Author Archives: Vigleik Brekke

Stort engasjement på Tjeldstø

Dei om lag 105 personane som møtte opp på folkemøtet på Tjeldstøy skule i Øygarden torsdag kveld viste stort engasjement.

Frå folkemøtet på Tjeldstø.
Frå folkemøtet på Tjeldstø.

I gymnastikksalen i den nye flotte skulen på Tjeldstø vart det stilt mange kritiske spørsmål til ordførarane som saman med 10 andre i felles forhandlingsutval har forhandla fram ein intensjonsavtale.

I løpet av dei seks folkemøta i Fjell, Sund og Øygarden har det møtt opp om lag 540 personar. Oppslutnaden har vore størst i Øygarden og Sund.

Mange tema

Spørsmål på folkemøtet på Tjeldstø var i kva grad ein ny kommune vil føra til større avstandar, både geografisk og mentalt og om ein ny større kommune vil oppretthalda lågterskeltilboda. Ein av dei frammøtte tok opp spørsmålet om lokaldemokrati. Han støtta framlegget om å byggja på formannskapsmodellen når det gjeld politisk styring, men at det ikkje bør vera høve til å inngå fleirtalskonstellasjonar.

Det kom også fram spørsmål knytt til lokal infrastruktur, mellom anna gjaldt dette vegstrekninga mellom Stura og Hellesøy. Andre tema på folkemøtet var eigedomsskatt, levande bygder, innbyggjarundersøking, storleiken på byråkratiet/talet på offentleg tilsette, nærtenesteprinsippet , rapporten frå Telemarksforsking, konsekvensar av sentrumsutbygging, namn på kommunen og om kommunereforma kan reknast som ei tvangsreform.

Gjestekommentator Regine Oen Hatten frå MOT gav uttrykk for at ho er positiv til å danna ein ny kommune og at ho ser fram til å utvikla vidare samarbeidet om MOT i dei tre kommunane. Til hausten skal ho arbeida i ei full stilling som regional MOT-leiar.

Egil Sæle (i midten) og Børge Haugetun hadde nokre "kraftige tak" i diskusjonen, men fekk ein god og lang prat etter at møtet vart avslutta. Til venstre; Anne Lise Grøm.
Egil Sæle (i midten) og Børge Haugetun hadde nokre «kraftige tak» i diskusjonen, men fekk ein god og lang prat etter at møtet var avslutta. Til venstre; Anne Lise Grøm.

Også på det siste av dei seks folkemøta, framførte Roy Vorland hadde framført «Songen frå vest».  Nils Kåre Skoge (fungerande ordførar i Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) og Børge Haugetun (ordførar i Øygarden) presenterte intensjonsavtalen og anna arbeid med kommunereforma.

Andre informasjonstiltak i tida som kjem er møte med ungdom på Sotra vidaregåande skule og ungdomsskulane i regionen. Fram mot slutten av april gjennomfører Opinion innbyggjarundersøkinga i alle kommunane.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå folkemøtet på Tjeldstø skule:

IMGP2263-H800

IMGP2265-H800

Dei tillitsvalde og kommunereforma

På folkemøtet i Telavåg onsdag kveld vart det stilt fleire spørsmål om korleis dei tillitsvalde har vore og er involverte i arbeidet med kommunereforma.

Frå møtet i Telavåg onsdag kveld.
Frå møtet i Telavåg onsdag kveld.

Vel 50 personar var til stades på folkemøtet i Sund onsdag kveld.

Dei tillitsvalde er med i styringsgruppene i dei tre kommunane. Hildegunn Høyland, som er hovudtillitsvald for Fagforbundet i Sund, sa at dei tillitsvalde ikkje hadde uttalerett i forhandlingane. Ho gav likevel ros til forhandlingsutvala, særleg til representantane frå Sund.

Det vart stilt spørsmål i kva grad intensjonsavtalen er bindande etter at ein eventuell ny kommune er etablert frå januar 2020 og kvifor politikarane seier nei til folkeavrøysting og ja til innbyggjarundersøking. Andre tema var byråkrati i ein ny kommune, tenestene i kommunedelsentera, NAV-tenester, fagmiljø og namnet på den nye kommunen.

