Author Archives: Vigleik Brekke

Startar arbeidet med å innplassera tilsette

I dag (24. mai) vert det sendt ut eit informasjonsskriv til alle tilsette i Sund, Fjell og Øygarden. I skrivet vert det gjeve informasjon om arbeidet med å innplassera dei tilsette i dei tre kommunane i Nye Øygarden kommune.

Foto: Colourbox

Dei tilsette som vert direkte berørte av ny organisering skal kompetansekartleggjast og ha ein individuell samtale med næraste leiar i dagens kommunar. Dette skal vera gjennomført innan 7. juni.

– Det er næraste leiar i noverande kommune som har ansvaret for å gjennomføra kartlegginga og den individuell samtalen. Vi ber den enkelte tilsette å fylla ut eit kompetansekartleggingsskjema i forkant av samtalen, seier prosjektleiar Rune Lid.

Etter planen skal alle tilsette i dei tre kommunane vera innplasserte i Nye Øygarden kommune innan 21. juni.

Her kan du lesa:

Lyser ut fire leiarstillingar

Onsdag i sist veke veke vart det gjort kjent at  tilsetjingsutvala har gjort tilsetjing i 29 leiarstillingar i Nye Øygarden kommune. No lyser Nye Øygarden kommune ut fire stillingar der det ikkje vart gjort tilsetjing i denne runden.

Dei stillingane som no vert lyste ut er:

  • Einingsleiar byggjesak
  • Einingsleiar heimetenesta
  • Einingsleiar flyktningtenesta
  • Leiar stabsavdeling service

Alle tilsette i dei tre kommunane kan søkja på desse stillingane.

Søknadsfristen for stillingane er 22. mai.

Her kan du søkja stillingane.

 

 

Digital transformasjon

– Vi skal gjennom ein digital transformasjon. Digitalisering omfattar heile den offentlege sektoren. Dette sa kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering i Nye Øygarden kommune, Sissel Iren Nesse, då ho på tysdag ønskte 35 medarbeidarar i Sund, Fjell og Øygarden velkomen til arbeidsverkstad i Sund.

Dagen starta med konkurranse der samarbeid  var grunnleggjande for å lukkast.

 

Deltakarane har vore med i fleire delprosjekt knytt til Nesses kommunalsjefområde. Denne dagen handla det om å gå gjennom og definera oppgåvene knytt til dei fire avdelingane i Organisasjon og digitalisering; drift, utvikling, service og tryggleik.

– Vi har ein jobb å gjera her alle saman. Det forpliktar å ha fått digitalisering i namnet på kommunalsjefområdet. Vi har eit stykkje igjen, men det er det vi skal ta fatt på no, sa Nesse.

Det handlar om ei dør inn, enklare kvardag og auka produktivitet, brukarretta og effektiv offentleg forvalting, verdiskaping og deltaking for alle.

– Vér open og positiv, invester i tid og energi gjennom endringar og hald motet oppe, var oppmodinga frå kommunalsjefen.

Sissel Iren Nesse

Deltakarane var inndelte i grupper som skulle arbeida med forslag til korleis aktivitetane kan fordelast under dei fire avdelingane i kommunalsjefområdet. Seinare skulle gruppene sortera oppgåver/tenester og koma med forslag til avdelingar (grå boksar i organisasjonskartet).  Gruppene skulle også drøfta korleis det kan leggjast til rette for samhandling på tvers og «saumlause» tenester.

Under oppsummeringa gav mange uttrykk for at dette var ein nyttig dag og at stemninga hadde vore god i gruppene.

– Innan 31. mai skal me ha avklart dei grå boksane. På grunnlag av det arbeidet de har gjort i dag, skal vi sortera dette. Vi koplar på dei nye leiarane av dei fire avdelingane i kommunalsjefområdet for å konkludera. Eg ber om forståring for at vi kan gjera feil. Men då gjer vi det på nytt, sa Sissel Iren Nesse.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga:

 

 

 

 

Krevjande økonomi

Dei tre kommunane i vest skal laga ein økonomisk prognose for årsresultatet for 2019. Dette vert lagt fram på ein budsjettkonferanse i juni. Det vedtok fellesnemnda i dag.

Frå møtet i dag.

Fellesnemnda vedtok også, etter framlegg frå Espen Harkestad, at til møtet i juni skal det liggja føre oversyn over tapte inntekter som inntreffer i overgangen til 2020 og oversyn over forventa reduksjon i stillingar ved naturleg avgang.

Før behandlinga av økonomirapporten pr. første kvartal 2019 orienterte prosjektrådmann Rune Lid om status for økonomien samla for dei tre kommunane så langt i år. Økonomirapporten basert på økonomiske rapportar frå dei tre kommunane viser eit negativt avvik på 15,9 millionar kroner etter første kvartal 2019. Han har bedt dei tre rådmennene å laga prognose for 2019.

