap)
Malfred Rong (Sp)

Formannskapet skal fungera som valstyre

FNB: Folkeaksjonen Nei til meir bompengar, SL (Sotralista), MDG: Miljøpartiet Dei Grøne

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland og Vigleik Brekke

 

 

Marianne Sandahl overrekte mellom anna Øygardsgenseren til Tom Georg Indrevik.

Krevjande jobb fram mot nyttår

Prosjektrådmann Rune Lid orienterte fellesnemnda i dag om kva som må prioriterast fram mot at den nye kommunen er eit faktum frå nyttår. Prioriterte oppgåver er mellom anna budsjett, lokalisering, delegasjonsreglement (administrativt og politisk) og nye IKT-system.
– Arbeidet er i rute, sa Lid.

Prosjektrådmann Rune Lid og dei andre i leiargruppe orienterte om status i arbeidet i prosjektorganisasjonen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Når det gjeld budsjettet arbeider leiinga med gjennomgang av økonomisk status for 2019. Det vert sett fokus på netto driftsresultat, fondstransaksjonar, fond og lånegjeld.

– I Sund og Fjell har ein økonomiske utfordringar, og det er gjennomført innsparingstiltak i 2019. Vi stiller spørsmålet om desse innsparingane må vidareførast i 2020. Sannsynlegvis må dei vidareførast på dei fleste områda, sa Rune Lid. Han sa at den nye kommunen har ein krevjande jobb framfor seg fram mot nyttår.

Den 31. oktober presenterer prosjektrådmann konklusjonen når det gjeld lokalisering av administrasjon og tenester. Prosessen fram mot slutten av oktober er slik:

  • 23.10.  Drøfting overordna styringsgruppe
  • 24.10.  Høyring arbeidstakarorganisasjonane
  • 29.10.  Frist høyring kl. 15.00
  • 31.10.  Publisering av avgjerd

Dei fem kommunalsjefane presenterte status for sine arbeidsområde. Her kan du lesa presentasjonen til prosjektrådmannen og kommunalsjefane. (PDF).

Fleire medlemer i fellesnemnda takka prosjektrådmannen og hans folk for grundig innføring i status i arbeidet.

Gebyr- og brukarbetalingar

Fellesnemnda vedtok å leggja to framlegg til forskrifter ut på høyring. Det gjeld forskrift om vass- og avlaupsgebyr og forskrift om tømming av private avlaupsanlegg. Høyringsfristen er 25. november.

Forskrifter og abonnementsvilkår for vatn og avlaup
Det vart vedteke å leggja ut fire forskrifter og standard abonnementsvilkår på høyring med ein høyringsfrist på kunngjeringsdato. Dette er:

  • Forskrift om gebyr for kontroll og tilsyn av avlaupsleidningar og avløpsanlegg
  • Forskrift om påslepp og utslepp av oljehaldig, feitthaldig og industrielt avløpsvatn
  • Tekniske bestemmingar – Standard abonnementsvilkår for vatn og avlaup (KS)
  • Administrative bestemmingar – Standard abonnementsvilkår for vatn og avlaup (KS)

Økonomisk status for prosjektorganisasjonen

Pr. 11. oktober er det nytta 18,4 millionar kroner av prosjektmidlane for den nye kommunen. Det står dermed igjen knapt tre millionar kroner av den mottekne eingongsstøtta til kommunesamanslåinga. Så langt har  det ikkje vore behov for å forskottera frå reformstøtta som vert utbetalt til  nyttår. Prosjektrådmannen reknar med at det vert behov for å forskottera midlar frå reformstøtta i løpet av hausten.

Revisjonstenester i den nye kommunen

Fellesnemnda vedtok å gje oppdrag med revisjonstenester for Nye Øygarden kommune. Når vedtaket er offentleg, vert det lagt ut.

Dette var det siste møtet for fellesnemnda før nytt kommunestyre tek over. Torsdag 24. oktober er det konstituerande kommunestyremøte for (Nye) Øygarden kommune. 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

Konstituerande kommunestyremøte for Øygarden kommune

Den 24. oktober skal det konstituerande kommunestyret i (Nye) Øygarden velja formannskap, ordførar, varaordførar og fleire utval for perioden 2019 til 2023. Nokre dagar i forkant, den 21. oktober er det kalla inn til det siste møtet i fellesnemnda.

Biletet er frå møtet i fellesnemnda den 9. oktober. Det siste møtet i fellesnemnda er den 21. oktober. Det nye kommunestyret for Øygarden kommune konstituerer seg den 24. oktober.

Det nye kommunestyret skal ha 45 medlemer. Formannskapet har 11 medlemer, medan kontrollutvalet har sju medlemer. Det skal også veljast medlemer med leiar og nestleiar i følgjande utval:

  • Utval for tenester og levekår (11 medlemer)
  • Utval for samfunnsutvikling (11 medlemer)
  • Utval for plan (11 medlemer)

Det skal også veljast valnemnd, valstyre og val til KS-organ. Kommunestyret skal også ta stilling til om kommunestyrevalet 2019 skal godkjennast. Her kan du lesa innkalling med saksdokument. 