God tone i praten etter at møtet var avslutta. Frå venstre; May Elin Limevåg, Stig Arne Thune og Tom Georg Indrevik.
God tone i praten etter at møtet var avslutta. Frå venstre; May Elin Limevåg, Stig Arne Thune og Tom Georg Indrevik.

 – Eg heiar på dykk!

Det vart stilt fleire kritiske spørsmål også på folkemøtet i Telavåg. Men det vart også delt ut ros. Else Øvretveit helsa ein ny kommune velkomen.

– Dette verkar veldig bra. Eg har venta på at vi skal verta ein ny kommune. Eg heiar på dykk og håpar på ja til ein ny kommune, sa Øvretveit.

Roy Vorland hadde framførte «Songen frå vest», medan intensjonsavtalen og arbeidet med kommunereforma vart presentert av Nils Kåre Skoge (fungerande ordførar i Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) og Børge Haugetun (ordførar i Øygarden).

Serien med folkemøte vert avslutta på Tjeldstø skule i Øygarden torsdag 21. april klokka 19.00. Gjestekommentator torsdag kveld vert MOT-leiar Regine Oen Hatten.

Her er fleire bilete frå folkemøtet i Telavåg

IMGP2203-H800

IMGP2218-H800

Kommunereforma: Første folkemøte i Øygarden

Frå Øygarden samfunnshus tysdag kveld.
Frå Øygarden samfunnshus tysdag kveld.

Om lag 100 personar møtte opp på det fjerde folkemøtet om kommunereforma. Tysdag kveld var det invitert til møte i Øygarden samfunnshus på Rong.

Også denne kvelden vart det stilt ei rekkje spørsmål knytt til teneste, økonomi, namn og samfunnsutvikling.

Vestnytt overførte møtet direkte på nett-TV, og frå onsdag ettermiddag ligg opptak frå møtet på nettsida til avisa.

Gjestekommentator denne kvelden var innehavar av Torsvik Elektro, Peder Torsvik. Torsvik viste til at firmaet hans har oppdrag i alle kommunane i regionen og i Bergen. Han gav uttrykk for at det vil vera nyttig for næringslivet om det vart danna ein ny kommune samansett av Fjell, Sund og Øygarden.

På møtet onsdag kveld var det ei rekkje tema som vart tekne opp. Det handla om samferdsle, kollektivtransport, skulestruktur, innbyggjarundersøking/folkeavrøysting, eigedomsskatt og namn. Det vart også stilt spørsmål om korleis ein kan sikra seg utvikling av gode kompetansemiljø, satsing på teknologi og rekruttering. Andre spørsmål var i kva grad intensjonsavtalen er bindande for framtidig folkevalde og i kva grad den skisserte politiske organiseringa vil sikra eit godt lokaldemokrati.

Ni av dei 13 medlemene i felles forhandlingsutval var også til stades på møtet i Øygarden samfunnshus.
Ni av dei 13 medlemene i felles forhandlingsutval var til stades på møtet i Øygarden samfunnshus.

Ordførarane Nils Kåre Skoge (fungerande ordførar i Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Børge Haugetun (Øygarden) presenterte innhaldet i intensjonsavtalen. Artisten Roy Vorland innleia med «Songen frå vest«.

Onsdag 20. april er det folkemøte i bygdahallen i Telavåg i Sund klokka 19.00. Folkemøteserien vert avslutta med samling på Tjeldstø skule torsdag 21. april klokka 19.00.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Engasjerte MOT-ungdommar i Sund

I dag (18.04.) møtte tingingsutvalet i Sund, ved fungerande ordførar Nils Kåre Skoge og gruppeleiar FRP May Elin Limevåg samt rådmann, flotte MOT-ambassadørar ved Sund ungdomsskule.