– Økonomien vert krevjande framover, og det er for stor ubalanse mellom utgifter og inntekter. Eigenkapitalen er liten, lånegjelda er høg, og økonomien er ikkje berekraftig i dag eller over tid. Dette er krevjande, men vi kjem til å få det til, sa Lid.

Endring av adressenamn i Nye Øygarden kommune

Fellesnemnda godkjende endring av 58 adressenamn i Sund, Fjell og Øygarden som følgje av kommunesamanslåinga. Vedtaket i fellesnemnda samsvarar med det som går fram av saksframlegg frå dei tre kommunane. Fellesnemnda ber administrasjonen å sikra at ny adressering er på plass til 1. januar 2020.

Arbeidet med å endra adressenamn i dei tre kommunane starta opp etter vedtak i fellesnemnda i januar 2018. Dei tre kommunane har arbeidd med å sikra eintydige vegnamn. Ut frå fastsette retningsliner vart det avklart kva vegnamn den enkelte kommune måtte endra. Det vart deretter opna for at grunneigarar, som ville få nye vegnamn, kunna koma med innspel til nye namn. Språkrådet har kome med sine vurderingar.

Nytt ordførarkjede

Fellesnemnda gjorde vedtak om val av leverandør for nytt ordførarkjede for Øygarden kommune 2020. Saka var unnateke offentlegheit. Vedtaket vert offentleg når partane er orienterte om vedtaket.

Status for arbeidet med den nye kommunen

Prosjektrådmann Rune Lid orienterte om status for Nye Øygarden kommune. Prosjektorganisasjonen er no inne i gjennomføringsfasen. Det er gjort tilsetjing i 29 stillingar som assisterande kommunalsjefar, einingsleiarar og leiarar av stab i Nye Øygarden kommune. Fire stillingar, det ikkje er gjort tilsetjing i, vert lyste ut internt i dei tre kommunane.

I arbeidet med den nye kommunen er det for tida fokus på kva som må vera ferdig innan 1. januar 2020. Avdelingsstrukturen skal etter planen vera på plass innan 31. mai, medan innplassering av alle tilsette er på plass innan 21. juni. Lokalisering skal vera på plass seinast 30. oktober. Rune Lide opplyste at Åse Vik, som i dag er kommunalsjef og assisterande rådmann i Øygarden kommune, vert assisterande rådmann for Nye Øygarden kommune i ein overgangsperiode. Han opplyste også at Bjarne Ulvestad er tilsett som dagleg leiar i det fusjonerte selskapet ØyVA(R) AS.

Øygardskonferansen 2019

Dagleg leiar i Vest Næringsråd (VNR), Rikard Ledang, gav informasjon om den planlagde konferansen, Øygardskonferansen 2019, som går av stabelen fredag 29. november med tittelen «Et HAV av muligheter».

– Det er viktig å stå fram som ein stor og sterk region, sa Ledang.

Målet med konferansen er mellom anna å vidareutvikla ein attraktiv møteplass for næringslivet og kommunane i regionen med fokus på samhandling og innovasjon på tvers av bransjar. Det er også eit mål å synleggjera kompetansen og potensialet i regionen.

Regjeringa representert på konferansen. Det vert fleire innlegg knytt til hav og fornybar energi. Det er også lagt inn paneldebatt i programmet. Finn Tokvam vert konferansier.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Her kan du sjå opptak frå møtet (nett-TV).

Presentasjonar i møtet

Tekst: Vigleik Brekke

 

Utfordrande økonomisk situasjon

Økonomirapporten basert på økonomiske rapportar frå Sund, Fjell og Øygarden viser eit negativt avvik på 15,9 millionar kroner etter første kvartal 2019.

Det går fram av saka prosjektrådmannen for Nye Øygarden legg fram for behandling i fellesnemnda den 13. mai. Økonomirapporten er basert på økonomiske rapportar kvar av dei tre kommunane har utarbeidd til sine respektive politiske organ.

Det negative avviket på 15,9 millionar kroner er i forhold til periodisert budsjett knytt til netto driftsresultat. I saka går det fram at det negative avviket kjem frå Fjell kommune som isolert sett har eit meirforbruk på 20,1 millionar kroner. Sund kommune har balanse i drifta, medan Øygarden kommune rapporterer eit positivt budsjettavvik på 4,2 millionar kroner. Rådmannen i Fjell har gjort framlegg om innsparingstiltak for dei resterande åtte månadene i 2019. Prosjektrådmannen vurderer den økonomiske situasjonen etter tre månader i 2019 til å vera alvorleg og ikkje tilfredsstillande.