Det konstituerande kommunestyremøtet for Øygarden kommune vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 14.00.

Den 21. oktober er det invitert til det siste møte i fellesnemnda for Nye Øygarden kommune. Fellesnemnda skal mellom anna velja leverandør av revisjonstenester for den nye kommunen. Her kan du lesa innkalling med saksdokument. 

Begge møta vert overførte på nett-TV.

Lokalisering: Kva skjer fram mot 31. oktober?

Saka om lokalisering av administrasjon og tenester er no behandla i partssamansett utval og fellesnemnda. På grunnlag av dette og det administrative førebuingsarbeidet, skal prosjektrådmannen innan 31. oktober ta endeleg stilling til lokalisering.

Den 9. oktober slutta fellesnemnda seg til prinsippa føreslått av prosjektrådmannen.

  • Det skal etablerast innbyggjartorg på Rong, Skogsskiftet og Straume. Innbyggjartorga skal lokaliserast saman med bibliotektenesta i eigna lokale. Tenester som har karakter av publikumskontakt, skal vera tilgjengelege i innbyggjartorga.
  • Eigde bygningsmassane skal takast i bruk i Nye Øygarden kommune. For å oppnå samhandlings-, effektivitets- og kostnadsgevinstar vert det lagt opp til samlokalisering av større fagmiljø og at oppgåver som naturleg høyrer saman, bør samlast i eín bygning/stad.
  • Funksjonar og tenester som naturleg ligg til rolla som kommunesenter, skal plasserast på Straume. Det same gjeld politisk leiing og øvste administrative leiing.
  • Som hovudprinsipp skal tenester som er organiserte, drifta og tilbydd brukarane i soner i den nye kommunen, nytta kommunedelsentera i Skogsskiftet (sone sør) og Rong (sone nord) som base/administrasjonssenter. Straume vert eigen sone.

I eit tilleggspunkt, som fekk samrøystes tilslutnad i fellesnemnda, heiter det mellom anna at Rong og Skogsskiftet skal som delsenter har definert tenestefunksjonar. Nærtenesteprinsippet er eit viktig prinsipp og skal følgjast. Det heiter i tilleggspunktet at soneinndelingar bør leggjast til kommunesenter og dei definerte delsentera slik det går fram av intensjonsavtalen.

Dette skjer fram mot 31. oktober

  • 14. -18. oktober: Etter drøftingsmøte om lokaliseringsarbeidet i overordna styringsgruppa (utvida med 12 hovudtillitsvalde) arbeider leiargruppa med forslaget frå prosjektrådmannen.
  • 16. oktober: Arbeidsseminar lokalisering for leiarteamet Nye Øygarden kommune med prosessleiar frå KS (fellesorganisasjon for kommunane).
  • 17. – 21. oktober vert forslag ferdigstilt til overordna styringsgruppe.
  • 23. oktober: Drøftingsmøte om lokaliseringsarbeidet i overordna styringsgruppa utvida med 12 hovudtillitsvalte.
  • 24. – 29. oktober går forslaget til høyring hjå arbeidstakarorganisasjonane. Etter høyring vert det innarbeidd eventuelle endringar.
  • 31. oktober: Prosjektrådmannen legg fram sitt vedtak om lokalisering av administrasjon og tenester i Nye Øygarden kommune. Informasjon vert sendt til leiarar som informerer sine tilsette. Avgjerda om lokalisering vert også lagt ut på heimesidene og andre aktuelle kanalar.

Leiarar vert oppmoda om å kontakta sine respektive kommunalsjefar om leiarstøtte.

NB!  I tidlegare informasjon har vi brukt 30. oktober som dato for endeleg konklusjon om lokalisering.  Det er ikkje korrekt. Det er den siste dagen i oktober at konklusjonen vert teken, altså 31. oktober. 

Her kan du lesa om intensjonsavtalen, omstillingsavtalen og ROS-analyse som er eit viktig grunnlag for arbeidet med lokalisering.

Statsministeren møtte engasjerte elevar på Brattholmen

Alle ville ha ein bit av statsminister Erna Solberg då ho besøkte klasse 3b på Brattholmen skule i dag . Ho tok seg tid til å dela klemmar til fleire av elevane.
– Eg maste mykje i timane som elev, måtte statsministeren vedgå.

Elevane skreiv brev til venskapsklassen på Stranda skule i Sund (3. kl.).  Statsministeren fekk sjå kva dei hadde skrive til elevane dei skal verta kjende med. I bakgrunnen, rektor Anja Solli.

Bakgrunnen for besøket er prosjektet Elev i Nye Øygarden der elevane i dei tre kommunane er inviterte til å engasjera seg i bygginga av den nye kommunen. Det er utarbeidd undervisningsopplegg i fire fag, klassane kan etablera kontakt med andre elevar som venskapsklasse, og det er laga i stand spennande konkurransar.

