Author Archives: Vigleik Brekke

Overordna styringsgruppe drøftar styringsdokument

Overordna styringsgruppe skal på møtet måndag 8. oktober mellom anna drøfta utkast til styringsdokument for administrativ prosjektorganisering.

Frå venstre; Svend-Fredrik Untiedt, Lillian Torsvik, Rune Lid, Siri Fahvlik Pettersen, Jon Erik Egeland, Ås Vik og Lennart Fjell.

På møtet vert det også drøfting av planlagt arbeidsmøte (workshop) den 22. oktober og plan for fusjon av FjellVAR AS og Sund vatn og avlaup AS.

På onsdag denne veka var det møte mellom rådmennene og prosjektleiarane som skal leia arbeidet innanfor dei fem kommunalsjefområda. På dette møtet gav Rune Lid ein gjennomgang av status for arbeidet og oppgåvene til prosjektleiarane.

Overordna styringsgruppe som samlast til møte komande måndag er samansette av dei tre rådmennene, Rune Lid (prosjektrådmann og rådmann i Sund), Siri Fahlvik Pettersen (Øygarden) og Lillian Torsvik på vegner av rådmannen i Fjell. Prosjektleiarar vert Jon Erik Egeland (prosjektleiar Oppvekst), Åse Vik (prosjektleiar Helse og velferd), Lennart Fjell (prosjektleiar Kultur og samfunn), Svend-Fredrik Untiedt (prosjektleiar Økonomi) og Lillian Torsvik (Organisasjon og digitalisering).

Dei tillitsvalde og hovudverneomboda er representerte ved Anne Grethe Andersen (YS), Solveig Rong (LO), Nina Zandstra (Unio), Lars Sverre Hausnes (Akademikarane) og Trude Erstad Villanger (hovudverneombod).

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Det kan verta etablert kulturråd i Nye Øygarden kommune

Onsdag kveld var 40 personar samla på kulturforum på Panorama Hotell & Resort i Sund. Kulturleiarane i dei tre kommunane oppmodar kulturfolket til å etablera eit kulturråd slik til dømes idrettsfolket har organisert seg  med idrettsråd.

Frå samlinga onsdag kveld.

Tidlegare stortingsrepresentant og no leiar i styret for Amatørkulturådet i Bergen, Inger Lise Skarstein, orienterte om dette kulturrådet som har eksistert i 10 år og har over 300 lag og organisasjonar som medlemer.

– Med dette rådet kan engasjerte i amatørkulturen snakka saman om felles saker og rammevilkår, sa Skarstein.

Geir Eikenes er dagleg leiar for Amatørkulturrådet i Bergen. Han opplyste at medlemene representerer alt frå ein stor organisasjon som Åsane historielag med 900 medlemer til ein tinnsoldatstøypeklubb med eìn medlem.

– Vi gjennomfører undersøkingar blant medlemene for å verta kjent med kva behov og utfordringar dei har. På grunnlag av undersøkingane får vi kunnskap og grunnlag for å vera talerør for medlemene overfor kommunen. Politikarar fortel oss at idrettsråda er raskt på plass for å ivareta vilkåra for idretten, medan kulturlivet er ikkje på plass på same måten, sa Eikenes.

Kultursjef i Fjell, Lennart Fjell, meinte at kulturlivet treng eit kulturråd.

– Vi treng nokon som startar opp med dette, sa Fjell. Kulturleiar i Sund, Laila Klemetsaune, sa avslutningsvis at ho håpar at denne samlinga kan inspirera til å få etablert eit kulturråd som fungerer på same måten som idrettsrådet.

Ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, var også til stades på samlinga på Panorama.

– Idretten har ei klar røyst i idrettsrådet. Kanskje kulturlivet kan få ei slik røyst. Som politikar ønskjer eg eit kulturråd velkomen. Eit slikt råd kan til dømes gje oss innspel på kva som trengs av utstyr og liknande i samband med nybygg som vert brukt til kulturaktivitetar, seier Landro.

Inger Lise Skarstein

Idretten og kulturen blomstrar på Glesnes

Samlinga starta med at Lena Jensen Glesnes og Karin Sangolt informerte om det omfattande arbeidet til Glesnes ungdoms- og idrettslag. Glesnes teaterlag har markert seg i mange år med revyar. Men teater er berre eín av mange aktivitetar i ungdoms- og idrettslaget. Det er mellom anna etablert eit sjøsportsenter som engasjerer mange barn og unge.  Idrettslaget har også markert seg med det årlege triatlon-arrangementet Strilaman. Jensen Glesnes stilte spørsmålet kvifor ungdoms- og idrettslaget har lukkast.