Andre saker i fellesnemnda den 13. mai

  • Endring av adressenamn i Nye Øygarden kommune
  • Val av leverandør for ordførarkjede Øygarden kommune 2020, unnateke offentlegheit

På møtet vert det orientering om Øygardskonferansen v/ dagleg leiar Vest Næringsråd, Rikard Toft Ledang og  orientering frå prosjektrådmann Rune Lid om prosjektstatus og status for økonomi pr. 1. kvartal 2019.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Møtet vert overført på nett-TV.

Lanserer nettside for Elev i Nye Øygarden

I dag lanserer vi nettsida for tiltaket Elev i Nye Øygarden. På denne sida finn du informasjon om korleis grunnskuleelevane i Sund, Fjell og Øygarden kan engasjera seg i bygginga av den nye kommunen.

På nettsida er det undervisningsopplegg, informasjon om korleis klassane kan verta venskapsklasse, konkurranse og mykje anna.

Den 24. april var det startsamling for prosjektet. 90 elevrådsrepresentantar og vaksenkontaktar frå alle skulane i dei tre kommunane var på plass. Ordførarane sparka prosjektet i gang.

Den 29. april vert det sendt ut e-post til alle skulane der det vert informert om kva som skulane bør gjera før ferien. Sjølve prosjektperioden er hausten 2019.

Her er lenkje til Elev i Nye Øygarden.

Vil engasjera elevane for Nye Øygarden kommune

I dag var 90 elevrådsrepresentantar og vaksenkontaktar på alle skulane i Sund, Fjell og Øygarden samla på Fjell rådhus for å inspirera kvarandre til engasjement for den nye kommunen. Samlinga i dag var startskotet for tiltaket Elev i Nye Øygarden.

Knappskogelevane Sara K. Turøy og Karoline Engeseth likte å verta fotograferte saman med ordførar Kari-Anne Landro (Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell).

Ordførarane sparka det heile i gang og oppmoda elevane om å delta i prosjektarbeid og mykje anna det er lagt opp til i prosjektperioden frå hausten av. Både Sund-ordførar Kari-Anne Landro og ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, var tydelege på at dei ønskjer å få kunnskap om kva elevane tenkjer om den nye kommune og framtida her vest. Dei lova å ta synspunkta frå elevane på alvor når den nye kommunen skal meislast ut.

Informasjonsansvarleg i MOT, Regine Oen Hatten, fekk engasjert elevane då ho hadde innlegget sitt. Ho understreka at det ofte er dei rundt oss som påverkar haldningane våre.

– Det krev mot å stå åleine om standspunkt. De er alle eit førebilete, og det handlar difor om de vil vera eit bevisst eller ubevisst førebilete. Bruk røysta, bruk motet og ta ei aktiv rolle, sa Oen Hatten. Ho utfordra elevane med spørsmål om dei trudde dei kunne påverka korleis det vert i den nye kommunen. Mesteparten av elevane hadde tru på at dei kunne påverka utviklinga.

Frå samlinga i dag.

Ei arbeidsgruppe sett saman av pedagogar og elevrådsrepresentantar har utarbeidd undervisningsopplegg i fleire fag for hausten 20019 der eit gjennomgåande tema er framtida i den nye kommunen. Skulane i dei tre kommunane vert inviterte til å verta venskapsklasse med ein annan klasse (på same trinn) og å delta i konkurransar. Det vert gjeve transportstøtte dersom venskapsklassane arrangerer fellessamling.  Fellesnemnda har sett av 300 tusen kroner i budsjettet til dette skuletiltaket.

I løpet av kort tid vert ei eiga nettside for tiltaket lansert. På nettsida er det mellom anna presentasjon  av alle undervisningsopplegga, konkurranse og informasjon om venskapsklasse.

På samlinga i dag orienterte prosjektrådmann Rune Lid om status for Nye Øygarden kommune. Kulturskulen deltok med musikkinnslag ved Hallgeir Fiskaaen og informasjon om undervisningstilbod.

Her kan du sjå video der ordførarane inviterer elevane til å engasjera seg i tiltaket Elev i Nye Øygarden.

Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga i dag:

Frå venstre Kjell Havneraas (Standa skule), avdelingsleiar Margrethe Fikse (Stranda skule) og elevane Vilde Stranda skule), Emrik (Stranda skule)og Maria (Glesnes skule).
Ina Rong og Martha Landro leia samlinga. Til høgre; Regine Oen Hatten.

 

Hallgeir Fiskaaen
Prosjektrådmann Rune Lid, Kari-Anne Landro og Marianne Sandahl Bjorøy.
Martha Landro
Regine Oen Hatten
Knappskogelevane Sara K. Turøy og Karoline Engeseth saman med lærar Maria Hatløy.

 

Utsette behandling av etiske retningslinjer for Nye Øygarden kommune

Partssamansett utval (PSU) utsette i dag behandlinga av etiske retningslinjer for Nye Øygarden kommune. Representantar frå tillitsvalde sakna at høyringsfråsegnene ikkje følgde saksdokumenta.

