Author Archives: Vigleik Brekke

Lyser også ut oppvekstsjefstillinga eksternt 

Også stillinga som kommunalsjef for oppvekst for Nye Øygarden kommune vert lyst ut eksternt.

Utvalet som fellesnemnda har peika ut til å tilsetja kommunalsjefar i Nye Øygarden kommune avgjorde i sist veke at dei tre stillingane, helse og velferd, organisasjon og digitalisering og kultur og samfunn, skal lysast ut eksternt.

Utvalet har hatt 2. gongs intervju med søkjarar til stillinga som kommunalsjef for oppvekst og konkludert med at også denne stillinga vert lyst ut eksternt. Dermed skal alle dei fire kommunalsjefstillinga lysast ut på denne måten.

Prosjektrådmann Rune Lid opplyser at stillingane vert lyst ut med det aller første. Målet er å få kommunalsjefane på plass så raskt som mogleg.

Tekst: Vigleik Brekke

Lyser ut tre kommunalsjefstillingar eksternt

Utvalet som fellesnemnda har peika ut til å tilsetja kommunalsjefar i Nye Øygarden kommune, har hatt samtalar med alle søkjarane. Det er avgjort at tre av stillingane vert lyste ut eksternt.

Dei tre kommunalsjefstillingane som vert utlyste eksternt er;

  • Helse og velferd
  • Organisasjon og digitalisering
  • Kultur og samfunn.

Prosjektrådmann Rune Lid opplyser at for kommunalsjefstilling oppvekst vert det om kort tid gjennomført 2. gongs intervju med aktuelle kandidatar. Eventuell ekstern utlysing for denne stillinga, vert først vurdert etter at 2. gongs intervju er gjennomført.

– Felles idrettsråd vil stå sterkt

Måndag kveld var 40 engasjerte idrettsfolk på plass i Hjeltefjorden Arena på felles idrettsforum for å snakka om framtida for idretten lokalt. Våren 2019 ligg det i korta at dei tre idrettsråda i Sund, Fjell og Øygarden vert slått saman til eit nytt felles idrettsråd.

40 personar møtte opp på felles idrettsforum i den nye idretts- og kulturhallen på Rong måndag kveld.

–  Det er svært viktig å samarbeida i idretten. Erfaringa viser at godt samarbeid med politikarane og administrasjonen i kommunane fører til at ting skjer, seier leiar i Øygarden idrettsråd, Kenneth Oen, etter møtet på måndag.

Oen reknar med at dei formelle vedtaka i dei tre idrettsråda vert gjennomførte våren 2019 og at eit nytt felles idrettsråd kan vera ein realitet kort tid etter. I tillegg til Oen orienterte Eli Årland Berland (Fjell) og Ronny Kausland (Sund) om status for arbeidet med å etablera felles idrettsråd.

På møtet i på måndag viste Anne-Kristine Aas i Hordaland idrettskrets til at når offentlege forvaltningsledd vert slått saman, skal idretten sine tilsvarande organisasjonsledd gjera det same. Ifølgje Aas er hovudmåla for idretten å ta med dei beste ordningane frå dei tidlegare kommunane og skapa rammevilkår for idretten i den nye kommune slik at dei samla vert betre.

Stort engasjement i idretten

Arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet for Nye Øygarden kommune «fasiliterte» samlinga på måndag. Leiar Tom Georg Indrevik synleggjorde eit omfattande lokalt idrettsengasjement ved å visa til at det no er registrert 41 idrettslag i dei tre kommunane.

– Ifølgje Statistisk sentralbyrå er det over åtte tusen personar i alderen seks til 19 år i dei tre kommunane. Det er ei utfordring å få engasjert alle desse i lag og organisasjonar. Ambisjonen vår kan vera å verta den sprekaste kommunen i Noreg, frå dei yngste til dei eldste, sa Indrevik.

Også Kenneth Oen er oppteken av at alle må vera med, både barn unge og vaksne.

– Lag turløyper i tilknyting til idrettsanlegga som foreldra kan nytta medan barna er på trening, er rådet frå Oen.

På møtet på måndag orienterte Bjørn Ove Myking om samanslåing av Nye Alver idrettsråd (Lindås, Meland og Radøy). Han meinte at det var viktig å få på plass ein samarbeidsavtale mellom “nytt” idrettsråd og den nye kommunen så raskt som mogleg.