MOT-ungdommar, politikarar og administrasjon i Sund.
MOT-ungdommar, politikarar og administrasjon i Sund.

Nils Kåre heldt kort innleiing, elevane hadde førebudd spørsmål og innlegg, men dei viste og eit videoinnslag der dei hadde spurt andre ungdommar om kommunereforma.

Rådmann og ordførar var imponerte over kor gode refleksjonar ungdomane hadde, og det kom fram mange grunngjevne synspunkt både for og mot kommunereforma. I skriftleg innleverte og anonyme skjema viser det seg tydeleg at 12 av ungdommane  var for kommunesamanslåing, medan to var imot.

Alle var opptekne av at det er for dårlege buss-tilbod mellom bygder og mellom dagens tre kommunar. Namnet vart og debattert, der nokre meinte ein burde velja eit nytt namn som er felles for alle dei tre flotte kommunane.

Ungdommen meinte dei på generelt grunnlag burde involverast meir enn kva dei opplever at dei har vorte i høve reforma, og dei fremja forslag om eiga spørjeundersøking for alle elevane på alle ungdomsskulane. Mange av elevane sa dei var stemmeføre ved det komande valet i 2019, og at dei såleis bør verta høyrt på tidleg stadium. Ordførar og rådmann oppmoda ungdommen til å stilla på folkemøtet på Telavåg og dei to folkemøta i Øygarden.

Tekst og foto: Stig Arne Thune, rådmann

 

No startar innbyggjarundersøkinga

Frå i dag av vil ein god del av innbyggjarane i Fjell verta ringt opp frå Opinion der dei vert bedne om å svara på spørsmål om kommunereforma.

Ordførar Børge Haugetun (til venstre) oppmodar folk til å takka ja til å delta i undersøkinga. Her er han i samtale med to andre politikarar i felles forhandlingsutval frå Øygarden; Espen Harkestad (i midten) og Andreas Kallekleiv
Ordførar Børge Haugetun (til venstre) oppmodar folk om å takka ja til å delta i undersøkinga. Her er han i samtale med to andre politikarar i felles forhandlingsutval frå Øygarden; Espen Harkestad (i midten) og Andreas Kallekleiv

– Me er opptekne av å få eit representativt utval slik at undersøkinga stemmer med det innbyggjarane faktisk meiner. Difor oppmodar eg alle som kan delta, om å takka ja til å svara på undersøkinga, seier ordførar i Øygarden, Børge Haugetun.

Innbyggjarundersøkinga i dei to andre kommunane startar opp når folkemøta er avvikla denne veka. I Sund startar innbyggjarundersøkinga opp den 21. april, medan Opinion ringjer innbyggjarane i Øygarden frå fredag 22. april.

Alle innbyggjarane i Fjell, Sund og Øygarden som fyller 16 år i 2016 eller er eldre, kan delta i undersøkinga. Opinion nyttar telefonnummeret 73 10 21 00, og dermed kan folk vera nokså trygge på at det er Opinion som ringjer dersom dei får ein telefon der nummeret startar med 73.

Oppmodar folk om å svara på spørsmåla

– Vi er opptekne av kva folk i alle dei tre kommunane meiner om kommunereforma anten dei ønskjer at Fjell, Sund og Øygarden skal halda fram som eigne kommunar eller om dei saman skal byggja ein ny kommune.

I Fjell vert tusen personar intervjua. Opinion har som mål å få opp mot 600 personar som svarar på undersøkinga i Sund og Øygarden.

– Dette kan verta ei utfordring, og difor er det så viktig at du som innbyggjar tek deg tid til å svara på spørsmåla om du er 16 år eller eldre, seier Haugetun.

Innbyggjarundersøkinga går føre seg denne og neste veke. Undersøkinga skal presenterast for felles forhandlingsutval i mai og vera eit grunnlag for felles saksutgreiing i dei tre kommunane. Etter planen skal kommunestyra den 20. juni ta stilling om dei ønskjer å byggja ein ny kommune eller om dei ønskjer å halda fram som eigne kommunar.