Frå møtet i PSU i dag.

Både dei politisk valde representantane og dei tillitsvalde i PSU gav uttrykk for at det ville vera nyttig å utsetja saka. PSU samla seg dermed om å utsetja saka og leggja ho ut på høyring på nytt med sikte på behandling i PSU den 4. juni og seinare i fellesnemnda.

Saka med utkast til etiske retningslinjer vert sendt ut på høyring til organisasjonane og partigruppene i dei tre kommunane. Utval for politisk styringsstruktur skal samanfatta høyringsfråsegnene. Når prosjektrådmannen sender saka til behandling i PSU og fellesnemnda, skal høyringsfråsegnene leggjast ved saka.

Målet med dei etiske retningslinjene til Nye Øygarden kommune er å sikra ein etisk standard som gjer at innbyggjarane har tillit til kommunen som tenesteytar, som forvaltningsmynde og som arbeidsgjevar. Det er teke utgangspunkt i retningslinjene til Sund kommune sine retningslinjer, men også Fjell og Øygarden sine retningslinjer var ein viktig del av drøftingane. Retningslinjene gjeld for både folkevalde og tilsette.

På møtet orienterte prosjektrådmann om status i arbeidet med å tilsetja assisterande kommunalsjefar, stabsleiarar og einingsleiarar. Målet er at dette er gjort innan 7. mai. Alle tilsette skal etter planen vera innplasserte innan 21. juni.  Lokalisering skal vera på plass seinast 30. oktober. Fem tilsetjingsutval med to representantar frå arbeidsgjevar og eín frå arbeidstakarorganisasjonane skal stå for tilsetjingane.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Drøftar etiske retningslinjer for Nye Øygarden kommune

Partssamansett utval skal på møtet den 23. april gje uttale til framlegg til etiske retningslinjer for Nye Øygarden kommune frå 1. januar 2020. Målet med Øygarden kommune sine etiske retningslinjer er å sikra ein etisk standard som gjer at innbyggjarane har tillit til kommunen som tenesteytar, som forvaltningsmynde og som arbeidsgjevar.

Utval for politisk styringsstruktur har fått eit utvida mandat der dei skal tilrå etiske retningslinjer for den nye kommunen innan 1. januar 2020.  Utvalet har i fire møte arbeidd med forslag til etiske retningslinjer. Det er teke utgangspunkt i retningslinjene til Sund kommune sine retningslinjer, men også Fjell og Øygarden sine retningslinjer var ein viktig del av drøftingane. Retningslinjene gjeld for både folkevalde og tilsette.

Eit utkast til etiske retningslinjer vart sendt ut på høyring til hovudtillitsvalde i alle dei tre kommunane.  Det kom inn to høyringsinnspel, og utval for politisk styringsstruktur har  utarbeidd eit endeleg framlegg til etiske retningslinjer, som no vert lagt fram for partssamansett utval til uttale og for fellesnemnda til endeleg avgjerd.

Møtet vert halde på Skjenet 2 og tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke

Lanserte felles kystpass

Rundt 60 personar hadde funne vegen til Stranda skule og Gitaren i dag. Ordførar i Sund, Kari-Anne Landro kunne erklæra lanseringa av felles kystpass. Dette er første gongen at dei tre kommunane står saman om felles kystpass og totalt 30 turmål.

Etter lanseringa av kystpasset, vart det tur til Veten for mange av dei som var til stades på lanseringa. Lengst framme er Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, kulturleiar i Sund Laila Klemetsaune og Sund-ordførar Kari-Anne Landro. Litt lengre bak måtte ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, ta seg tid til å verta fotografert.

Ordføraren viste til at dette tiltaket har sitt utspring i arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet i regi av Nye Øygarden kommune. Fellesnemnda har løyvd pengar til felles kystpass.

– Dette er eit viktig tiltak med tanke på fysisk aktivitet. Det er også godt for den fysiske helsa. Eit tiltak som dette er også eit bidrag for å unngå utanforskap. Det kostar ingenting å gå på tur, sa Landro som også understreka at ein er avhengig av frivillige for å få dette til. Kommunen har ikkje pengar til å gjera den jobben sjølv.

Utdeling av kystpass er ein viktig del av lanseringa.

Dei tre turlaga, Sund Turlag, Sotra og Øygarden Turlag og Øygarden Turlag orienterte om arbeidet sitt. Det handlar om seniorgrupper, turlag for barna, kajakkurs og sundagsturar.  Dei tre turlaga samarbeidet om felles kystpass. Det vart også vist filmklipp frå nokre av dei 30 turane som er ein del av felles kystpass.

På gitaren vart det delt ut Kvikklunsj og appelsinar før mange av dei frammøtte tok turen til Veten for ta det første klippet i kystpasset.

Les meir om kystpasset og turane her

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå lanseringa: