Author Archives: Vigleik Brekke

Sund formannskap tilrår ny kommune

Med seks mot ei røyst (Senterpartiet) gjekk formannskapet i Sund i går inn for at kommunane Sund, Fjell og Øygarden søkjer om å få etablera ein ny felles kommune med iverksetjing januar 2020.

Det har vore arrangert seks folkemøte i april. Biletet er frå folkemøtet i Strandahallen i Sund den 11. april
Det har vore arrangert seks folkemøte i april. Biletet er frå folkemøtet i Strandahallen i Sund den 11. april

Sund formannskap er dermed det første formannskapet i dei tre kommunane som gjev innstilling i saka. Saka skal behandlast i ulike utval og råd i kommunane før endeleg behandling i kommunestyra den 20. juni.

På formannskapsmøtet i Sund i går røysta Senterpartiet imot å søkja om å etablera ein ny kommune og opplyste at dette vart gjort på prinsipielt grunnlag. Partiet vil stilla representantane fritt når saka kjem endeleg til behandling i kommunestyret i juni.

I vedtaket frå møtet i går heiter det vidare at underskriven intensjonsavtale for «nye Øygarden kommune» skal leggjast til grunn for den nye kommunen og at kommunestyret ber felles forhandlingsutval å halda fram den gode dialogen og leggja til rette for at ein raskt kan ta viktige avgjerder etter stortingsbehandlinga.

Omfattande sak

I saksutgreiinga skriv rådmennene at etter deira vurdering vil ein ny og større kommune, samansett av Fjell, Sund og Øygarden, vera betre rusta til å møta framtida enn om kommunane skal stå åleine kvar for seg. Dei tre kommunane har allereie i dag ei rekkje interkommunale samarbeid og nettverk innanfor mange tenesteområde og oppgåver. I saka vert det vist til at det er behov for meir spesialisering og behov for å redusera utfordringane med sårbarheit og nøkkelkompetanse.

– Fjell, Øygarden og Sund er knytt saman med bruer og vegar og har naturleg geografisk plassering som ein ny kommune med felles vegsamband mot Bergen. Dei tre kommunane har i stor grad felles bu- og arbeidsmarknad, noko som er eit godt utgangspunkt for å etablera ein ny felles kommune, skriv rådmennene i saksutgreiinga.

Nest største kommune i Hordaland

Rådmennene viser også til at nye «Øygarden kommune» vil verta den nest største kommunen i Hordaland og vil kunna stå fram som ein slagkraftig region overfor styresmakter, næringsliv og nabokommunar.

Etter at kommunestyra før første juli i år har gjort vedtak om kommunereforma, skal Fylkesmannen oppsummera kommunestyrevedtaka og gje tilråding til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om korleis han meiner «kommunekartet» skal vera. Stortinget gjer vedtak om kommunereforma første halvår 2017.

Dersom det vert gjort vedtak om danna ny kommune, skal Fylkesmannen eller departementet kalla inn til felles kommunestyremøte der namn på den nye kommunen, tal på medlemer i kommunestyret, samansetjing av fellesnemnd og eventuelle fellesorgan står på sakskartet. Departementet skal på grunnlag av vedtaka laga ein resolusjon for kvar enkelt samanslåing.  Ein eventuell ny kommune vil vera ein realitet frå januar 2020.

På sida «Dokument» kan du finna saksutgreiinga for kommunane.
Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

Ordførarane svarar på spørsmål på nettet

Onsdag den 1. juni stiller dei tre ordførarane i regionen opp i redaksjonslokala til Vestnytt for å svara på spørsmål frå lesarane på nettet.

Ordførarane, Marianne Sandahl Bjorøy, Kari-Anne Landro og Børge Haugetun, stiller på nettmøte i Vestnytt-redaksjonen og svarar på spørsmål.
Ordførarane, Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund) og Børge Haugetun (Øygarden), stiller på nettprat i Vestnytt-redaksjonen og svarar på spørsmål, (foto: Monica Hovland).

I ein times tid frå klokka 14.30 svarar dei på spørsmål og kommenterer dine innspel til kommunereforma.

Du kan gjerne senda inn spørsmål på førehand til redaksjon@vestnytt.no . Merk e-posten med «Nettprat».

Følg med på nettsida til Vestnytt.

Brei semje i Fjell om å danna ny kommune

Alle representantane for gruppene i Fjell kommunestyre støtta på møtet torsdag kveld forslaget om å danna ein ny kommune samansett av Fjell, Sund og Øygarden. Saka var ikkje til realitetsbehandling på møtet torsdag kveld, men til drøfting. 

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, orienterte om intensjonsavtalen og innbyggjarundersøkinga.
Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, orienterte om intensjonsavtalen og innbyggjarundersøkinga.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy orienterte om intensjonsavtalen som felles forhandlingsutval (FFU) har forhandla fram på vegner av dei tre kommunane. Ho gav også informasjon om innbyggjarundersøkinga.

Nærtenesteprinsippet

Dei som tok ordet på møtet i Fjell kommunestyre, og som sjølv ikkje hadde vore med i forhandlingane, gav honnør til FFU for arbeidet med intensjonsavtalen.  Fleire viste til nærtenesteprinsippet som eit viktig mål for den nye kommunen og at ein særleg måtte hugsa på konsekvensane for utkantane i ein eventuell ny kommune. Bruk av eksisterande rådhus til kommunedelsenter er ein god måte å gje tilbod om tenester i nærområdet.

Eit par av dei som tok ordet, var kritiske til forslaget om å kalla den nye kommunen for Øygarden, og FrP og Sotralista ønskte at det etter eit eventuelt vedtak den 20. juni vert fremja ei eiga sak om namn på den nye kommunen.

SV og Miljøpartiet Dei Grøne var mellom anna opptekne av klima og miljø og at den nye kommunen må verta eit miljøfyrtårn. Fleire som tok ordet i drøftingssaka, peika på at det vil verta ei stor utfordring å sikra eit godt lokaldemokrati og at alle partia har eit ansvar for å sikra brei representasjon frå alle delane av kommunen.

Det vart også stilt spørsmål om lokaldemokrati og om korleis den politiske organiseringa skal verta og om komitéane skal innstilla direkte til kommunestyret. Elles vart det minna om at endringane vil auka i tida som kjem og at den nye kommunen må vera framtidsretta. Andre tema var økonomi, arbeidsgjevaransvaret, felles kultur og kor viktig det er å ha ein god tone og godt samarbeid med nabokommunane.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Utfyllande info om innbyggjarundersøkinga

Opinion har no kategorisert fritekstsvara på innbyggjarundersøkinga om kommunereforma.

Frå presentasjonen i SF Sotra Kino i dag.
Frå presentasjonen av innbyggjarundersøkinga den 20. mai.

 

 

 

 

 

 

Rapporten om innbyggjarundersøkinga vart presentert fredag den 20. mai. På møtet i felles forhandlingsutval same dag vart Opinion beden om å utarbeida ein rapport der dei 1125 fritekstsvara (spørsmål 6) vart kategoriserte.

Her kan du lesa rapporten.

Innbyggjarundersøking: Ja i Sund og Fjell, nei i Øygarden

Om lag to tredeler av innbyggjarane i Sund og Fjell er positive til at Fjell, Sund og Øygarden etablerer ein ny kommune saman. I Øygarden er det eit signifikant (klart) nei-fleirtal. Det går fram av ei innbyggjarundersøkinga som vart presentert for felles forhandlingsutval i dag.

Dei tre ordførarane i regionen; Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell).
Dei tre ordførarane i regionen; Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell).

Les heile rapporten her.

I undersøkinga, gjennomført for kommunane av Opinion, går det fram at 69 prosent av innbyggjarane i Fjell er for å etablera ein ny kommune, medan 15 prosent er imot. I Sund er 67 prosent positive til samanslåing, medan 18 prosent er imot. I Øygarden er 36 prosent av innbyggjarane for å danna ein ny kommune, medan 52 prosent er imot.

Nøgde ordførarar

I Øygarden er det eit fleirtal imot å danna ein ny kommune. Ordførar Børge Haugetun seier likevel at det er ei solid undersøking som er lagt fram.

– Undersøkinga gjev oss eit nødvendig grunnlag til å fatta vedtak. Resultata støttar opp om at innbyggjarane er opptekne av det som går fram av intensjonsavtalen, seier Haugetun.

Sund-ordførar Kari-Anne Landro seier at undersøkinga gjev eit godt svar på at innbyggjarundersøkinga var ein god måte å få fram folkemeiningar på.

– Resultatet gjev meg tryggleik som politikar når endeleg avgjerd skal takast, seier Landro.

Også Fjell- ordførar Marianne Sandahler er nøgd med undersøkinga.

– Rapporten gjev svar på mange spørsmål og viser at intensjonsavtalen har fanga opp det som folk er opptekne av seier, Sandahl Bjorøy.

Den 20. juni er det kommunestyremøte i alle dei tre kommunane. Då skal det avgjerast om kommunane ønskjer å danna ein ny kommune saman, eller om dei vil halda fram kvar for seg.

Det var senorrådgjevar i Opinion Henrik Høidahl som presenterte innbyggjarundersøkinga.
Det var seniorrådgjevar i Opinion, Henrik Høidahl, som presenterte innbyggjarundersøkinga.

Dei yngste er mest skeptisk

Undersøkinga viser elles at det er fleire menn enn kvinner og fleire over 45 år enn under 45 år i Fjell som er for å danna ny kommune. I Sund er det ein tendens til at dei mellom 30 og 44 år i større grad enn dei andre aldersgruppene er for å skipa ein ny kommune. Generelt viser undersøkinga at det er størst motstand mot å danna ny kommune blant den yngste aldersgruppa (16-29 år).

Innbyggjarane vart også inviterte til å gje graderte svar på kva dei meiner om å danna ein ny kommune. Her går det mellom anna fram at det framleis er 52 prosent i Øygarden som er negative (svært negativ 21 prosent og ganske negativ 31 prosent). Men «veit ikkje» og «korkje for eller imot» er redusert i favør av positive (28 prosent ganske positive og svært positive 13 prosent). Til saman vert då 41 prosent positive til å danna ny kommune på spørsmålet der svara var graderte.

Kommunale tenester

Både i Fjell, Sund og Øygarden er det auka kvalitét på dei kommunale tenestene som har høgast skår på spørsmålet om kva innbyggjarane meiner er det viktigaste måla for ein framtidig kommune. Som nummer to og tre kjem 2) ei meir kostnadseffektiv kommunal drift og 3) betre nærings- og samfunnsutvikling. God tilgang til dei kommunale tenestene kjem  på fjerdeplass, men i Øygarden er dette sett opp som det nest viktigaste målet etter auka kvalitét på dei kommunale tenestene.

Frå presentasjonen i SF Sotra Kino i dag.
Frå presentasjonen i SF Sotra Kino i dag.

I undersøkinga vart det også spurt om korleis innbyggjarane trur tenestene vert i ein ny kommune.  Høgast skår fekk næringsutvikling, helsetenester, kultur/idrett/fritid og økonomistyring. Lågast skår på dette spørsmålet fekk å «gje innbyggjarane høve til å påverka utviklinga i kommunen».

Det vart vidare spurt om kor viktig avstanden er til tenestene. Dei tre viktigaste tenestene med omsyn til avstand var helsetenester, skule- og fritidsordning og pleie og omsorg.

Bjørgedalen barnehage i Bergen skulle på kino i nabolokalet og sjå filmen "Gråtass". Men først ønskte dei å få sjå dei tre ordførarane, og det fekk dei.
Bjørgedalen barnehage i Bergen skulle på kino i nabolokalet og sjå filmen «Gråtass». Men først ønskte dei å få sjå dei tre ordførarane, og det fekk dei.

Av dei totalt 2 200 personane som svarte på undersøkinga, har 1 125 nytta seg av høvet til å seia noko om kommunereforma med eigne ord.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

 

Flest nei på Fjell ungdomsskule

Det vart travelt for ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og varaordførar Tom Georg Indrevik då dei i føremiddag skulle presentera arbeidet med kommunereforma trinnvis for elevane på Fjell ungdomsskule.IMGP2470-H800

Også på Fjell ungdomsskule vart elevane utfordra til å svara på om dei er for eller imot å skapa ein ny kommune. I ei Kahoot-undersøking svara 132 av 293 deltakarar (45 prosent) at dei var imot å danna ein ny kommune, medan 100 elevar (34 prosent) røysta for. 61 av elevane (21 prosent) svara «veit ikkje».  Motstanden mot å danna ein ny kommune var nokså lik for alle alderstrinna og varierte mellom 42 og 47 prosent. 45 prosent nei på Fjell ungdomsskule er identisk med resultatet på Danielsen ungdomsskule.

Når det gjaldt kva mål elevane meinte var viktigast for ein ny kommune, var det  «billegare drift» av kommunen og «Betre nærings- og samfunnsutvikling» som fekk høgast skår.

8. klasse
8. klasse

Stor spørjelyst

Også på Fjell ungdomsskule var spørjelysten stor. Fleire stilte spørsmål frå salen. I tillegg kom det inn ei stor mengde med spørsmål på SMS som vart vidareformidla til dei to politikarane.  Fleire gav uttrykk for at dei ikkje var samde med felles forhandlingsutval sitt forslag om å kalla kommunen Øygarden.

Andre tema var kollektivtransport (særleg for Bjorøy og Tyssøy), bompengar, bybane til Sotra, målform, bygging av nye skular, ordførarval, økonomi, kvalitet på tenestene, konsekvensane for utkantane i ein ny kommune og kva som var tanken bak å starta prosessen med å danna ein ny kommune. Det kom inn eit par hundre spørsmål på SMS i løpet av føremiddagen.

På samlinga i dag var Skulesjefen representert ved fungerande skulesjef Jogeir Songnnæs og pedagogisk konsulent Eva Finstad. Det skal også vera tilsvarande samling på Tranevågen ungdomsskule den 7. juni.

Her er fleire bilete frå samlingane på Fjell ungdomsskule i dag:

9. klasse
9. klasse
10. klasse
10. klasse
Marianne Sandahl Bjorøy
Marianne Sandahl Bjorøy
Tom Georg Indrevik
Tom Georg Indrevik

IMGP2485-H800

Ja-fleirtal på Bildøyna

24 av 45 deltakarar på undersøkinga på Sotra vidaregåande skule røysta for å skapa ein ny kommune samansett av Fjell, Sund og Øygarden. Seks av dei som deltok på undersøkinga svarte «veit ikkje».

I dag var det møte med elevane på Sotra vidaregåande skule, Bildøyna.
I dag var det møte med elevane på Sotra vidaregåande skule, Bildøyna.

I dag møtte dei tre ordførarane i regionen 55 av elevane på Sotra vidaregåande skule på Bildøyna. Det var medlemer og varamedlemer i elevråda som i dag fekk informasjon om kommunereforma.

I Kahoot-undersøkinga vart det også stilt spørsmål om meir nyanserte svar på hovudspørsmålet. Her viste det seg at ni var svært negative, åtte ganske negative, 21 ganske positive og sju svært positive til å etablera ein ny kommune i regionen.

Etter at fungerande ordførar i Sund, Nils Kåre Skoge, ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy og Øygarden-ordførar Børge Haugetun hadde presentert informasjon om kommunereforma og intensjonsavtalen var det klart for spørsmål frå dei interesserte elevane.

Relevante spørsmål

Fleire ville har meir grunngjeving kvifor felles forhandlingsutval har landa på Øygarden som namn på ein eventuell ny kommune. Andre tema var folkeavrøysting, eigedomsskatt, målform plassering av ny vidaregåande skule og eventuelle konsekvensar for kommunereforma ved evt.  regjeringsskifte.

Ein av elevane utfordra særleg fungerande ordførar i Sund, Nils Kåre Skoge, om kva han meinte om planane om å skapa ein ny kommune. Skoge stadfesta at han har vore skeptisk, men at han ikkje har teke endeleg standpunkt ennå.

Elevane kunne også senda inn spørsmål på SMS. Ein av dei stilte spørsmål om utkantar som til dømes nokre plassar nord i Øygarden vil verta prioriterte i ein ny sentrert kommune og kva vanskar dei vil få. Ein annan stilte spørsmål om kvifor det vert satsa på ny sotrabru i staden for undersjøisk tunnel frå Sund til Flesland. Spørsmålsstillaren meinte det var for dårlege vegar i Sund.  Det kom også forslag om å kalla den nye kommune for Øyriket.

Frå venstre; Børge Haugetun, Marianne Sandahl Bjorøy og Nils Kåre Skoge
Frå venstre; Børge Haugetun, Marianne Sandahl Bjorøy og Nils Kåre Skoge

I undersøkinga vart det også spurt kva elevane meinte var dei viktigaste måla for ein ny kommune. Her var det god tilgang til kommunale tenester og betre nærings- og samfunnsutvikling som fekk høgast skår.

Fredag den 13. mai vert det besøk på Fjell ungdomsskule der alle årstrinna får informasjon om kommunereforma.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Danielsen: Flest imot ny kommune

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og varaordførar Tom Georg Indrevik fekk mykje å svara for då dei møtte 250 elevar på Danielsen ungdomsskule i dag.

Det var populært å koma på bilete saman med ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.
Det var populært å koma på bilete saman med ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Etter presentasjon av kommunereformarbeidet og mange spørsmål og svar, var det knytt stor spenning til kva elevane meinte om å skapa ein ny kommune.