Tre folkemøte denne veka

Denne veka vert dei tre siste folkemøta arrangert. Tysdag den 19. april er det folkemøte i Øygarden samfunnshus på Rong i Øygarden. På onsdag er det folkemøte i Telavåg i Sund (Bygdahallen), medan det siste møtet vert på Tjeldstø skule i Øygarden torsdag den 21. april.
Vestnytt overfører møtet på Rong direkte på nett-TV

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Tre folkemøte i veke 16

Frå tysdag den 19. april er det klart for dei tre siste folkemøta om kommunereforma.

 

Det siste folkemøtet vert på Tjeldstø skule torsdag 21.april
Det siste folkemøtet vert på Tjeldstø skule torsdag 21.april

Det startar med folkemøte i Øygarden samfunnshus på tysdag klokka 19.00. Så går turen til Bygdahallen i Telavåg i Sund (20. april) før det heile vert avslutta på Tjeldstø skule i Øygarden torsdag den 21. april. Alle møta tek til klokka 19.00.

Så langt er det gjennomført tre folkemøte, og oppslutnaden om møta har auka etter kvart.

På folkemøta orienterer ordførarane om innhaldet i intensjonsavtalen som er underskriven av felles forhandlingsutval i dei tre kommunane.

Det vert sett av god tid til spørsmål og innlegg frå dei som møter opp.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Øygarden kommune

Sund avsluttar drøftingar med Bergen

Nils Kåre Skoge
Nils Kåre Skoge

Sund kommunestyre vedtok samrøystes tysdag kveld å avslutta drøftingane med Bergen, Osterøy og Vaksdal.

– Dermed arbeider Sund kommune vidare med kommunereforma basert på intensjonsavtalen som er underskriven mellom Fjell, Sund og Øygarden, opplyser varaordførar Nils Kåre Skoge. I fråvær av ordførar Kari-Anne Landro leia han møtet i kommunestyret på tysdag.

Det var på kommunestyret i Sund den 9. februar det vart vedteke at tingingsutvalet skulle møta Bergen og dei nabokommunane som er i dialog med Bergen, for å få avklart om det var grunnlag for å gå i konkrete forhandlingar.

Etter at Sund kommune har hatt møte med Bergen og Osterøy og Vaksdal kommunar, finn altså ikkje kommunestyret grunnlag for å ha vidare drøftingar med desse kommunane.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Aukande oppslutnad om folkemøta

Om lag 125 personar møtte opp på folkemøtet i Strandahallen på Steinsland i Sund måndag kveld.

På dei to første folkemøta på Ågotnes og Straume i sist veke møtte det opp 70 og 90 personar.

Frå folkemøtet i Strandhallen måndag kveld.
Frå folkemøtet i Strandahallen måndag kveld.

Gjestekommentatorar  denne kvelden var MOT-leiar Regine Oen Hatten og næringsdrivande i Sund, Kjetil Klepsvik.

– MOT og dei unge er engasjerte, endringsvillige og ser positivt på dette som skjer, sa Oen Hatten som var glad for at MOT er særskilt nemnt i intensjonsavtalen. I fjor haust hadde MOT mellom anna ein felles MOT-festival med stor oppslutnad. Oen Hatten er no regionleiar for MOT i 20 prosent, og skal frå hausten av arbeida med dette i full stilling.

Kjetil Klepsvik viste til at planprosessar tek tid. Han støtta planane om å skapa ein ny kommune og grunngav det med at det er vanskeleg å stå åleine og at dei tre kommunane har fellestrekk.*

Vestnytt overførte møtet på nett-TV. Sjå opptaket her.

Avgjerd i kommunestyra i juni

Etter at Roy Vorland hadde framført «Songen frå vest«, presenterte varaordførar i Sund, Nils Kåre Skoge, ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, og fjellordførar, Marianne Sandahl Bjorøy innhaldet i intensjonsavtalen.  Intensjonsavtalen er forhandla fram av eit felles forhandlingsutval på 13 medlemer frå dei tre kommunane, Fjell, Sund og Øygarden. Før 1. juli skal alle kommunane i landet ta stilling til om dei vil halda fram som eigne kommunar, eller om dei vil danna ein ny kommune saman med andre.

