Author Archives: Vigleik Brekke

Fellesnemnda tek stilling til eigarstruktur og administrativ og politisk organisering

Det ligg mange store saker på bordet til fellesnemnda den 18. juni. Det øvste politiske organet i Nye Øygarden kommune skal ta stilling til sluttrapporten frå utval for eigarskapsmodellar. Her ligg det føre framlegg til organisasjonsmodellar, eigarskap og representasjon.

Sluttrapport frå utval for politisk styringsstruktur er ei av sakene i fellesnemnda den 18. juni.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fellesnemnda skal også ta stilling til sluttrapport frå utval for politisk styringsstruktur. Her er det lagt til grunn ein organisasjonsmodell med formannskap, to hovudutval og kontrollutval.
Rapporten vart første gong behandla i fellesnemnda den 16. april. Det vart vedteke å senda rapporten på høyring i dei tre kommunane.  Kommunestyra i dei tre kommunane slutta seg til hovudlinjene i sluttrapporten med ein modell med formannskap, to hovudutval og kontrollutval. Etter at rapporten har vore til høyring og behandla i dei tre kommunestyra, ligg han altså no klar for sluttbehandling i fellesnemnda.

Føreslår organisering med rådmann og fem kommunalsjefar

Prosjektrådmannen rår til at fellesnemnda vedtek ei overordna administrativ organisering på nivå 1 med rådmann og fem kommunalsjefar; tre for tenesteområda og to for stab- og støttefunksjonar. Dei tre tenesteområda er 1) oppvekst, 2) helse og velferd og 3) kultur og samfunn. Dei to støttefunksjonane vert leia av kommunalsjef for organisasjon og digitalisering og kommunalsjef for økonomi. Fase 2, som handlar om resten av organisasjon og leiinga, vert behandla seinare. Saka vart behandla av partssamansett utval den 12. juni.

Andre saker i fellesnemnda den 18. juni

  • Samordning av adressesystem i Nye Øygarden
  • Retningslinjer for endring av adressenamn
  • Delegasjon til prosjektrådmann og oppretting av administrative tilsetjingsutval for tilsetjing i stillingar i Nye Øygarden kommune
  • Prosess for tilsetjing av rådmann i Nye Øygarden kommune
  • Rammebudsjett for arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet
  • Tilråding ny tomt for vidaregåande skule
  • Framtidas kunnskapsklynge i Nye Øygarden kommune

Møtet vert halde på Skjenet 2 og tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling med saksliste.

Tekst: Vigleik Brekke

 

Partssamansett utval tilrår godkjenning av overordna administrativ organisering

Partssamansett utval (PSU) rår til at den overordna administrative organiseringa  i Nye Øygarden kommune vert samansett av rådmann og fem kommunalsjefar; tre for tenesteområda og to for stab- og støttefunksjonar. Dei tre tenesteområda er 1) oppvekst, 2) helse og velferd og 3) kultur og samfunn. PSU behandla denne saka på møtet i dag.  Saka vert endeleg avgjort i fellesnemnda den 18. juni.

Børge Haugetun, (i midten) har overteke leiarvervet i fellesnemnda og partssamansett utval. På biletet ser du også Kari-Anne Landro, Rune Lid og Marianne Sandahl Bjorøy.

Dei to støttefunksjonane er tilrådd leia av kommunalsjef for organisasjon og digitalisering og kommunalsjef for økonomi. Fase 2, som handlar om resten av organisasjon og leiinga, vert behandla seinare.

På drøftinga i PSU i dag kom det fram at det mellom anna er nyansar i synet på kor mange kommunalsjefar nivå 1 skal ha. Nokre tillitsvalde opna for å ha seks kommunalsjefar. Tom Georg Indrevik (H) presenterte eit forslag med tre kommunalsjefar. Hans forslag følgjer saka som ein protokolltilførsel.

Etter planen skal rådmannen for den nye kommunen vera på plass til 1. januar 2019. Prosjektrådmann Rune Lid opplyste at tilsetjing av kommunalsjefar vert gjennomført i løpet av august. Når kommunalesjefane er tilsette, får desse særskild ansvar som delprosjektleiarar.

Drøfta eigarskapsmodellar

PSU drøfta sluttrapporten frå utval for eigarskapsmodellar og tok innspela frå partane til orientering. Saka vert avgjort i fellesnemnda den 18. juni.