– Det handlar om å dela ansvaret på mange, men likevel sikra at det er eit felles ansvar. Vi har lagt vekt på kontinuerleg vedlikehald, vidareutvikling og inkluderande miljø med takhøgde, sa Lena Jensen Glesnes.

Leiar i saksgruppe for levekår og nærmiljø i Sund, Robert Sæle, orienterte om frivilligerklæringa «Fruktbart samspel» mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar.

– Kommunen kan gjera meir ennå vera tilskotsytar. Kommunen og det frivillige skal ha ein tett dialog og etablera møteplassar der vi kan snakka saman, sa Sæle.

Det var dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden som inviterte til kulturforum i Sund. Nye Øygarden kommune har sett ned ei arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet samansett av politikarar og kulturleiarane i dei tre kommunane. Arbeidsgruppa skal leggja til rette for medverknad og identitetsbygging blant innbyggjarane i Nye Øygarden kommune. Tidlegare i år har dei tre kommunane arrangert felles frivilligforum i Øygarden og friluftsforum i Fjell. Samlinga i kveld er kombinert med kulturseminar for dei tre kommunane på Panorama onsdag og torsdag.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Vigleik Brekke og Kari-Anne Landro

Her er fleire bilete frå kulturforum og seminaret

Kulturforumet vart opna med musikkinnslag ved Amalie Lovise Bakke Hagen.
Lena Jensen Glesnes og Karin Sangolt
Robert Sæle
Geir Eikenes

 

 

Mange vert involverte i arbeidet med å byggja den nye kommunen

På møtet i partssamansett utval (PSU) i dag gav prosjektrådmann Rune Lid oppdatering i arbeidet med den administrative prosjektorganiseringa av arbeidet med Nye Øygarden kommune.

Frå møtet i partssamansett utval i dag.

Eit viktig administrativt organ vert overordna styringsgruppe. Denne gruppa er samansett av dei tre rådmennene, fem prosjektleiarar og fem representantar for dei tillitsvalde/hovudverneomboda.

– Dette er hjernen i prosjektet. Vi har fått dyktige folk som har påteke seg dette ansvaret. Eg har stor tru på at desse medarbeidarane vil løysa oppgåvene på ein utmerka måte, sa Rune Lid då han orienterte PSU. I samråd med rådmennene i dei tre kommunane har prosjektleiinga for Nye Øygarden kommune fått på plass personane som skal utgjera overordna styringsgruppe og prosjektgrupper innanfor fem arbeidsfelt.

Overordna styringsgruppe er samansette av dei tre rådmennene, Rune Lid (prosjektrådmann og rådmann i Sund), Siri Fahlvik Pettersen (Øygarden) og Lillian Torsvik på vegner av rådmannen i Fjell. Prosjektleiarar vert Jon Erik Egeland (prosjektleiar Oppvekst), Åse Vik (prosjektleiar Helse og velferd), Lennart Fjell (prosjektleiar Kultur og samfunn), Svend-Fredrik Untiedt (prosjektleiar Økonomi) og Lillian Torsvik (Organisasjon og digitalisering). Dei tillitsvalde og hovudverneomboda er representerte ved Anne Grethe Andersen (YS), Solveig Rong (LO), Nina Zandstra (Unio), Lars Sverre Hausnes (Akademikarane) og Trude Erstad Villanger (hovudverneombod). Her er skisse over administrativ prosjektorganisering.

I morgon (3. oktober) er det kalla inn til oppstartsmøte med dei fem prosjektleiarane. Rune Lid opplyste at det vert drøftingsmøte i overordna styringsgruppe den 8. oktober før det vert gjeve informasjon i fellesnemnda den 15. oktober.

Oppgåver for overordna styringsgruppe

Rune Lid opplyste at oppgåver for den overordna styringsgruppa vert organisering, dimensjonering og lokalisering av tenester og oppgåver. Saker av politisk og prinsipiell karakter må avklarast med prosjektrådmann som vidare avklarar dette mot fellesnemnda. Andre saker/oppgåver vert tema på tvers av kommunalsjefområda,  økonomiske rammer og jamleg statusrapportering.