Gruppearbeid

Kulturleiar i Øygarden, Christel Møvik-Olsen, presenterte Hjeltefjorden Arena som vert offisielt opna onsdag 22. august. Ho opplevde møtet på måndag som positivt og at det også var gode drøftingar i gruppearbeidet mot slutten av samlinga.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ivar Einarsen

Lyser ut stillinga som rådmann for Nye Øygarden kommune

I dag vert stillinga som rådmann for Nye Øygarden kommune lyst ut. Den som vert tilsett, går i første omgang inn som prosjektleiar og vert permanent rådmann i den nye kommunen frå januar 2020.

I annonseteksten står det at det vert søkt etter ein tydeleg, drivande og samlande leiar som har evne til å byggja tillit og få til god samhandling med politisk leiing og tilsette/tillitsvalde i kommunen.

Søknadsfristen er 12. september.

Sjå stillingsannonse her.

Her finn du utlysinga med søknadsskjema.

11 har søkt kommunalsjefstillingane

Då fristen for å søkja dei fire kommunalsjefstillingane i Nye Øygarden kommune gjekk ut den 6. august, hadde det meldt seg 11 søkjarar. To av dei har søkt to av stillingane.

Det er tidlegare avklart at Rune Lid, som er rådmann i Sund og prosjektrådmann for nye Øygarden kommune, skal ha stillinga som kommunalsjef for økonomi. Rådmannsstillinga vert lyst ut om nokre få dagar. Det vert teke sikte på at den nye rådmannen er på plass frå januar 2019.

Her er lista over dei som har søkt stillingane som kommunalsjefar:

Kommunalsjef for oppvekst

Rune Landro (60), Ågotnes, kommunalsjef for oppvekst i Øygarden
Anne-Merete Vabø Haugane (49), Brattholmen, rektor på Fjell ungdomsskule
Jogeir Sognnæs (57), Steinsland, leiar pedagogisk psykologisk teneste/assisterande skulesjef i Fjell
Margun Landro (60), Ågotnes, barnehagesjef i Fjell
Tove Helleland (51), Brattholmen, sosialsjef i Fjell

Kommunalsjef for helse og velferd

Line Barmen (53), Bergen, omsorgssjef i Fjell kommune
Tove Helleland (51), Brattholmen, sosialsjef i Fjell kommune
Monica Pedersen (54), Bønes, leiar flyktningar og tenesteutvikling i Fjell kommune
Marita Hilleren (46), Hauglandshella, kommunalsjef  i Sund

Kommunalsjef for organisasjon og digitalisering

Monica Pedersen (54), Bønes, leiar flyktningar og tenesteutvikling i Fjell kommune
Lisbeth Grosvold (55), Fjell, personalsjef i Fjell
Jørgen Kausland (36), Skogsvåg, IKT-leiar i Sund

Kommunalsjef for kultur og samfunn

Knut-Eivind Nygård (60) Klokkarvik, leiar av forvaltning, drift og vedlikehald i Sund

 

Eit tilbakeblikk på halvåret som ligg bak

Administrativ organisering, politisk styringsstruktur, omstillingsavtale for tilsette, endring i prosjektleiinga og eigarskapsmodellar er nokre av dei sakene og hendingane som har prega arbeidet med å byggja Nye Øygarden kommune dei seks første månadene i år.

Den 1. juni overlét Kari-Anne Landro leiarvervet av fellesnemnda til Børge Haugetun.

Her kan du lesa om litt av det somhar skjedd første halvår 2018.

Rune Lid vert kommunalsjef for økonomi i Nye Øygarden kommune

Rådmann i Sund, Rune Lid,  er tilsett som kommunalsjef for økonomi i Nye Øygarden kommune. Det har tilsetjingsutvalet avgjort. Rune Lid, som sidan 16. april også har vore prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune, har takka ja til stillinga som kommunalsjef.

Rune Lid

 

Tilsetjingsutvalet er samansett av dei tre ordførarane i regionen, Børge Haugetun (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Kari-Anne Landro (Sund), Odd Bjarne Skogestad (KrF) og tre tillitsvalde. Dei tillitsvalde er Hildegunn Høyland, Einar Lunde og Solveig Rong.

I samband med at Rune Lid vart tilsett som prosjektrådmann i fellesnemnda den 16. april, vart det også avgjort at han skulle få tilbod om stillinga tilsvarande assisterande rådmann frå og med 1. januar. Fellesnemnda avgjorde i møtet den 18. juni at tilsetjingsutvalet får mynde til å tilsetja Rune Lid i aktuell kommunalsjefstilling.

Fellesnemnda vedtok den 18. juni at toppleiinga i den nye kommunen skal vera samansett av rådmann og fem kommunalsjefar; tre for tenesteområda og to for stab- og støttefunksjonar. Dei tre tenesteområda er 1) oppvekst, 2) helse og velferd og 3) kultur og samfunn. Dei to støttefunksjonane vert leia av kommunalsjef for organisasjon og digitalisering i tillegg til kommunalsjef for økonomi.

Lyser ut fire kommunalsjefstillingar denne veka

Tilsetjingsutvalet arbeider med gjennomføra tilsetjing i dei fire kommunalsjefstillingane som står igjen. Desse stillingane vert lyst ut denne veka. Målet er at alle kommunalsjefane er tilsette i løpet av august. Kommunalsjefane skal vera delprosjektleiarar fram til den nye kommunen er ein realitet 1. januar 2020.

– Etter påske har vi prioritert arbeidet med overordna administrativ organisering. Ved å få den overordna strukturen på plass så tidleg som mogleg, sikrar vi tilstrekkeleg med tid til å arbeida med neste fase (nivå to). Dette arbeidet vert svært viktig, og det er gjennom dette arbeidet vi kan sikra best mogleg tenester for innbyggjarane, seier Rune Lid.

Her er utlysingsteksten for dei fire kommunalsjefstillingane.

Rune Lid rosar leiargruppene i dei tre kommunane for å støtta godt opp om dette arbeidet. Han opplever at dei har tilført ressursar og kompetanse i den krevjande og viktige fasen Nye Øygarden kommune har vore gjennom.

– Den siste tida har vore svært hektisk for mange medarbeidarar i dei tre kommunane. Eg vil også takka mine rådmannskollegaer for svært gode bidrag og arbeidsinnsats den tida eg har vore prosjektrådmann, seier Lid som også takksam for at fellesnemnda har gjort nødvendige vedtak som har sikra framdrift i arbeidet med å byggja den nye kommunen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

Her oppsummerer Børge Haugetun møtet i fellesnemnda

Det handla mellom anna om politisk og administrativ organisering, eigarskapsmodellar og lokalisering av ny vidaregåande skule då fellesnemnda for Nye Øygarden kommune på måndag hadde sitt siste møte dette halvåret.

– Det var eit langt møte med tunge saker. Debatten var god sjølv om vi ikkje var samstemt i alle sakene, seier leiar av fellesnemnda, Børge Haugetun.

Her er opptak frå heile møtet i fellesnemnda.

Video/redigering: Jøran Ingvaldsen

Ønskjer dialog om to tomtealternativ for ny vidaregåande skule 

Etter ein lang debatt på fellesnemnda i dag om lokalisering av ny vidaregåande skule på Straume/Bildøyna, samla politikarane seg om to aktuelle tomtealternativ i fråsegna som vert oversendt til Hordaland fylkeskommune. I fråsegna heiter det at både Bildøytangen (tomt 41) og  Stovevatnet (tomt 45, sør for Fjell rådhus) peikar seg ut, og fellesnemnda ønskjer å gå i vidare dialog med Hordaland fylkeskommune om desse alternativa.

Fylkestinget har vedteke at det skal etablerast ny skule i kollektivknutepunktet Straume/Bildøyna i 2024. Biletet viser Sotra vidaregåande skule, Bildøyna

Etter planen skal fylkestinget i oktober i år avgjera kvar den nye skulen skal plasserast. I debatten i dag kom det klart fram at fellesnemnda er delt i synet på kvar den nye skulen bør lokaliserast. Nokre tok til orde for Bildetangen, medan andre meinte Stovevatnet var det beste alternativet. Fellesnemnda samla seg altså om å gå i dialog med fylket om begge alternativa. Det vert også presisert at omsynet til elevane må setjast først ved val av ny tomt.

– Sotra vidaregåande Skule, Bildøyna, har i dag gamle og på dei fleste område utdaterte lokale.  Det er difor avgjerande at tomteval ikkje påverkar framdrifta, heiter det i vedtaket. Forslaget vart fremja av Kari Anne Landro.

Formelt er det Fjell kommune som er forhandlingspart fram til den nye kommunen er etablert frå 2020. For tomt 41 (Bildetangen) er det ein føresetnad at tomta vert overført til kommunal eige dersom dette vert den aktuelle tomta.

Dei to aktuelle tomtealternativa fellesnemnda vil ha dialog med fylkeskommunen om, er Stovevatnet (til venstre) og Bildetangen (skissse Norconsult)

Godkjende overordna administrativ organisering

Fellesnemnda godkjende framlegget til overordna administrativ organisering for Nye Øygarden kommune (frå januar 2020).

Den overordna administrative leiinga vert samansett av rådmann og fem kommunalsjefar; tre for tenesteområda og to for stab- og støttefunksjonar. Dei tre tenesteområda er 1) oppvekst, 2) helse og velferd og 3) kultur og samfunn. Dei to støttefunksjonane er tilrådd leia av kommunalsjef for organisasjon og digitalisering og kommunalsjef for økonomi. Fase 2, som handlar om resten av organisasjon og leiinga, vert behandla seinare.

Etter forslag frå Tom Georg Indrevik vart det også vedteke å leggja til nokre ekstrapunkt med formuleringar om at utgreiinga mellom anna tek eit tydelegare utgangspunkt i behova hjå tenestemottakarane. Organiseringa må byggja på klare ansvarsforhold, utvikling, samhandling og administrativt samarbeid. Det vert også bedt om å vurdera namna på tenesteområda for kommunalsjefane på nytt.

Politisk organisering

Fellesnemnda vedtok å leggja sluttrapport frå utval for politisk organisering til grunn for den politiske organiseringa av Nye Øygarden kommune. Det inneber at fellesnemnda sluttar seg til ein modell med formannskap, to hovudutval og kontrollutval. Namna på dei to hovudutvala er hovudutval for miljø og stadutvikling og hovudutval for tenester og levekår. Eit mindretal på tre medlemer i fellesnemnda (Frp og Sotralista) røysta for ein modell med fire hovudutval.

Fellesnemnda slutta seg til eit framlegg frå Kari Anne Landro om å be utvalet for politisk organisering om å skissera opp modellar for korleis ein modell med oppgåveutval kan byggjast opp for Nye Øygarden kommune og leggja fram ei skisse innan utgangen av 2018. I vedtaket vert det vist til Gentofte kommune i Danmark som har innført ein modell med oppgåveutval for å utvikla lokaldemokratiet og få innbyggjarar og brukargrupper tettare på dei politiske prosessane og for å sikra auka medverknad.

Delt syn på eigarskapsmodellar

Fellesnemnda slutta seg til ei rekkje tiltak og forslag i rapporten for eigarskapsmodellar. Likevel viste debatten og avrøystinga at det er politiske skiljelinjer i denne saka.

Det er semje om fusjonera Sund vatn og avlaup med FjellVAR. Selskapet får namnet ØyVA(R) og skal vera operativt frå januar 2020. Det skal vurderast om renovasjonstenestene skal leggjast til dette selskapet. Med ni mot sju røyster vart det vedteke å utgreia eit alternativ med etablering av eige næringsutviklingsselskap (Øygarden næring og utvikling AS) og eige eigedomsselskap for kommunale næringseigedomar (Øygarden næringseigedom AS).

Fellesnemnda vedtok samrøystes at utleigebustader vert organiserte som eit kommunalt føretak (KF). Etter at den nye kommunen er etablert, skal ein koma tilbake til om andre kommunale bygg og eigedomar skal organiserast under dette føretaket. Den siste formuleringa vart vedteken mot fire røyster (Ap).

Fellesnemnda vedtok samrøystes at Øygarden brann og redning (ØBR) skal organiserast som kommunalt føretak. Det er også semje om å vidareføra samarbeidet og eigarskapet i Trigger Jobb AS og medlemskapen i «Sunne kommunar». Spørsmålet om medlemskap i Vest-Norges Brüsselkontor frå 2020 vert avgjort i samband med behandlinga av budsjettet for 2020.

Frå møtet i fellesnemnda i dag.

Vedtok å endra 64 adressenamn og lokale retningslinjer

Fellesnemnda vedtok å endra adressenamn i Nye Øygarden. Bakgrunnen for dette er at samanslåing av kommunar normalt fører til at det må gjennomførast endringar eller tilpassingar i nokre adressenamn. Den viktigaste grunngjevinga på kvifor dette må gjennomførast er naudetatane sine behov for å ha presise og eintydige adresser. Totalt skal 64 adressenamn endrast. I neste fase statar arbeidet med å tildela adressenamn på vegane som må endra namn. Då vert lag, organisasjonar og grunneigarar inviterte til å koma med innspel og forslag.
Fellesnemnda vedtok også lokale retningslinjer for endringar av adressenamn. Les meir her.

Arbeider med å tilsetja rådmann

Skisse til kvalifikasjonar og framdriftsplan for rekruttering av for rådmann for Nye Øygarden kommune vart godkjent. I april vedtok fellesnemnda at tilsetjingsutvalet skal vera samansett av dei tre ordførarane, Odd Bjarne Skogestad (KrF) og tre tillitsvalde.