Politikarar på fremste benk. Frå venstre; May Elin Limevåg (Sund FrP), Elizabeth Toft Erichsen (Sund Venstre), Jogeir Sognnæs (Sund Arbeidarparti), Tom Georg Indrevik (Fjell Høgre), Nils Kåre Skoge (Sund Høgre) og Sissel Haugland (Tverrpolitisk valliste for Øygarden).
Politikarar på fremste benk. Frå venstre; May Elin Limevåg (Sund FrP), Elizabeth Toft Erichsen (Sund Venstre), Jogeir Sognnæs (Sund Arbeidarparti), Tom Georg Indrevik (Fjell Høgre), Nils Kåre Skoge (Sund Høgre) og Sissel Haugland (Tverrpolitisk valliste for Øygarden).

Få salen vart det stilt spørsmål om kva grad politikarane ville lytta til resultatet av innbyggjarundersøkinga som går føre seg i slutten av april, kva tenester folk kan nytta seg av i kommunedelsentera (Rong og Skogsskiftet) og tilbodet innan barnevern. Andre tema som vart tekne opp var vegutbygging, lokaldemokrati/mandatfordeling i nytt kommunestyre, nytt inntektssystem for kommunane, forholda for utkantane i ein ny kommune og om det kan verta aktuelt å danna ein ny kommune samansett av to av dei tre kommunane i regionen.

Dei tre siste folkemøta vert arrangert i neste veke; Rong (19. april), Telavåg (20. april) og Tjeldstø (21. april).

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Engasjement på folkemøte på Straume

90 personar møtte opp på det andre folkemøtet i regionen vår der kommunereforma var tema. Også på møtet i kulturhuset på Straume i Fjell torsdag kveld var ei engasjert forsamling på plass med mange innlegg og spørsmål.

Roy Vorland framførte "Songen frå vest". Ordførarane Kari-Anne Landro, Børge Haugetun og Marianne Sandahl Bjorøy er ivirige lyttarar.
Roy Vorland framførte «Songen frå vest». Ordførarane Kari-Anne Landro, Børge Haugetun og Marianne Sandahl Bjorøy er ivirige lyttarar.

Onsdag kveld var det ein næringslivsrepresentant som var «gjestekommentator». Torsdag kveld var det regionleiar i MOT for Fjell, Sund og Øygarden, Regine Oen Hatten, som gav uttrykk for kva ho tenkte om  ein framtidig ny kommune i regionen.

– Vi har eit godt samarbeid mellom kommunane i MOT-arbeidet. Den store MOT-festivalen i fjor haust var eit godt døme på det, sa Oen Hatten som var positiv til planane om  å byggja ein ny kommune. Ho støtta også forslag om namn på den nye kommunen, Øygarden.

Ordførarane Kari-Anne Landro (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Børge Haugetun (Øygarden) presenterte intensjonsavtalen som er forhandla fram av felles forhandlingsutval samansett av 13 politikarar frå dei tre kommunane.

90 personar møtte opp på folkemøtet torsdag kveld.
90 personar møtte opp på folkemøtet torsdag kveld. Framme til høgre sit MOT-leiar Regine Oen Hatten.

Mange tema i ordskiftet

Tema som vart tekne opp av dei frammøtte, var korleis lokaldemokratiet ville fungera i ein ny større kommune,  korleis tenestene ville verta for den eldre delen av befolkninga og i kva grad kommunereforma var politisk pålagt frå sentralt hald. Andre tema i debatten var avgifter og gebyr, lokalisering av skattekontor, samferdsle, målform og folkeavrøysting/innbyggjarundersøking. Det vart også stilt spørsmål om korleis dei tillitsvalde er trekte med i reformarbeidet, organisering av utval for menneske med nedsett funksjonsevne, namn på kommunen og visjon for den nye kommunen.