– Kjære statsminister, velkomen til oss! Vi går frå tre til eín kommune, Nye Øygarden kommune, og det gler vi oss til, sa elevane i kor då Erna Solberg kom inn i klasserommet nokre minutt over klokka 13 i dag.

Før statsministeren hadde funne vegen til klasserommet, møtte ho politikarar og rektor ved inngangen. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy hadde på seg ordførarkjeda, og saman med varaordførar Tom Georg Indrevik og rektor Anja Solli vart statsministeren ønskt velkomen til Brattholmen skule.

Eitt av fleire tiltak i prosjektet er Plantekappleiken der klassane plantar ertespire og konkurrerer om kven som får plantene til å veksa best. Konkurransen startar denne veka med å leggja erter i vatn og så planta ertespira i jord.

–  Vi håpar du er med å heiar på oss og ønskjer oss lukke til, sa Martine til statsministren. Erna fekk æra av å leggja erter i vatn før konkurransen for alvor startar om eit par dagar.

Erna Solberg tømde erter i skåla for å gjera dei klare for planting seinare i veka.

Lærar Robert Hisdal orienterte om korleis klassen arbeider med Elev i Nye Øygarden. Klassane kan nytta undervisningsopplegg, delta som venskapsklasse, delta i konkurransen Plantekappleiken og i konkurransen om å tippa folketalet i den nye kommunen den 1. januar. Robert orienterte også om korleis Brattholmen skule i fleire år gjennom Annleisveka har arbeidd med at Sund, Fjell og Øygarden kommunar skal verta eín kommune frå nyttår av. Mellom anna skal elevane plukka ut favorittstaden sin i den nye kommunen.

– Min favorittplass er Liatårnet, sa ein av elevane.

Tankar om framtida

Alle skulane i dei tre kommunane er utfordra til å la eín elev halda eit innlegg/tale (Ted Talks). Elevane snakkar om framtida og eit bestemt tema. Pernille Sørensen i 6. trinn på Brattholmen skule hadde trafikksikring som tema.

– Det er utrygt å gå langs vegen i Arefjord fordi det ikkje er lys i lyktestolpane, og det manglar fortau. Derfor startar vi no med skulepatrulje. I framtida håpar eg at vi kan koma trygt til skulen eller til Straume utan at foreldra treng køyra oss, sa Pernille i videoen som vart vist for statsministeren.

Det er stas å verta fotograferte saman med statsministeren og lokale politikarar.

På Brattholmen skule har elevane i Bry deg-veka arbeidd med tema som omsorg, samarbeid, tolmod og hjelpsemd. Statsministeren vart utfordra på dette.

– Vi har ikkje alltid ein god dag, og det er viktig at vi ser kvarandre. Ved å snakka saman, jobba i grupper og samarbeida, kan vi læra av kvarandre, sa ho.

Likte ikkje gymnastikk

Statsminister Erna Solberg fekk mange spørsmål frå elevane. Mellom anna måtte ho svara på kva fag ho likte best og dårlegast og korleis det var å vera elev.

– Eg likte godt historie. Sjølv om eg dreiv med konkurransesymjing, likte eg ikkje så godt gym. Eg hadde leseproblem, og av og til krølla bokstavane seg litt mykje. Og så maste eg mykje i timane. Difor fekk eg eit eige skilt med teksten; – Eg er eit masebrett, sa Solberg.

Erna stilte også spørsmål til elevane.

I det heile tatt vart statsministeren utfordra på mange spørsmål. Det handla om korleis det var å vera statsminister, favorittmaten hennar, kvifor skulen startar så tidleg om morgonen, om skulenedlegging, Sotrasambandet, korleis ho var som tenåring, kva ho gjer i fritida og korleis det er å vera på TV.

Colin ville gjerne ha svar på kvifor ein ikkje kunne gjera meir lekser på skulen og dermed få meir leiketid heime.

– Vi har behov for å øva på faga. Det er jo litt opp til kommunen kor mykje lekser som skal gjerast på skulen eller heime. Ein kunne nok unngått at elevane får for mange lekser og innleveringar samstundes. Men eg kan ikkje seia eit klart ja på at vi skal droppa lekser heime, sa Erna.

Mot slutten fekk ho oppmuntrande ord frå ein av elevane.

– Eg vil berre seia at du er veldig grei og snill.

Klasse 3 d

Rektor Anja Solli takka for besøket.

– Eg er som rektor svært stolt i over elevane. Dei var glitrande. Og takk for det flotte besøket, sa rektoren til statsministeren.

Erna Solberg kvitterte med å seia at det var kjekt å sjå at det vert jobba med kommunesamanslåinga på denne måten.

– Det er imponerande, sa ho før elevane vart fotograferte saman med statsministeren og ho forlet skulen.

Det er travelt å vera statsminister. I morgon møter ho forbundskanslar i Tyskland Angela Merkel til politiske samtalar i Berlin.

Også FAU-leiar Hilde Røssland og politikarane Torill Selsvold Nyborg og Børge Haugetun var med på besøket.

Her er presentasjonen til lærar Robert Hisdal.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland

Foto: Jøran Ingvaldsen