Marknadsføring for arbeidet med lokaldemokrati og identitet

Det vart vedteke å løyva 260 tusen kroner til marknadsføring, profilering og kommunikasjon for 2018 i samband med arbeidet til arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet. Det vart også vedteke at kommunikasjonsplan til arbeidsgruppa, internt og eksternt, skal integrerast i den overordna kommunikasjonsplanen til fellesnemnda. Prosjektmidlar til MOT-festival 2019 vert sett av på budsjettet for neste år med ein fordelingsnøkkel mellom fellesnemnda og kommunane i Nye Øygarden kommune.

Løyver pengar til kunnskapsprosjekt

Fellesnemnda vedtok å løyva 200 tusen kroner (eks. mva.) til prosjektet «Framtidas kunnskapsklynge i Nye Øygarden kommune».  Dette prosjektet omfattar ein formell samhandlingsmodell der den nye vidaregåande skulen i distriktet vert integrert i dette prosjektet. Det er regionrådet Vest som er prosjekteigar, medan Gode Sirklar AS er prosjektansvarleg.

Delegering til prosjektrådmann og administrative tilsetjingsutval

Fellesnemnda vedtok at tilsetjingsutvalet, som fellesnemnda har peika ut for å tilsetja ny rådmann, også får mynde til å tilsetja Rune Lid i aktuell kommunalsjefstilling. Vedtaket inneber også at prosjektrådmann Rune Lid får delegering slik det går fram av saka. Prosjektrådmannen og rådmennene får delegert mynde til å etablera administrative tilsetjingsutval.

Sjå opptak frå møtet den 18. juni her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Føreslår at 64 adressenamn i dei tre kommunane vert endra

Arbeidsgruppa som samordnar adressenamna. Frå venstre; Åge Opheim, Marie Danielsen, Anne Grethe Sangolt Hagenes.

Prosjektrådmannen føreslår at 64 adressenamn i Sund, Fjell og Øygarden vert endra. Grunnen til dette er at samanslåing av kommunar normalt fører til at det må gjennomførst endringar eller tilpassingar i nokre adressenamn. Saka skal til behandling i fellesnemnda den 18. juni.

Den viktigaste grunngjevinga på kvifor endring av adressenamn er naudetatane sine behov for å ha presise og eintydige adresser. Ei arbeidsgruppe har vurdert 133 adressenamn i dei tre kommunane og enda opp med å føreslå at 64 av desse vert endra. Det er føreslått å endra 20 namn i Sund, 21 i Fjell og 23 namn i Øygarden. Totalt er det 1 020 adressenamn i dei tre kommunane. Dermed er det litt i overkant av seks prosent av namna som i denne saka vert føreslått endra.

Døme på adressenamn som er heilt like eller nesten heilt like er dei tre adressenamna Gjerdet (Misje i Fjell), Gjerde (Øvretveit i Sund) og Gjerdet (Nordre Sæle i Øygarden. I dette tilfelle føreslår prosjektrådmannen å endra Gjerde i Sund og Gjerdet i Øygarden. Valet er gjort på grunnlag at kriterium ved prioritering mellom like eller delvis like adressenamn.

Her kan du lesa kva adressenamn som vert føreslått endra (PDF).

Fellesnemnda har tidlegare vedteke ein del kriterium når ein skal prioritera mellom like eller delvis like adressenamn. Mellom anna skal ein prioritera vegar/adresseparsellar med mange adresseeiningar slik at færrast mogleg må endra adresse. Vidare skal ein prioritera adressenamn med tilknyting til gamle gardsnamn og/eller stadnamn og veletablerte namn som mange har sterk/lang tilknyting til.

Når fellesnemnda har vedteke kva namn som skal endrast, startar prosessen med å tildela nye adressenamn på vegane som må endra namn.

– I neste fase ønskjer kommunen innspel/forslag frå aktuelle lag, organisasjonar og grunneigarar i adresseringsområdet, til nye adressenamn. Det er til sist fellesnemnda som vedtek dei nye adressenamna, seier leiar av arbeidsgruppa Anne Grethe Sangolt Hagenes.

Med seg i gruppa har ho hatt Jannicke Algerøy frå Øygarden (vara Marie Danielsen) og Janne Byrkjeland og Åge Opheim frå Fjell. Den politiske referansegruppa er samansett av Kari-Anne Landro, Børge Haugetun, Marianne Sandahl Bjorøy og Olav Kobbeltveit.

Tekst og foto: Vigleik Brekke