I rapporten, som er utarbeidd av utval for eigarskapsmodellar, er det mellom anna føreslått å etablera eit eige eigedomsselskap for kommunale næringseigedomar (aksjeselskap), nærings- og utviklingsselskap som aksjeselskap og eigedomsforvaltninga som kommunalt føretak (KF) eller kommunal eining (KE).  Det er også føreslått å fusjonera Sund vatn og avlaup AS med FjellVAR AS til det nytt selskap med namnet ØyVA(R) AS. Prosjektrådmannen går inn for at både forvaltninga av kommunale næringseigedomar og kommunale eigedomar vert organiserte i kommunal eining (KE). Han føreslår også at Øygarden brann og redning (ØBR) vert organisert som ei kommunal eining.

Drøftinga i PSU i dag viser at det er ulike syn på korleis ein del av dei kommunale tenestene i den nye kommunen skal organiserast. Fleire som tok ordet, var tydelege på at den nye kommunen burde vidareføra eigarskapen og samarbeidet med Trigger AS. PSU samla seg om at det ikkje skulle gjevast innstilling i saka, men ta ho til orientering.

Representantane for dei tilsette leverte inn ein protokolltilførsel som vart lagt ved saka.

Representantane frå organisasjonane til dei tilsette gav uttrykk for at organisasjonane ikkje har vore involverte i arbeidet med eigarskapsmodellar. I eit protokolltilførsel skriv dei at organisasjonane ikkje har fått medverknad i denne omorganiseringa og krev prosess og drøftingar for å kunna ta i vare rettane til dei tilsette.

– Vi er ikkje informert om kva som er konsekvensen for tilsette innanfor eksempelvis reinhald, drift, vaktmeister, vedlikehald og transport dersom tenestene vert overførte til eit KF (kommunalt føretak), heiter det i protokolltilførselen der det vert vist til hovudavtalen.

Også Tom Georg Indrevik (H) leverte inn eit forslag som ikkje vart røysta over. Forslaget vart lagt ved saka som protokolltilførsel.

Børge Haugetun overtok som leiar av fellesnemnda den 1. juni, og møtet i PSU var det første han leia etter at han overtok som leiar etter Kari-Anne Landro.

– Dette er eit velfungerande utval. Eg opplever at trepartssamarbeidet mellom politikarar, tillitsvalde og administrasjon fungerer godt i PSU, seier Haugetun.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

Gjennomfører  undersøking om lokaldemokrati og identitet

Tysdag den 12. juni vil innbyggjarane i Sund, Fjell og Øygarden via SMS få invitasjon til å delta i ei nettbasert undersøking om lokal identitet.

Det er arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet i Nye Øygarden kommune som inviterer til ei 0-barometerundersøking (nettbasert).

– Vi gjer dette for å få kunnskap om kva innbyggjarane tenkjer om identitet, tilhøyrsle og deira deltaking i lokaldemokratiet, seier leiar av arbeidsgruppa Tom Georg Indrevik.

I undersøkinga vert det stilt spørsmål om korleis innbyggjarane opplever lokaldemokratiet fungerer i dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden som arbeider med å byggja Nye Øygarden kommune.

– Dette vil gje nyttig innsikt. Resultatet av undersøkinga gjer det mogleg å retta innsats mot konkrete tema eller område i den nye kommunen, seier Indrevik.

Undersøkinga skal presenterast for fellesnemnda og dannar grunnlaget for tema som vert tekne opp i debattar i biblioteka i dei tre kommunane.

Du må gje opp e-postadressa di for å delta, men merk at undersøkinga er anonym.  Klikk her for å delta. Undersøkinga er open til 26. juni.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Macbook

Tilrår at kommunale eigedomar vert organiserte i kommunal eining

Partssamansett utval (PSU) skal på møtet den 12. juni gje tilråding til sakene om eigarskapsmodellar og overordna administrativ organisering. Prosjektrådmann Rune Lid er no klar med innstillinga i sakene.

Rune Lid

Utval for eigarskapsmodellar har utarbeidd ein sluttrapport med framlegg til organisasjonsmodellar og eigarskap og representasjon. Rapporten har vore til høyring, og på bakgrunn av høyringsfråsegnene legg prosjektrådmannen no fram si tilråding overfor PSU som behandlar saka den 12. juni. Fellesnemnda gjer endeleg vedtak den 18. juni.

