Author Archives: Vigleik Brekke

Her er søkjarlistene til fleire stillingar i Nye Øygarden kommune

No er søkjarlistene til stillingane som assisterande kommunalsjefar, einingsleiarar og leiarar for stab klare. Etter planen skal tilsetjingane vera på plass den 7. mai.

Her søkjarlistene:

Assisterande kommunalsjef Helse og velferd
Assisterande kommunalsjef Oppvekst
Assisterande kommunalsjef Kultur og samfunn
Einingsleiar barnevern
Einingsleiar byggjesak
Einingsleiar eigedom, drift og vedlikehald
Einingsleiar barn, unge og famililietenester
Einingsleiar for flykningtenesta
Einingsleiar heimetenesta innan helse og velferd
Einingsleiar for rus og psykisk helse
Einingsleiar for Tednebakkane
Einingsleiar for tenester til menneske med nedsett funksjonsevne
Einingsleiar kultur
Einingsleiar NAV
Einingsleiar plan og folkehelse
Einingsleiar PPT
Einingsleiar reinhald
Einingsleiar vaksenopplæring
Einingsleiar kommuneoverlege
Einingsleiar for helse, meistring og rehabilitering
Leiar stabsavdeling drift
Leiar stabsavdeling innkjøp og investering
Leiar stabsavdeling service
Leiar stabsavdeling tryggleik
Leiar stabsavdeling utvikling
Leiar stabsavdeling økonomistyring

På lista for einingsleiar kultur, kjem det fram at det er eín søkjar som er unnateke offentlegheita. Det gjeld ein ein søkjar som har trekt søknaden sin.

Undersøkjer marknaden for pensjonsleveranse

Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune vedtok samrøystes i dag at det skal gjennomførast ei intensjonskunngjering for å få klarlagt om det kan gjerast ei direkte anskaffing i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) eller om val av pensjonsløysing må ut på anbod.

Frå møtet i fellesnemnda i dag. Heretter skal møta i fellesnemnda haldast i kultursalen i Fjell rådhus.

 

I desember vedtok fellesnemnda at dei tilsette i Nye Øygarden skal ha forsikra løysing i KLP. Det vart også vedteke at prosjektrådmannen får i oppdrag å sjekka om val av pensjonsløysing er underlagt innkjøpsreglementet.

Prosjektrådmannen har kontakta KS Advokatene, Odin Prosjekt AS og Pensjonskontoret. Desse tre er samstemte om at ei slik anskaffing av pensjonsløysing er underlagt innkjøpsregelverket. Dersom det berre er eín leverandør av slike tenester, kan det gjerast direkte anskaffing utan anbod, det vil seia KLP. Dersom det er fleire likeverdige tilbydarar, må det gjennomførast anbod.

Både KS Advokatene, Odin Prosjekt AS og Pensjonskontoret konkluderer med at det bør lysast ut ei intensjonskunngjering for å avdekkja kor mange leverandørar det er i marknaden for denne typen tenester. Fellesnemnda slutta seg til innstillinga frå prosjektrådmannen om å gjennomføra ein intensjonskunngjering. Fellesnemnda vil få melding om resultatet av kunngjeringa.

Organisering av stand på Offshore Technology Days (OTD) 2019

Fellesnemnda vedtok at Nye Øygarden kommune skal besøkja OTD i oktober 2019. Deltakarane kjem frå politisk og administrativt nivå. Den nye kommunen skal ikkje ha eigen stand på messa.

Orientering om administrativ organisering

Prosjektrådmann Rune Lid orienterte om status for det administrative arbeidet med å byggja den nye kommunen.

– Prosjekta er i gjennomføringsfasen der det vert fokusert på oppgåvene som må vera ferdige før 1. januar 2020. Arbeidet varier mellom «gjere-jobbar» og større oppgåver som krev arbeidsgrupper og delprosjekt, sa Rune lid.

Eit viktig organ i dette arbeidet er overordna styringsgruppe  (dei tre rådmennene, inklusive prosjektrådmann Rune Lid, fem prosjektleiarar og fem representantar for dei tillitsvalde/hovudverneomboda). Det er utarbeidd ein rettleiar som forklarar korleis prosessen skal gjennomførast. For berørte leiarar er det lagt opp til intern søknadsprosess.