Det er utarbeidd eit utkast til styringsdokument som skal behandlast av den overordna styringsgruppa komande måndag. Dette dokumentet viser korleis prosjektet er organsert og dimensjonert og fungerer som ein kontrakt mellom fellesnemnda og prosjektrådmannen. Dette dokumentet vert lagt til grunn av utarbeiding av mandat for prosjektgruppene. Under dei fem prosjektgruppene vert det oppretta ei rekkje delprosjekt. Prosjektgruppene vert styringsgrupper for delprosjekta.

– Det er viktig at kvar prosjektgruppe går gjennom kva som må gjennomførast før januar 2020 og kva som kan venta, sa Rune Lid. Det er utarbeidd malar for arbeid i prosjektgruppene. I orienteringa vista prosjektrådmannen til fleire administrative prosjekt som er i arbeid.

Prosjektrådmannen sa at i dette arbeidet må ein prioritera arbeidet med å byggja den nye kommunen. Dette får konsekvensar for prioriteringa av det som vert gjort i dei eksisterande kommunane.

Hildegunn Høyland, som er hovudtillitsvald for LO i Sund, avslutta med å gje ros til prosjektrådmann, politikarar og tillitsvalde for arbeidet som er gjort så langt.

– Etter orienteringa i dag kan eg seinka skuldrane. Eg har stor tillit til styringsgruppa og kjenner meg trygg i dette arbeidet. Det er gjort ein kjempejobb så langt, sa Høyland.

Leiar av partssamansett utval, Børge Haugetun, kunne runda av enkelt og greitt ved å få PSU med seg på å ta orienteringa til orientering.

Her er presentasjonen til Rune Lid.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Spennande gjester og tema på Øygardenkonferansen

Den 29. november vert det invitert til Øygardenkonferansen 2018. Hovudtema er «Framtidskartet vert teikna no», og mellom gjestene er statsråd Monica Mæland og ekspertkommentator Johan Kaggestad.

Johan Kaggestad og Monica Mæland kjem på konferansen

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland skal snakka om korleis ein kan utvikla ein attraktiv næringsregion. Johan Kaggestad stiller spørsmålet om vi har vilje og evne til å jobba systematisk med det viktigaste av det viktige. Overskrifta på hans innlegg er «Leiing og samspel for å utvikla ein kommune for framtida».

Andre deltakarar med føredrag og innlegg er mellom anna stortingsrepresentant Ove Trellevik, byrådsleiar i Bergen, Harald Schelderup. Humorist og journalist Finn Tokvam syr det heile saman som konferansier.

Konferansen tek til klokka 10.30 og vert halden på Panorama Hotell & Resort i Sund. Men det stoppar ikkje med konferanse på dagtid. Klokka 18.30 er det klart for den årlege årsfesten i regi av vest Næringsråd.  Det vert det mellom anna kåring av «Årets bedrift» og «Årets fyrtårn».

Vest Næringsråd er arrangør av konferansen. Nye Øygarden kommune er ein av samarbeidspartnarane.

Les meir om program og påmelding her.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto/fotomontasje: Vigleik Brekke/Monica Hovland

Gjev status for administrativ organisering

Partssamansett utval (PSU) skal på møtet den 2. oktober få informasjon om status og framdrift for administrativ prosjektorganisering.

På møtet vert det også orientert om ramme for mandat  for prosjektleiarar og delprosjektleiarar og utkast til styringsdokument. Partsamansett utval er samansett av ni medlemer frå fellesnemnda. I tillegg kjem seks medlemer valde frå dei tillitsvalde.

Møtet vert halde i lokale til prosjektorganisasjonen på Skjenet 2 og tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkallinga til møtet.

12 har søkt stillinga som rådmann

Det har meldt seg 12 søkjarar til stillinga som rådmann i Nye Øygarden kommune. Fire av søkjarane er kvinner.

Fristen for å søkja stillinga gjekk ut 12. september. Fire av søkjarane er unnatekne offentlegheit.  Seks av dei oppgjevne søkjarane kjem frå Bergen.

Mellom søkjarane er rådmann i Sund og prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune, Rune Lid, og tidlegare plan- og utbyggingssjef i Fjell, Berit Karin Rystad.