Roy Vorland, som har vakse opp i Sund, opna og avslutta med Knut Øygards song «Songen frå vest».

Neste folkemøte om kommunereforma vert i Strandahallen (Steinsland) i Sund måndag 11. april klokka 19.00. Dei tre siste folkemøta vert på Øygarden samfunnshus på Rong (19. april), bygdahallen i Telavåg i Sund (20. april) og Tjeldstø skule i Øygarden 21. april).

Innbyggjarane i dei tre kommunane har denne veka fått tilsendt ein brosjyre som informerer om arbeidet med kommunereforma.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå folkemøtet på Straume.
IMGP2092-H800

IMGP2095-H800

IMGP2096-H800

IMGP2098-H800

Første folkemøte om kommunereforma

Onsdag kveld vart det første folkemøtet om kommunereforma arrangert i regionen vår. Rundt 70 personar møtte opp på Tranevågen ungdomsskule.

Frå folkemøtet på Tranevågen ungdomsskule onsdag kveld.
Frå folkemøtet på Tranevågen ungdomsskule onsdag kveld.

Både sundordførar Kari-Anne Landro og ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy avslutta folkemøtet med å takka for at såpass mange møtte opp.

– Det var ei engasjert og lyttande forsamling der vi fekk mange innspel. Det vanskelege valet skal takast i juni, sa ordførar i Øygarden, Børge Haugetun. Før 1. juli skal alle kommunane ta stilling til om dei vil halda fram åleine eller byggja ein ny kommune saman med andre.

Vestnytt overførte møtet på nett-TV. Sjå opptaket her. Også Vestlandsrevyen hadde innslag frå folkemøtet onsdag kveld.

Songaren Roy Vorland som innleia kvelden med Knut Øygards song «Songen frå vest» og sette forsamlinga i god stemning.

Dei tre ordførarane presenterte intensjonsavtalen som vart underteikna den 7. mars.

Administrerande direktør på Coast Center Base, Kurt Rune Andreassen, vart utfordra til å seia sitt om kommunereforma som næringslivsleiar. Han var mellom anna oppteken av at endringane vert store framover og at effektivisering er nødvendig.

Praten gjekk ivrig også etter at møtet var avslutta. På biletet; Kurt Rune Andreassen (til venstre) og Egil Haaland.
Praten gjekk ivrig også etter at møtet var avslutta. På biletet; Kurt Rune Andreassen (til venstre) og Egil Haaland.

Mange tema

Dei frammøtte var mellom anna opptekne av kva som ville skje med skulestrukturen dersom det vert bygd ein ny kommune og kva som ligg i nærtenesteprinsippet. Andre tema på folkemøtet onsdag kveld var eigedomsskatt,  namnet på kommunen, digitalisering, lokaldemokrati, fagmiljø, vegutbygging i utkantane av ein eventuell ny kommune, kva tenester som skal vera desentralisert og kva som ligg i omgrepet levande bygder.

Serien med folkemøte held fram med møte på Fjell kulturhus på Straume torsdag klokka 19.00. Også her vil alle ordførarane vera med på samlinga. Også representantar frå felles forhandlingsutval og MOT-leiar Regine Oen Hatten vert med på møtet på torsdag.

Seinare vert det folkemøte i Strandahallen (Sund) den 11. april. Øygarden samfunnshus (Rong) den 19. april, bygdahallen i Telavåg (Sund) den 20. april og Tjeldstø skule (Øygarden) den 21. april.

Denne veka har husstandene i Fjell, Sund og Øygarden fått tilsendt brosjyre med informasjon om kommunereforma.

Her er fleire bilete frå det første folkemøtet:

IMGP2061-H800

To av representantane i felles forhandlingsutval; Silvia Haugland (Øygarden) og Nils Kåre Skoge (Sund).
To av representantane i felles forhandlingsutval; Silvia Haugland (Øygarden) og Nils Kåre Skoge (Sund).

Tekst og foto: Vigleik Brekke