Rune Lid

Innan 7. mai skal det tilsetjast leiarar på nivå 1 og 2 (assisterande kommunalsjefar og einingsleiarar/leiarar stab). Innan 31. mai skal den totale administrative organiseringa/dimensjoneringa vera på plass. Innplassing/rekruttering av alle tilsette på nivå to er på plass innan 21. juni, medan fysisk lokalisering skjer undervegs, seinast innan 30. oktober.

Rune Lid orienterte også om status for etablering og omorganisering av selskap. Ole G. Fredheim er vald til leiar av interimsstyret for FjellVAR/Sund vatn og avlaup. Arbeidet med å tilsetja dagleg leiar er i gang.

Etter planen vert det fremja sak til fellesnemnda i juni når det gjeld omdanning av Øygarden brann og redning til kommunal føretak. Det same gjeld etablering av føretaket Øygarden eigedomsutvikling.

Her kan du lesa presentasjonen til prosjektrådmann Rune Lid.

Her er opptak av møtet (nett-TV).

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

Føreslår å undersøkja marknaden for pensjonsleveranse

Prosjektrådmannen føreslår at det vert gjennomført ei intensjonskunngjering for å få klarlagt om det kan gjerast ei direkte anskaffing i KLP eller om val av pensjonsløysing må ut på anbod. Saka vert behandla i fellesnemnda for Nye Øygarden i Fjell rådhus måndag 8. april.

I desember vedtok fellesnemnda at dei tilsette i Nye Øygarden skal ha forsikra løysing i KLP. Det vart også vedteke at prosjektrådmannen får i oppdrag å sjekka om val av pensjonsløysing er underlagt innkjøpsreglementet.

Prosjektrådmannen har kontakta KS Advokatene, Odin Prosjekt AS og Pensjonskontoret. Desse tre er samstemte om at ei slik anskaffing av pensjonsløysing er underlagt innkjøpsregelverket. Dersom det berre er eín leverandør av slike tenester, kan det gjerast direkte anskaffing utan anbod, det vil seia KLP. Dersom det er fleire likeverdige tilbydarar, må det gjennomførast anbod.

Både KS Advokatene, Odin Prosjekt AS og Pensjonskontoret konkluderer med at det bør lysast ut ei intensjonskunngjering for å avdekkja kor mange leverandørar det er i marknaden for denne typen tenester. Prosjektrådmannen følgjer dette rådet. Saka vert behandla i fellesnemnda måndag 8. april.

Organisering av stand på Offshore Technology Days (OTD) 2019

I februar behandla fellesnemnda rapport frå arbeidsgruppa «Lokaldemokrati og identitet». Det vart vedteke eit budsjett på 710 tusen kroner, inklusive 200 tusen kroner til stand på OTD. I vedtaket vert prosjektrådmannen beden om å koma tilbake med eiga sak om organisering av stand på OTD i Stavanger Forum 2019.

I saka stiller prosjektrådmannen spørsmålet om «eigen kommunal stand» er rette måten å delta på. Kostnadene til sjølve standplassen er rekna til 131 tusen kroner. I tillegg kjem kostnader med utsmykking/presentasjon, reise og opphald for dei som skal stå på standen. I saka vert det vist til moglege alternativ til å ha eigen stand. Døme på dette kan vera at den nye kommunen deltek med eit «anleggsbidrag» eller tek ein delegasjonstur til Stavanger medan OTD-messa går føre seg.

Prosjektrådmannen legg fram saka utan innstilling.

Før behandlinga av sakene, gjev prosjektrådmann Rune Lid statusorientering. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Merk at møtet vert halde i kulturhuset på Fjell rådhus. Det tek til klokka 09.00. Møtet vert overført på nett-TV.

Tekst: Vigleik Brekke

 

 

Arbeider med å tilsetja leiarar

Etter at fellesnemnda behandla framlegget til administrativ organisering  for Nye Øygarden kommune den 11. mars og tok saka til orientering, har overordna styringsgruppe arbeidd med korleis leiarar skal rekrutterast og innplasserast for nivå to. Det skal også tilsetjast assisterande kommunalsjefar (nivå eín). Målet er at tilsetjingane er på plass innan 7. mai.

Overordna styringsgruppe har den siste tida arbeidd med korleis arbeidet med rekruttering og innplassering av tilsette skal organiserast. Biletet er frå møtet den 26. mars.

Overordna styringsgruppe er samansett av dei tre rådmennene (inklusive prosjektrådmann Rune Lid), fem prosjektleiarar og fem representantar for dei tillitsvalde/hovudverneomboda.