I rapporten er det føreslått å etablera eit eige eigedomsselskap for kommunale næringseigedomar (aksjeselskap) og eigedomsforvaltninga som kommunalt føretak (KF) eller kommunal eining (KE). Prosjektrådmannen føreslår at både forvaltninga av kommunale næringseigedomar og kommunale eigedomar vert organiserte i kommunal eining (KE). Det er også føreslått at Øygarden brann og redning (ØBR) vert organisert som ei kommunal eining.

Prosjektrådmannen går vidare inn for å fusjonera Sund vatn og avlaup med FjellVAR og at det fusjonerte selskapet får namnet ØyVA(R). Det er førelått å utgreia om renovasjonstenestene (R) skal vera knytt til dette selskapet eller BIR. Prosjektrådmannen føreslår at det vert utgreidd eit alternativ med etablering av eit eige næringsutviklingsselskap (Øygarden næring og utvikling AS).

Det vert føreslått at Nye Øygarden kommune vert medlem av Vest-Norges Brüsselkontor og Sunne kommunar og at eigarskapen og samarbeidet med Trigger Jobb AS vert ført vidare.

I saksutgreiinga skriv prosjektrådmannen at han ser saka om eigarskapsmodellar og overordna administrativ organisering i samanheng, og vil ha eit «administrativt blikk» på saka om eigarskapsmodellar.

Han skriv også i vurderinga at ved å redusera talet på interkommunale samarbeid og interkommunale selskap, får den nye kommunen no høve til å leggja oppgåvene innanfor eigen organisasjon for å sikra styring, leiing og samhandling mellom tenester.

Føreslår organisering med rådmann og fem kommunalsjefar

Prosjektrådmannen rår til at fellesnemnda vedtek ei overordna administrativ organisering på nivå 1 med rådmann og fem kommunalsjefar; tre for tenesteområda og to for stab- og støttefunksjonar. Dei tre tenesteområda er 1) oppvekst, 2) helse og velferd og 3) kultur og samfunn.

Dei to støttefunksjonane vert leia av kommunalsjef for organisasjon og digitalisering og kommunalsjef for økonomi. Fase 2, som handlar om resten av organisasjon og leiinga, vert behandla seinare.

I mai utarbeidde rådmennene eit høyringsdokument med framlegg til organisering og drøfting av nivå 1. Dette var til høyring fram til 31. mai. I utgreiinga skriv prosjektrådmannen at dei fleste innspela i høyringsrunden stettar prosjektrådmannen/rådmennene sitt forslag. Prosjektrådmannen meiner at den tilrådde modellen vil gje ein handlekraftig og effektiv kommunal organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Etter planen skal rådmannen for den nye kommunen vera på plass til 1. januar 2019. Tilsetjing av kommunalsjefar vert gjennomført i løpet av august. Når kommunalesjefane er tilsette, får desse særskild ansvar som delprosjektleiarar.

Møtet vert halde på Skjenet 2 og tek til klokka 09.00. Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

Samarbeider om friluftsliv

Nærare 30 personar møtte opp på friluftslivsforum i lokala til RAN Seilforening måndag kveld. Arrangementet vart gjennomført som eit samarbeid mellom Bergen og Omegn Friluftsråd (BOB) og dei tre kommunane i regionen.

Kvelden vart avslutta med gruppearbeid. Det vart stilt spørsmål om kva friluftsforumet kan gje i den nye kommunen og korleis ein kan arbeida saman for å utvikla felles kystpass og felles turkart.

 

 

Både turlaga og BOB presenterte arbeidet sitt, og det er semje om at engasjementet for friluftsliv vert styrkt med auka samarbeid. Det er fire turlag i dei tre kommunane. På møtet måndag kveld vart det opplyst at Fjell Turlag og Sund Turlag har drøfta samarbeid.

Turid Espeskog i Sotra Øygarden Turlag ønskte også å delta i samarbeidet.

– Personleg tykkjer eg det er litt råflott med fire turlag, to i Fjell og eitt i kvar av dei andre to kommunane. Også vi ønskjer å vera med i diskusjonen om samarbeid. Er det opning for samarbeid som endar opp med eitt eller to turlag, var spørsmålet som Espeskog stilte til dei som hadde møtt fram på samlinga.

Turid Espeskog

Felles kystpass og turkart

Rådgjevar hjå Kultursjefen i Fjell, Linn-Christin Torgersen, styrte ordet denne kvelden. Ho understreka at friluftsforumet ikkje er eit kommunalt forum, men eit forum for aktørar og personar med interesse for friluftsliv. Rolla til kommunane er å leggja til rette for eit slikt møtepunkt.

Eit sentralt tema på samlinga var å gje status for planane om felles turkart og kystpass i den nye kommune. I Sund er allereie kystpass innarbeidd. No ser friluftsfolket for seg at det kan lagast turkart og kystpass for Nye Øygarden kommune. Ifølgje Torgersen vil turpass truleg verta ein realitet i 2019. Det kan ta noko lengre tid før eit felles turkart er på plass. No handlar det om å etablera arbeidsgruppe(r) som skal realisera planane.

Leiar i utval for lokaldemokrati og identitet for Nye Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, orienterte om status for arbeidet i gruppa.

– Det skjer mykje i kommunane, og kulturen skal vera identitetsskapande. Det skjer mykje spennande her ute, men vi treng å få endå meir informasjon om dette ut til innbyggjarane. Det er ikkje vi som skal gjennomføra arbeidet med samarbeid om friluftsliv, men vi kan leggja til rette for det, sa Indrevik. Også ordførar i Sund, Kari-Anne Landro var til stades på samlinga.

Runhild Rokkan i Sund Turlag orienterte om kva tilbod turlaget allereie har etablert. I 2018 er det 17 turmål i kystpasset. Elles er det ei rekkje aktivitetar i laget. Det same kunne Liv Edel Mikkelsen i Øygarden fortelja om. I Øygarden er det 60 kilometer med GPS-merkte løyper. Øygarden Turlag vart stifta i mars 2014.

Mr. Bergen og Omland Friluftsråd

Åge Landro har vore dagleg leiar i Bergen og Omland friluftsråd i mange år og rundar av i løpet av 2018. Men det manglar ikkje på glød og entusiasme når Landro får ordet. Han viste til ei rekkje kulturperler i dei tre kommunane i regionen og kor mykje ressursar som må til for å driva dette arbeidet som 17 kommunar står saman om. 16 tilsette står for dette (70 står på lønningslista!).

Åge Landro

– Berre for å vedlikehalda bygninga og området på Hissøyna er det sett av ressursar to dagar i veka, sa Landro som også var svært glad for at Geitvika er sett av til friluftsområde på Søre Straume.

Landro viste også til det store engasjementet for strandrydding dei siste åra. Han var ikkje berre pessimistisk.

– Etter å ha sett utviklinga når det gjeld boss i naturen, vil eg seia at det faktisk er vorte litt betre, sa Landro.

 

Då kom det ikkje heilt uventa eit kommentar frå siste benk.

– Det er ikkje godt nok. Røysta høyrte til Kenneth Bruvik.

Samlinga måndag kveld vart avslutta med gruppearbeid.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga:

Kvelden vart avslutta med grupparbeid der det vart stilt spørsmål om kva eit friluftslivforum kan gje i den nye kommunen og korleis ein kan arbeida saman om felles turkart og kystpass.

 

 

Tom Georg Indrevik
Runhild Rokkan
Linn-Christin Torgersen

Liv Edel Mikkelsen

Leverte stafettpinnen til Børge Haugetun

I dag (1. juni) overlét Sund-ordførar Kari-Anne Landro leiarvervet i fellesnemnda for Nye Øygarden kommune til ordførar i Øygarden, Børge Haugetun.

Kari-Anne Landro overlét leiarvervet av fellesnemnda til Børge Haugetun.

Ikkje heilt tilfeldig hadde Landro funne fram ein nynorskstafettpinne som ho kunne levera til Haugetun på fredag.

– Børge Haugetun skal få god støtte frå oss to andre ordførarar når han no tek over leiarvervet. Eg er trygg på at han vil vidareføra den gode modellen med leiargruppa samansett av dei tre ordførarane, seier Kari-Anne Landro som har leia fellesnemnda sidan oktober 2017.

Leiarvervet skal gå på omgang. Haugetun skal leia fellesnemnda ut dette året. Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy leiar fellesnemnda i perioden januar – september 2019.

– Det har vore fleire krevjande prosessar i den første perioden for fellesnemnda, men Kari-Anne Landro har utført vervet på ein svært god måte.  Det er mykje å ta fatt i. Mellom anna skal vi om kort tid vedta den overordna administrative organiseringa av den nye kommunen, seier Børge Haugetun.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Fellesprosjekt får statleg støtte

Fjell, Sund og Øygarden som skal slå seg saman til Nye Øygarden kommune er mellom dei fire prosjekta som får støtte fra Difis StimuLab etter første søknadsrunde.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (til venstre).

StimuLab er ei ordning som DIFI (direktoratet for offentleg forvaltning) og DOGA (design og arkitektur Norge) forvaltar på vegner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei tre kommunane skal nytta midlane til å utforska korleis dei kan samordna tenester til utsette barn og unge og deira pårørande.

– Vi vil støtta verksemder som vågar å tenkja nytt og testa ut nye måtar å jobba på. Difor har regjeringa tildelt ti millionar kroner i 2018 til statlige verksemder og kommunar som vil innovera i offentleg sektor, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Det er rådmennene i dei tre kommunane som er styringsgruppe for prosjektet, medan Elin Helland-Jooste er prosjektleiar. Dei tre kommunane har fått 1,2 millionar kroner til prosjektet.

StimuLab skal støtta og stimulera til brukarorientert nyskaping i forvaltninga, gjennom bruk av tenestedesign, testing og eksperimentering. Ordninga skal styrkja innovasjonskapasiteten i offentleg sektor, både ved å støtta konkrete innovasjonsprosjekt, og bidra til kompetanseheving og erfaringsspreiing på tvers.

Det er Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) som vel ut prosjekta, og i går vart det kjent kva fire første prosjekt som kjem med i StimuLab, og som får ei støtte på i alt 6,2 millionar kroner.

I søknaden frå dei tre kommunane går det fram at dei ønskjer å utforska korleis dei kan samordna tenestene til utsette barn og unge og deira pårørande.

– I dag er tenestene delte opp og ulikt organiserte i dei tre kommunane som skal slå seg saman. Dette prosjektet vil gje kunnskap og erfaring om korleis dei kan nytta tenestedesign som ein del av kommunesamanslåinga og verta eit konkret døme på tenesteutvikling i den nye kommunen, seier prosjektleiar Elin Helland-Jooste.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Føregangsland i digital helse

Danmark ligg heilt i verdstoppen når det gjeld digital helse. Det fekk fellesnemnda for Nye Øygarden erfara på studieturen til Danmark denne veka.

Nanna Skovgaard

Kontorsjef Nanna Skovgaard i Sundheds- og Ældreministeriet i København kommune orienterte om den nasjonale strategien for digital helse (2018-2022) som vart presentert i januar i år. Danmark haustar mykje ros for løysingar med felles medisinkort og nettstaden sunhed.dk.

Danmark har mange av dei same utfordringane som Noreg. Det vert stadig fleire eldre. I følgje det nasjonale dokumentet om digital helse vil talet på eldre over 75 doblast i løpet av dei 30 komande åra.

Målet er å auka tal behandlingar og redusera lengda på opphaldet på sjukehusa. Danmark har peika ut åtte nasjonale mål for helsevesenet. Det handlar om å forbetra overleving og pasienttryggleik, høgare kvalitet på behandlinga, raskare utgreiing og behandling, fleire sunne leveår og meir effektivt helsevesen, for å nemnda nokre av måla.

Digitalt samarbeid er nødvendig

– Det er ikkje noko alternativ til auka digitalt samarbeid. No er det berre 20 prosent av befolkninga i alderen 65 til 89 år som aldri nyttar internett. I arbeidet med digitalisering handlar det mykje om kva vi kan gjera med mobilen, sa Nanna Skovgaard.

Danmark har utvikla eit felles medisinkort landet er stolt av. Her får innbyggjarane tilgang til samla overblikk over sin eigen helsestatus. Det danske helsevesenet arbeider med å utvikla dette digitale hjelpemiddelet slik at det kan delast til beste for innbyggjarane, pårørande og helsepersonell. I dag finst det ulike datasystem blant dei ulike aktørane i helsevesenet.

– Vi treng ikkje eitt system, men ein journal. Sjukehus, fastlegar, kommunelegar treng nødvendigvis ikkje same systema, sa Nanna Skovgaard.

Ifølgje Skovgaard er politikarane svært opptekne av datatryggleiken. Døme på utfordringar er virusangrep, hacking og cyberangrep.

Innbyggjarservice

På studieturen til København og Gentofte kommune var det også informasjon om innbyggjarservice (borgarservice) og bruk av bibliotek som basis for borgarservice. Deltakarane på studieturen fekk også innføring i politiske vedtak og strategiar for digitalisering. Mellom anna vart det i Danmark frå 2014 obligatorisk å kommunisera digitalt med det offentlege.

Det var også gruppearbeid der deltakrane vart utfordra på korleis ein kan digitalisera ulike tenesteområde i Nye Øygarden kommune. Studieturen vart avslutta med å drøfta hovudpunkt i intensjonsavtalen. Det vart stilt spørsmål om kva fellesnemnda meiner med at «digitalisering skal kompensera for avstand», kva fellesnemnda meiner med at «dei publikumsretta tenestene skal vera sikra i kommunale servicesenter» og kva ein meiner med at dei «brukarretta tenestene skal vera så nær brukarane som mogleg».

Prosjektrådmann Rune Lid, leiar av fellesnemnda og ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, og ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, viser her klart korleis dei opplevde studieturen til Danmark.

Prosjektrådmann rune Lid viste til leiarsamlinga på Flesland 14. og 15. mai som han opplevde som positiv og god for arbeidet med den overordna administrative organiseringa.  Han minna også om at i arbeidet med å byggja ein ny kommune må vi våga å snakka om det som vi kan venta med. Han rosa dei to andre rådmennene for god støtte i arbeidet med å leia arbeidet. Etter ein høyringsrunde på eit dokument der rådmennene har presentert sitt framlegg til overordna administrativ organisering, skal prosjektrådmannen tidleg i juni gje innstilling til den overordna administrativ organiseringa av den nye kommunen. Saka vert behandla i partssamansett utval den 12. juni og fellesnemnda den 18. juni.

Leiar av fellesnemnda Kari-Anne Landro summerte opp med å seia at det hadde vore eit godt fagleg program på studieturen. Ho understreka også kor viktig det er at representantar frå dei tillitsvalde var på turen.

Den 1. juni tek ordførar Børge Haugetun over som leiar av fellesnemnda for Nye Øygarden kommune.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete

Anja Svejgaard Pors frå Institut for Ledelse og forvaltning

 

 

 

Annette Ishøy-Rasmussen, sjef for Borgerservice, digitalisering og IT i Gentofte kommune.
Sjef for hovudbiblioteket i København, Jakob Heide Petersen

 

 

 

Engasjerer innbyggjarane med oppgåveutval

Gentofte kommune like sør for København er ein av tre-fire kommunar i Danmark som har innført oppgåveutval. Desse mellombelse ad-hocprega utvala er samansett av 10 innbyggjarar og fem politikarar. Kommunaldirektør Frank E. Andersen seier at det er etablert 23 forskjellige oppgåveutval sidan 2015. Erfaringane med denne ordninga er gode.

Frank E. Andersen

På eit etter måten avgrensa areal på 26 kvadratkilometer i Gentofte bur det 75 800 innbyggjarar. Det vil seia om lag dobbelt så mange innbyggjarar som Nye Øygarden kommune, med sitt areal på 314 kvadratkilometer, vil ha frå 2020. Innbyggjarane i Gentofte har høg gjennomsnittleg inntekt, og kommuneleiinga meiner Gentofte får behalda for lite av inntektene som vert genererte i kommunen.

I to dagar denne veka har fellesnemnda for Nye Øygarden kommune, representantar for tillitsvalde og rådmennene i dei tre kommunane i vest besøkt Gentofte.

– Vi må sikra innbyggjarane våre betre velferd og robuste fellesskap med mindre ressursar, seier Frank E. Andersen. Spørsmålet kommunen måtte stilla seg var om ein skulle spara seg ut av dette. Kommunen valde ein annan veg.

Utfordrar oppgåveutvala

– Vi har vore verdsmeister i prosessar og å levera dokument. Vi må tenkja alternativt og fokusera meir på kva vi kan få ut av det vil gjer. Tidlegare laga vi høyringsnotat for så å få inn kommentarar. No presenterer vi ei problemstilling, og ved bruk av oppgåveutval kan vi spørja korleis vi skal løysa forskjellige problemstillingar, kunne kommunaldirektøren fortelja studieturdeltakarane. På denne måten kan kommunen på ein heilt annan måte enn før involvera innbyggjarane i politikkutviklinga.