Her er søkjarlista

Namn                                                       Stilling                                                                  Kommune

  • Gaarder, Thorbjorn (63) M       Chief credit officer                                                 Oslo
  • Hjelmtveit, Ingvild (51) K        Rådmann                                                               Bergen
  • Selvik, Gunnar (55) M              Direktør                                                                 Paradis
  • Utåker, Inge André (55) M        Regionssjef                                                           Bergen
  • Krognes, Remi (35) M               Butikksjef                                                             Kleppestø
  • Lid, Rune (51) M                      Rådmann                                                               Godvik
  • Rystad, Berit Karin (52) K        Leiar for sykkel og mobilitet, Bymiljøetaten         Bergen
  • Kulild, Martin William (54) M  Rådmann                                                              Bergen

I tillegg kjem fire søkjarar som er unnatekne offentlegheit.

Då søkjarlista vart gjort offentleg tidlegare i dag, var det 13 søkjarar. Seinare i dag har eín av søkjarane trekt søknaden sin.

Undersøking: Innbyggjarane er opptekne av lokal tilhøyrsle

Ei undersøking gjennomført i Sund, Fjell og Øygarden like før ferienviser at fleirtalet av innbyggjarane identifiserer seg med kyst- og strilekulturen.  Eit klart fleirtal er også stolte av si lokale tilhøyrsle. Innbyggjarane er også opptekne av at den lokale bygdeidentiteten ikkje må verta svekka ved bygging av ein ny kommune.

Tom Georg Indrevik presenterte undersøkinga for fellesnemnda den 10. september. Nærare ein tredel av innbyggjarane er urolege for å mista lokalkjensla når den nye kommunen er på plass. To tredelar av innbyggjarane er usamd eller stiller seg nøytral til at noko slikt vil skje.

– Undersøkinga har gjeve oss interessante funn. Generelt er folk stolte av å bu i regionen og at det er viktig å ta vare på bygdeidentiteten. Vi ser også at felles aktivitetar utanom arbeid og skule på tvers av noverande kommunegrenser er tiltak som vil stimulera til å inkludera alle og skapa ei «vi-kjensle», seier leiar i arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet i Nye Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik.

Bygdeidentitet

Undersøkinga viser at 52 prosent av innbyggjarane identifiserer seg med kyst- og strilekulturen. Eit klart fleirtal (61 prosent) er opptekne av at den lokale bygdeidentiteten ikkje skal verta svekka. Den kommunevise fordelinga viser at 61 prosent av innbyggjarane i Øygarden og Sund identifiserer seg med kyst- og strilekulturen, medan det er 45 prosent av innbyggjarane i Fjell som gjer det same.

Også den lokale tilhøyrsla er større i Sund og Øygarden enn i Fjell. Det går også fram at innbyggjarane i Øygarden og Sund er meir urolege for kommunesamanslåinga enn dei som bur i Fjell. Det frivillige arbeidet står sterkt i dei tre kommunane i vest. Undersøkinga viser at 72 prosent av dei som har svart på undersøkinga er aktive i minst eitt lokallag, foreining, eller organisasjon. Over halvparten (52 prosent) av respondentane har svart at det er viktig for dei å jobba i nærleiken av der dei bur. For 30 prosent av innbyggjarane er ikkje dette så viktig.

Politikk

40 prosent er usamd i at dei har tillit til lokalpolitikarane i dag, medan 21 prosent av respondentane svarar at dei har tillit til politikarane. Tilliten til prosessen for kommunesamanslåing er noko høgare enn den generelle tilliten til lokalpolitikarane. 55 prosent av respondentane tenkjer at dei kjem til å delta i kommunevalet hausten 2019. Sjølv om veljaroppslutninga i Øygarden har for vane å liggja om lag 10 prosentpoeng høgare enn i nabokommunane, viser undersøkinga at det litt fleire i Fjell enn dei to andre kommunane som tek sikte på å røysta i komande kommuneval.

I undersøkinga vert deltakarane utfordra på kva dei reknar som viktig for å skapa ei «vi-kjensle» i Nye Øygarden kommune. Respondentane vart bedne om å rangera ulike tiltak/moment. Det er felles aktivitetar utanom arbeid og skule (over 60 prosent) som har høgast score. Også «Få høve til å seia meininga si», «vener» og «felles skule for borna våre» er det mange som har sett opp som viktige tiltak/moment for å inkludera alle og skapa ei «vi-kjensle».

Les undersøkinga her.
Les kommunevis resultat her.

Undersøkinga er nettbasert og gjennomført av Reell medvirking i perioden 12. til 26. mai i år. Tema i undersøkinga er kultur og identitet, tankar om kommunesamanslåing og kva som er viktig for å skapa ei god samkjensle i Nye Øygarden kommune. Vel seks prosent av befolkninga (2 314 respondentar) har delteke i undersøkinga. Svarraten er låg blant ungdom under 18 år. Eit fleirtal av respondentane er menn (56 prosent). Meir enn tre firedelar av dei som har svart på undersøkinga har budd i dei tre kommunane i meir enn 10 år. I undersøkinga er innbyggjarane bedne om å svare på i kva grad dei er samde i «påstander» som vert graderte mellom «usamd» (0-3), «nøytral» (4-6) og «samd» (7-10).

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen

Gav oppdatert informasjon om Nye Øygarden kommune

Det første møtet i fellesnemnda etter ferien var prega av ei rekkje orienteringar. På møtet i dag vart det også gjort eitt politisk vedtak. Det vart valt ni medlemer til valstyre for Nye Øygarden. Valstyret får ansvaret med å gjennomføra kommunevalet i september 2019.

Frå møtet i dag.

 

 

Prosjektrådmann Rune Lid gav ei omfattande orientering om status for arbeidet med å byggja den nye kommunen.  Han avslutta med å visa til at det er eitt år og fire månader igjen til den nye kommunen er ein realitet frå januar 2020.

– Dette vert arbeidskrevjande, men vi er ved godt mot. Dette får vi til, sa Rune Lid.

Han viste først til status for arbeidet med å rekrutterta kommunalsjefar. Ifølgje Lid var det bra interesse for å søkja stillingane då dei vart lyste ut internt. Etter intervjurundar avgjorde tilsetjingsutvala å lysa ut dei fire stillingane eksternt med søknadsfrist 10. oktober.

Overordna styringsgruppe

Prosjektrådmannen presenterte også status for prosjektorganiseringa. Eit viktig organ vert overordna styringsgruppe.

– Denne gruppa vert samansett av rådmennene, delprosjektleiarar, fire hovudtillitsvalde og eitt hovudverneombod. Dette organet vert sjølve hjernen i arbeidet, sa Rune Lid.

Prosjektleiaren orienterte vidare om etablering av nytt NAV-kontor, val av pensjonsleverandør (under etablering), ny matrikkel, fråsegn til budsjett og «skuggebudsjett» til Nye Øygarden kommune 2019, oppfølging av vedtak om eigarskap, retningslinjer for endring av adressenamn, samordning av adressesystem, IKT og innkjøp.

Rune Lid understreka at i arbeidet med å byggja den nye kommunen er det behov for ressursar til ei rekkje prosjekt. Han har hatt god dialog med dei tre rådmennene og fått lovnad om at det vert frigjort folk til å arbeida med Nye Øygarden kommune.

Silvia Haugland og Rune Lid.

Projectplace og Stimulab-prosjekt

Trainee-medarbeidar Line Markhus orienterte om prosjektstyringsverktøyet Projectplace. Projectplace er eit brukarvennleg og moderne prosjektstyringsverktøy som gjer det enklare å initiera og gjennomføra prosjekt. I eit så stort prosjekt som Nye Øygarden kommune vil eit slikt verktøy vera viktig for å halda overordna oversikt, sikra framdrift og målet om ny kommune frå januar 2020.

Prosjektleiar Kristina Espeseth informerte om Stimulab-prosjektet «Samordna teneste for utsette barn og unge og deira pårørande, ny teneste i ny samanslått kommune». Målet med dette prosjektet er at innbyggjarane i Nye Øygarden kommune skal oppleva eit heilskapleg  og tilgjengeleg tenesteapparat, som tilbyr koordiner og behovstilpassa hjelp til barn og unge. Det vert lagt vekt på førebygging, tidleg avdekking, oppfølging og at brukaren er i fokus. Dette skal resultera i system for samordning og effektivisering av arbeidsprosessar. I prosjektet skal ein utforska behovet digitale løysingar som legg til rette for samordning og samarbeid mellom ulike aktørar.

Undersøking

Leiar av arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet, Tom Georg Indrevik, orienterte om ei nettbasert undersøking som vart gjennomført like før ferien. Vel 2 300 personar deltok i undersøkinga.

– Mange er stolte over kyst- og strilekulturen. Likevel går det fram av undersøkinga av 32 prosent er urolege for kommunesamanslåinga. Det er ei utfordring for oss og er noko vi må arbeida med, sa Indrevik.

Undersøkinga viser at innbyggjarane også er opptekne av at den lokale bygdeidentiteten ikkje må verta svekka ved bygging av ein ny kommune. Vi kjem tilbake til ein meir omfattande presentasjon av undersøkinga.