Fram mot 5. april vert det gjennomført kartlegging og individuelle samtalar med dei tilsette som vert definerte som vesentleg berørte av samanslåinga. I same periode vert det intern utlysing av einingsleiarar, leiar av stabsavdeling og stillingar som assisterande kommunalsjef.

I dag (28. mars) er det sendt ut informasjonsskriv til alle leiararne i dei tre kommunane, organisasjonskart av berørte og uberørte einingar.

Her kan du lesa informasjonsskriv som er sendt til alle leiararane 28. mars..

Her er Rettleiar for overføring av tilsette.

Slik er framdriftsplanen fram til fullføring av tilsetjingane den 7. mai:

Kartlegging og individuelle samtalar 29. mars  – 5. april 2019
Intern søknadsperiode både stillingar som assisterande kommunalsjef, einingsleiar og leiar stabsavdeling 29. mars – 5. april 2019
Intervju med kandidatar 10. – 17. april og 23. -30. april 2019
Tilsetjing ferdig 7. mai 2019

Mønster til barnegenser er på plass

No er det mogleg å få kjøpt mønster til Øygardsgenseren i storleikar for barn.

Leiar i Sotra Husflidslag, Gunvor Bråthun Moe, opplyser at det no er mogleg å få mønster til fire, seks, åtte og ti år.

– Det er fleire som har spurt etter dette. No er det på plass, og det er berre til å ta fatt med strikking av genserar til barn, seier ho.

Mønsteret kan kjøpast hjå Sotra Husflidslag, Hobbykjellaren på Sartor Storsenter, på biblioteka i Sund, Fjell og Øygarden og hjå Norwegian Spirit & garn på Jernbanestasjonen i Bergen.

Her er kommunalsjefen for Økonomi

Anne Erdal (54) er tilsett som kommunalsjef for Økonomi i Nye Øygarden kommune.

Anne Erdal

Erdal kjem frå stillinga som kommunalsjef økonomi i Ullensvang herad og bur i Odda. Før det var ho økonomisjef i Odda kommune i 11 år. Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole.

Ho kan ta til i stillinga 1. juni.

Med denne tilsetjinga er alle den fem kommunalsjefane i Nye Øygarden på plass. Her er kommunalsjefane for Helse og Velferd, Kultur og samfunn og Oppvekst og her er oppvekstsjef for Organisasjon og digitalisering.

Brei semje om administrativ organisering

Prosjektrådmann Rune Lid hausta mykje ros då saka om administrativ organisering av Nye Øygarden kommune stod på sakskartet i fellesnemnda i dag.

Børge Haugetun, ordførar i Øygarden, gav ros for godt arbeid med den administrative organiseringa.

Fellesnemnda drøfta dokumentet «Organisering av Nye Øygarden kommune» og tok utgreiinga til orientering. Fellesnemnda viser til sak i fellesnemnda av 18. juni i fjor der det vart gjeve fullmakt til prosjektrådmannen med å byggja opp organisasjonen i samsvar med måla i intensjonsavtalen og andre vedtak i fellesnemnda. I vedtaket heiter det også at prosjektrådmannen vert beden om å sikra framdrift i det vidare arbeidet med etablering av Nye Øygarden kommune.

Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun takka for grundig presentasjon og rapport.

– Vi byggjer noko nytt med dette resultatet. Dette er eit svært godt utgangspunkt for Nye Øygarden kommune. Det er behov for omstillingsevne, og framleis må noko på plass. Med tilpassing skal dette verta bra, sa Haugetun.

Dei andre ordførarane og resten av fellesnemnda var gav mykje ros for det omfattande arbeidet som er gjort. Det vart mellom anna vist til at det er gjeve god orientering om arbeidet undervegs i prosessen. Fleire av medlemene i fellesnemnda takka alle medarbeidarane som har vore med i arbeidet med å leggja fram rapporten.

Det vart peika på at brukarfokuset må vera sentralt og at nærtenesteprinsippet, slik det er skissert i intensjonsavtalen, vert følgd opp. Ernst Einarsen understreka at det handlar om å få betre tenester og prioritera dei svakaste. Han var mellom dei som stilte spørsmål om splitting av barnvernet.

Andre tema som vart tekne opp i ordskiftet var leiarkultur, reduksjon i talet på einingsleiarar, «ei dør inn til tenestene», beredskap, informasjon og lokalisering.