Gentofte kommune er politisk organisert med kommunestyre (kommunalbestyrelse) eitt økonomiutval, seks
(hovud)utval og ei rekkje mellombelse oppgåveutval.

– Med denne ordninga har vi mindre hierarki, færre møte og ein meir ad-hocprega struktur som vi opplever gjev meir innovasjon. I oppgåveutvala er politikarane og innbyggjarane saman om å utføra politikkutvikling. Dette er ikkje politisk styring, men politisk leiarskap, forklarte Andersen. Sidan 2015 har to tusen fem hundre innbyggjarar delteke i oppgåveutval i Gentofte kommune.

To tredelar av oppgåvene er flytta frå tradisjonelle politikarutval til oppgåveutvala. Etter annonsering og oppslag, avgjer kommunestyret kva 10 borgararar som skal sitja i oppgåveutvala saman med dei fem politikarane. Det som oppgåveutvala utarbeider går til godkjenning i kommunestyret (kommunebestyrelsen) som er samansett av 19 representantar. Gentofte er ein «konservativ» kommune der Det Konservative Folkeparti (C) har reint fleirtal.

Borgarservice

I Gentofte kommune er det også innført innbyggjarservice (borgarservice) der folk kan få hjelp til å ordna med pass, førarkort, vigsel, folkeregiseter, sjukeforsikring og mykje meir. I Gentofte kommune er det eitt hovudbibliotek og fem bydelsbibliotek.

I intensjonsavtalen for Nye Øygarden kommune er det presisert at biblioteka skal vera en viktig møteplass for innbyggjarane; …….Biblioteka skal vera gode lokale møteplassar lagt til kommunedelsentra, heiter det i intensjonsavtalen.

Deltakarane på studieturen.

Det var Peter Emmerich Hansen og Anders Bilsøe Lassen i Implement Consulting Group i København som leia studieopplegget. Emmerich Hansen har vore ei rekkje gonger i Fjell kommune og regionen vår og leia delegasjonar frå Danmark som har ønskt å verta kjent med korleis regionen vår realiserer samhandlingsreforma (helse og omsorg).

– Over halvparten av dei 98 kommunane i Danmark har vore på besøk hjå dykk, seier Emmerich Hansen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå studieturen

Frå venstre; Silvia Haugland, Kari-Anne Landro og Nils Kåre Skoge
Frå venstre; Ingrid Marie Toft, Rune Lid, May-Elin Limevåg, Pernille Thormodsen og Marianne Sandahl Bjorøy.
Ernst Einarsen
Peter Emmerich Hansen
Anders Bildsøe Lassen

 

Høyring om administrativ organisering

I sist veke sende rådmennene i dei tre kommunane framlegg til overordna administrativ organisering ut til høyring.

Rune Lid

I forkant av ei leiarsamling på Flesland 14. og 15. mai var det laga eit grunnlagsdokument, og i etterkant av drøftinga der er det laga eit notat som viser rådmennene sitt framlegg til overordna administrativ organisering av Nye Øygarden kommune.

Rådmennene går inn for at Nye Øygarden kommune vert organisering med to organisasjons- og fullmaktsnivå (to-nivåmodell) med fem kommunalsjefar. Prosjektrådmann Rune Lid seier at tilsette i dei tre kommunane kan gje merknader til framlegget. I denne omgang gjeld høyringa nivå 1.

– I denne høyringa ønskjer vi ikkje kommentarar og innspel på nivå 2. I framlegget frå rådmennene er det lista opp moglege arbeidsområde under dei enkelte kommunalsjefane, men merknader til dette (nivå 2) vil vi koma tilbake til i ein ny høyringsrunde. No ønskjer vi kort og godt tilbakemelding på nivå 1, det vil seia den overordna administrative organiseringa, seier Rune Lid.

Høyringsfristen er 31. mai.  Merknader kan sendast til Sølvi Fotland Spile : Solvi.Spilde@nyeoygardenkommune.no

Her er rådmennene sitt framlegg til overordna administrativ organisering.

Tekst og foto: Vigleik Brekke