Arbeider med å tilsetja rådmann

Leiar av fellesnemnda, Børge Haugetun, orienterte om arbeidet til leiargruppa, samansett av dei tre ordførarane. Eit tilsetjingsutval, samansett av dei tre ordførarane, Odd Bjarne Skogestad frå fellesnemnda og tre tillitsvalde, har fått oppdraget med å gjennomføra prosessen med å tilsetja rådmann for Nye Øygarden kommune. Søknadsfristen går ut 12. september. Haugetun opplyste det har vore god interesse for stillinga og at fleire aktuelle kandidatane har teke kontakt.

Han viste også til spørsmål som er stilte knytt til journalføring og arkivering. Det vert no lagt til rette for tilgang til journalført post til og frå Nye Øygarden kommune.

Haugetun opplyste at det har vore møte med Hordaland fylkeskommune for å presentera Nye Øygarden sine innspel (jf. vedtak i fellesnemnda 18. juni) til lokalisering av ny vidaregåande skule på Straume/Bildøyna.

Valstyre

Fellesnemnda slutta opp om tilrådinga frå prosjektrådmannen om å velja eit valstyre på ni medlemer som skal ha ansvaret for kommunevalet i 2019. Valstyret vert samansett slik:

Fjell

Marianne Sandahl Bjorøy (leiar)
Tom Georg Indrevik
Anita Garlid Johannessen
Varamedlem: Odd Bjarne Skogestad

Sund

Kari-Anne Landro
Nils Kåre Skoge
Jogeir Sognnæs
Vara: May Elin Limevåg

Øygarden

Børge Haugetun
Espen Harkestad
Ingrid Marie Toft
Vara: Silvia Haugland

Møtet i fellesnemnda i dag var altså i hovudsak prega av informasjon om status i arbeidet med kommunereforma. Fleire av medlemene i fellesnemnda gav uttrykk for at dei var takksame for å verta oppdaterte om status og framdrift.

Tekst: Vigleik  Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen

Her er fleire bilete frå møtet i fellesnemnda:

Børge Haugetun og Jogeir Sognnæs
Nærast kamera; Silvia Haugland og Ernst Einarsen
Tom Georg Indrevik presenterte undersøking.

 

 

 

 

 

 

 

Søkjer etter fire kommunalsjefar

I dag vert dei fire kommunalsjefstillingane i Nye Øygarden kommune lyst ut. Søknadsfristen er 10. oktober.

Det vert lyst ut etter fire kommunalsjefar til områda Organisasjon og digitalisering, Oppvekst, Helse og velferd og Kultur og samfunn.

I utlysingane vert personlege eigeskapar tillagt stor vekt.

– Det skal setjast saman eit team der det skal leggjast vekt på at teamet totalt sett har eit mangfald av persontypar og eigeskapar, heiter det i utlysinga.

Her er annonsane for dei fire stillingane:

Førebur seg til valet i 2019

Prosjektrådmannen for Nye Øygarden kommune går inn for at det vert valt eit valstyre på ni medlemer som skal ha hovudansvaret for gjennomføringa av kommunestyrevalet i 2019. Fellesnemnda skal ta stilling til forslaget måndag den 10. september.

I reglementet for fellesnemnda går det fram at fellesnemnda skal organisera arbeidet med kommunevalet i 2019 og fungera som  valstyre. Fellesnemnda er samansett av 17 medlemer, og i saksutgreiinga skriv prosjektrådmannen at det kan vera ei praktisk utfordring å få utført det nødvendige arbeidet med valet. Det vert difor tilrådd å velja eit valstyre med maksimalt ni medlemer, tre medlemer frå kvar kommune. Det er føreslått at ordførarane utgjer tre av medlemene i valstyret.

På møtet i fellesnemnda vert det informasjon om Stimulab-prosjektet «Samordna teneste for utsette barn og unge og dei pårørande, ny teneste i ny samanslått kommune», arbeidsgruppa for  lokaldemokrati og identitet og oversyn og reglar om gildskap i samband med kommunale selskap, stiftingar m.m.

Prosjektrådmann Rune Lid skal mellom anna gje informasjon om status for prosjektorganiseringa, arbeidet med tilsetjing av kommunalsjefar, pågåande prosjekt og frigjering av ressursar til ulike prosjekt.

Møtet vert halde på Skjenet og tek til klokka 09.00. Du kan følgja møtet på nett-TV.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke
Ill.: Monica Hovland