Prosjektrådmann Rune Lid hadde på møtet ein grundig presentasjon av arbeidet med administrative organiseringa etter at fellesnemnda i juni fjor gjorde vedtak om nivå eín.

– Det har vore eit mål å arbeida for vi-kjensle i denne prosessen. Det har vore entusiasme og stort engasjement. Vi er no inne planleggingsfasen. No skal vi gjera det vi har sagt vi skal gjera. Eg har eit ansvar for at vi kjem i mål til første januar, sa Lid.
Her er presentasjonen til Rune Lid.

MOT i Nye Øygarden kommune

Fellesnemnda slutta seg til tilrådinga frå interimsstyret for MOT i Nye Øygarden om hovudaktivitetar for MOT-arbeidet i den nye kommunen. Prioritering av aktivitetar vert sett i samanheng med budsjettarbeidet for 2020. Etter forslag frå Jogeir Sognnæs vart det lagt til at konkret organisering vil rådmannen ta stilling til i det vidare arbeidet med organiseringa av nivå eín og nivå to. Etter forslag frå Kari-Anne Landro slutta fellesnemnda seg til at dei tre ordførarane tek initiativ overfor Hordaland fylkeskommune/Sotra vidaregåande skule når det gjeld MOT i vidaregåande opplæring.

I saksutgreiinga går det fram at ressursbruk og budsjett for MOT-arbeidet i dei tre kommunane viser ein samla kostnad på om lag 2,5 millionar kroner. Aktivitetsplanen som vert tilrådd for MOT i Nye Øygarden vil gje større kostnader enn det som dei tre kommunane har sett av til MOT-arbeidet i budsjetta sine. Det vert rekna med at auken vert på om lag eín million kroner.

Regionleiar i MOT i Hordaland og Sogn og Fjordane, Regina Njåstad (i midten med kvit bluse), engasjerte fellesnemnda med positivt fokus og korleis ein kan arbeida mot utenforskap.

Årsmelding for 2018

Fellesnemnda tok årsmelding for Nye Øygarden 2018 til orientering. Les årsmeldinga her. .

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Prosjektrådmann Rune Lid fekk overrekt blomar frå leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy (biletet)

 

Fekk mykje støtte for arbeidet med administrativ organisering

Partssamansett utval (PSU) behandla i dag prosjektrådmannen sitt forslag til administrativ organisering av Nye Øygarden kommune. Prosjektrådmannen fekk brei støtte frå politikarane for framlegget til den framtidige organiseringa av den nye kommunen.

Frå møtet i PSU i dag. Rune Lid presenterer arbeidet med administrativ organisering.

PSU er samansett av ni politikarar og seks representantar frå dei tillitsvalde.  PSU vedtok med åtte røyster å visa til sak i fellesnemnda av 18. juni i fjor der det vart gjeve fullmakt til prosjektrådmannen med å byggja opp organisasjonen i samsvar med måla i intensjonsavtalen og andre vedtak i fellesnemnda. Mindretalet, dei seks representantane for dei tilsette, røysta for å ta saka om administrativ organisering til orientering slik det går fram av saksutgreiinga.

PSU er samla om å be prosjektrådmannen å sikra framdrift i det vidare arbeidet med etablering av Nye Øygarden kommune. Akademikerne leverte inn ein protokolltilførsel.

Presenterte framlegget til organisering

Prosjektrådmann Rune Lid hadde på møtet ein grundig presentasjon av arbeidet med administrative organiseringa etter at fellesnemnda i juni fjor gjorde vedtak om nivå eín.

– Det har vore eit mål å arbeida for vi-kjensle i denne prosessen. Det har vore entusiasme og stort engasjement. Det er gjort eit godt arbeid i delprosjekta, hovudprosjekta og i overordna styringsgruppe, sa Lid.

Han hadde forståing reaksjonane på at organisasjonane hadde ein kort høyringsfrist etter at hovuddokumentet vart offentleggjort i slutten av februar, men viste til at dette var nødvendig for å sikra framdrift og at dei tilsette skal vera plasserte i stillingar før sommarferien. Ei utfordring i arbeidet med organiseringa er at dei fleste fagmiljøa ønskte å samla seg i eiga eining direkte knytt opp mot nivå eín.

Støttar opp om framlegget

I drøftinga i PSU gav politikarane uttrykk for at dei støttar opp om det arbeidet som er gjort og at dette samsvarar med fullmakta som vart gjeve av fellesnemnda i juni i fjor. Dei hadde forståing for at dette er ein krevjande prosess og krevjande for dei tilsette, men at det har vore ein god prosess.

Tilhøyrarbenken. Lars Sverre Hausnes, til venstre, leverte protokolltilførsel  på vegner av Akademikerne.

Representantane frå dei tilsette gav også tilbakemelding på at det har vore ein stor takhøgde i prosessen, til dømes i overordna styringsgruppe, trass i at ein ikkje har vore samde om alt. Dei var likevel tydelege på at fristen for å gje uttale til framlegget om administrativ organisering var kort og at det var vanskeleg å samordna høyringsfråsegn. Ein del opplever seg utrygge for framtida. Dei minna også om at politikarane også har eit overordna ansvar for at dei tilsette kan levera gode tenester. Det vart også peika på at mange ikkje kjende igjen i hovudprosjektet det dei hadde produsert i delprosjekta. Synspunktet på at politikarane har eit overordna ansvar for dei tilsette vart også stadfesta frå politiske representantar i PSU.

Tema som vart tekne opp i innlegga var plassering av barn, unge og familie, kulturskulen, IKT, personalavdeling, HMT, arkiv, beredskap, informasjon og splitting av fagmiljø.

Prosjektrådmann Rune Lid sa at det kom inn mange gode innspel på møtet i PSU som han vil ta med i det vidare arbeidet.

– Dette er eit godt grunnlag for mange diskusjonar vidare. Vi er ikkje samde om alt, men eg opplever at vi har openheit og tillit til kvarandre i dette arbeidet, sa Lid.

Måndag 11. mars skal fellesnemnda behandla saka. Her er innkalling med saksdokument i fellesnemnda.

Her er presentasjonen til Rune Lid.
Her er protokolltilførsel frå Akademikerne.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Prosjektrådmannen legg fram sak om administrativ organisering

Partssamansett utval (PSU) skal fredag den 8. mars behandla prosjektrådmannen sitt framlegg til administrativ organisering nivå eín og to. Han rår både PSU og fellesnemnda, som har saka på bordet måndag den 11. mars, til å ta saka til orientering.

Prosjektrådmann Rune Lid legg no fram sak om administrativ organisering.

I saksutgreiinga går det fram at prosjektrådmannen har gjort nokre endringar i forhold til høyringsdokumentet basert på innkomne høyringsuttalar.

Prosjektrådmannen har forståing for arbeidstakarane sine synspunkt om at høyringsfristen var kor kort. Han viser til at alternativet ville vore å utsetja møta i PSU og fellesnemnda. Utsett frist ville fått konsekvens for tidsplanen når det gjeld plassering av leiarar og andre tilsette. Prosjektrådmannen valde difor å halda på den opphavleg høyringsfristen. For å kompensera litt for den korte fristen vart høyringsdokumentet sendt ut ein arbeidsdag tidlegare enn annonsert.

Reduserer talet på leiarar

Organiseringa som ligg føre viser ein reduksjon av talet på leiarar med full delegasjon frå 140 til 87. Dette vert grunngjeve med at tre kommunar vert ein og konsekvensar av organiseringa i ein to-nivå modell. Det har vore viktig for prosjektrådmannen å halda talet på leiarar på nivå eín og to så lågt som mogleg, men samstundes forsvarleg for å få ein effektiv, handlekraftig og framtidsretta organisasjon som er berekraftig økonomisk.

Robuste einingar

Det har vore gjennomgåande i heile prosessen at dei fleste fagmiljøa ønskjer å vera samla i eiga eining, direkte knytt til nivå eín. Prosjektrådmannen har lagt meir vekt på større, robuste einingar med tverrfaglege miljø som samhandlar og sikrar heilskaplege tenester, og mindre vekt på små og reindyrka fagmiljø.

Mange av høyringsuttalene handlar om at delprosjekta sine tilrådingar ikkje er teke omsyn til fullt ut i rapportane til hovudprosjekta eller i høyringsdokumentet frå prosjektrådmannen. Prosjektrådmannen skriv i saksutgreiinga at det er viktig å understreka at ei viktig oppgåve frå hovudprosjekta var å sjå delprosjekta i ein heilskapleg samanheng innafor kvart kommunalsjefområde.