På Kahoot-undersøkinga svarte 66 elevar nei til å danna ein ny kommune, 51 røysta for å danna ein ny kommune, medan 31 trykte på alternativet «veit ikkje».  Dermed kan ein konkludera med det er noko større motstand på Danielsen enn på Sotra vidaregåande skule, avdeling Skogvåg, til å danna ein ny kommune. Det var på måndag at elevane i Skogsvåg sa sitt om kommunereforma. Der var forholdet mellom ja og nei 50/50.

På spørsmålet om meir nyanserte svar, svarte 26 svært negativ, 54 ganske negativ, 47 ganske positiv og 19 svært positiv.

Alle elevane var samla i gymnastikksalen i dag.
Alle elevane var samla i gymnastikksalen i dag.

Elevane vart også utfordra til å seia kva dei meiner er dei viktigaste måla for ein ny kommune. Her var det god tilgang på kommunale tenester og betre nærings- og samfunnsutvikling som fekk høgast skår.

Det kom inn mange spørsmål frå elevane, både direkte frå elevane i salen og via SMS. Fleire var opptekne av namnet på ein eventuell ny kommune, bompengar og kollektivtransport. Nokre ville vite konkret kva forskjellen vert på økonomi og tenester ved ein ny kommune og korleis folk konkret ville merka denne forskjellen.

Skulesjefen var representert ved fungerande skulesjef Jogeir Sognnæs.

Tekst og foto: Vigleik  Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga på Danielsen i dag:

IMGP2438-H800IMGP2425-H800

 

Delt i synet på ny kommune

Elevane på Sotra vidaregåande skule, avdeling Skogsvåg, er delt i synet på om dei tre kommunane bør halda fram som eigne kommunar eller om dei bør skapa ein ny kommune saman.

Dei tre ordførarane presenterte planane om å skapa ein ny kommune. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Børge Haugetun (Øygarden) og Nils Kåre Skoge (fungerande ordførar i Sund).
Dei tre ordførarane presenterte planane om å skapa ein ny kommune. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Børge Haugetun (Øygarden) og Nils Kåre Skoge (fungerande ordførar i Sund).

Dei tre ordførarane i regionen møtte elevane i Skogsvåg i føremiddag. Etter ein presentasjon av planane om ein ny kommune og spørsmål frå elevane, viste ei elektronisk undersøking (Kahoot) at 21 elevar var for å etablera ein ny kommune, medan 21 var imot. 13 svara «veit ikkje». Elevane vart utfordra til å gje uttrykk for nyansar i dette svaret, og då kom det fram at det var litt fleire som var ganske positiv enn ganske negativ, og det var fleire heilt negative enn heilt positive.

Gundre hundre elevar var på plass i kantina for å få med seg informasjon om kommunereforma.
Godt over hundre elevar var på plass i kantina for å få med seg informasjon om kommunereforma.

Mange spørsmål frå elevane

Elevane kunne stilla spørsmål både direkte i salen eller senda spørsmål via SMS. Ikkje minst via SMS «ramla» spørsmåla inn. Det handla om korleis den planlagde samanslåinga vil gå ut over økonomien, tener Fjell og Sund mykje på ein ny kommune med namnet Øygarden, kvifor ikkje ha det slik det er i dag, korleis vert bussrutene i ein ny kommune, kva med sjukehus på Sotra og om ekstrakostnader med endring av skilt etc. ved namneskifte.

Nokre sende også inn synspunkt om at vi neppe har noko val og at kommunane vert slått saman med tvang. Ein av dei som sende inn synspunkt på SMS, skreiv at Øygarden hadde vore eit fint namn, og det berre ikkje var oppbrukt.

Fredrik Oterhals i ivrig samtale med Nils Kåre Skoge.
Fredrik Oterhals i ivrig samtale med Nils Kåre Skoge.

Mål for ein ny kommune

Elevane vart også spurde om kva dei meinte var dei viktigaste måla for ein ny kommune. Her prioriterte elevane auka kvalitet på dei kommunale tenestene, god tilgang på kommunale tenester, billig drift og betre nærings- og samfunnsutvikling. Godt lokaldemokrati var det området som fekk lågast skår på undersøkinga.

På torsdag skal dei tre ordførarane, Børge Haugetun (Øygarden), Nils Kåre Skoge (fungerande ordførar i Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) møta dei vidaregåande elevane som går på Bildøyna.  Det er også møte med elevar på fleire av ungdomsskulane i regionen.

Marianne Sandahl Bjorøy i samtale med elevar.
Marianne Sandahl Bjorøy i samtale med elevar.

 

 
Tekst og foto: Vigleik Brekke