Elles meiner prosjektrådmannen at oppretting av stillingar som assisterande kommunalsjefar stettar behovet for å kompensera utfordringa med det store kontrollspennet som er i kommunalsjefområdet Oppvekst, Helse og velferd og Kultur og samfunn. E

Vegen vidare

Den vidare framdrifta er at assisterande kommunalsjefar og leiarar på nivå to skal rekrutterast/plasserast seinast 30. april 2019, og alle medarbeidarane skal vera rekruttert/plassert før sommaren. Lokalisering skal vera avgjort seinast innan utgangen av oktober.

Leiarane på nivå to skal saman med kommunalsjefane utføra ei rekkje oppgåver før 31. desember 2019. Ei av oppgåvene i gjennomføringsfasen er å byggja resten av organisasjonen, med mellom anna avdelingar og avdelingsleiarar der det er behov for det. Når endeleg organisasjonskart er klart, vert det utarbeidd delegeringsreglement.

Prosjektrådmannen konkluderer med at organiseringa vil gje grunnlag for at den nye kommunen vil verta ein godt organisert kommune, med tydelege roller, ansvar og gode tenester til beste for dei tilsette og innbyggjarane.

Andre saker i fellesnemnda (11. mars)

  • MOT i Nye Øygarden kommune
  • Årsmelding for Nye Øygarden kommune 2018

Saka vert behandla i PSU fredag 8. mars kl. 09.00, og i fellesnemnda måndag 11. mars klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument til partssamansett utval.

Her er innkalling med saksdokument til fellesnemnda. Møte i fellesnemnda vert vist på nett-TV.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Presenterer høyringsdokument om administrativ organisering nivå to

Prosjektrådmannen presenterer no høyringsdokumentet for administrativ organisering på nivå to.

 

Høyringsinnspel må sendast inn innan måndag 4. mars klokka 12.00.

Her kan du lesa dokumentet.

Høyringsdokumentet baserer seg på eit omfattande arbeid med brei involvering i fem hovudporsjekt og 35 delprosjekt. Overordna styringsgruppe har i februar behandla, vurdert og drøfta rapportane frå hovudprosjekt og delprosjekt i ein heilskapleg samanheng opp mot føringane i intensjonsavtalen og tidlegare vedtak om overordna administrativ organisering på nivå 1. På denne bakgrunn har overordna styringsgruppe teke avgjerd om organisering innan dei fem kommunalsjefområda som avvik noko frå hovudprosjekta sine rapportar.

Styringsgruppe vedtok følgjande den 26. februar: Overordna styringsgruppe konkluderer med at det har vore jobba godt under knappe tidsfristar. Det har vore opne og gode diskusjonar med stor takhøgde. Tillitsvalde, hovudverneombod og leiarar har måtte gje og ta. Gruppa er samd i at dokumentet som no ligg føre vert lagt ut på høyring til alle arbeidstakarorganisasjonane v/hovudtillitsvalde. Dei tillitsvalde gjer prosjektrådmannen merksam på at dei ikkje er samde i alle delar av dokumentet, noko dei vil peika på i høyringa.

Prosjektrådmann Rune Lid er imponert over innsatsen.

– Tusen takk til alle som har bidrege og gjort ein ekstraordinær innsats i delprosjekt, hovudprosjekt og overordna styringsgruppe! Eg er imponert over innsatsen dykkar, vel vitande om at de samstundes har utført daglege oppgåver i eigen kommune. Dette set eg stor pris på!

Høyringsuttalar kan sendast på e-post til line.markhus@nyeoygardenkommune.no
Deltakarar i overordna styringsgruppe:

Overordna styringsgruppe har vore samansett slik:

Prosjektrådmann
– Rune Lid

Rådmann
– Siri F. Pettersen

Prosjektleiarar/ kommunalsjefar
– Helse og velferd: Åse Vik/ Line Barmen
– Økonomi: Svend Fredrik Untiedt
– Organisasjon og digitalisering: Lillian Torsvik
– Kultur og samfunn: Lennart Fjell/ Råmund Skjold
– Oppvekst: Jon Erik Egeland/ Anne Merete Vabø Haugane

HTV / HVO

– Solveig Rong (LO)
– Anne Grethe Andersen (Delta YS)
– Nina Zandstra (Unio)
– Lars Sverre Hausnes (Akademikerne)
– Trude Erstad Villanger (HVO)