Author Archives: Nye Øygarden kommune

Vil du vere valmedarbeidar i (nye) Øygarden kommune?

Kommune- og fylkestingsvalet 2019 skal gjennomførast som om Fjell, Sund og Øygarden alt er slått saman til (nye) Øygarden kommune. Vi treng fleire samfunnsengasjerte personar til å delta i valgjennomføringa på valdagen.

Har du lyst til å vere med?

Kven ser vi etter?

  • Du må være fylt 18 år.
  • Du kan ikkje vere listekandidat ved kommunestyre- eller fylkestingsvalet i Øygarden kommune.
  • Du må vere serviceinnstilt, nøyaktig og ha gode kunnskapar om bruk av elektronisk verktøy (PC og Smart-telefon)
  • Du må ha god helse og arbeidskapasitet, og kunne vere aktiv store deler av dagen.
  • Du må kunne rettleie veljarar og vere fleksibel ved jobbrotasjon.
  • Du må ha tatt i bruk MinID eller BankID, og være kjent med bruken av dette. (pålogging til det valadministrative systemet).
  • Du må kunne delta på obligatorisk 3 timars opplæring i august.
  • Du treng ikkje vere busett i kommunane

Når skjer valet?

Valet foregår i 17 ulike vallokale mandag 9. september. Vallokala er opne for veljarane frå kl. 09:00 til kl. 21:00.
Arbeidsdagen for valmedarbeidarane kan verta delt inn i to skift, men det er opp til leiar i røystestyret å organisere arbeidet i vallokalet.

Arbeidsoppgåver:

  • Ta i mot og rettleie veljarar
  • Kontrollere legitimasjon
  • Søkje opp veljarane i elektronisk manntal og krysse av for avlevert røystesetel
  • Stemple røystesetlane
  • Sikre at veljarane legg setlane riktig i urnene
  • Telje røystesetlar når stemmegivinga er ferdig kl. 21:00
  • Også andre oppgåver kan verta lagt til valmedarbeidarane på valdagen

Vallokale i (nye) Øygarden kommune:

Noverande Sund kommune Noverande Fjell kommune Noverande Øygarden kommune
Sund skule/grendahus (01) Ulveset skule (07) Toftøy skule (14)
Stranda skule/hall (02) Skålvik skule (06) Hjeltefjorden Arena (15)
Glesnes skule (03) Ågotneshallen (13) Blomvåg skule (16)
Telavåg skule (05) Bildøyhallen (08) Tjeldstø skule (17)
Skogsvåg skule (04) Foldnes skule (12)
Brattholmen skule (10)
Bjorøy skule (09)
Hjelteryggen (11)
1. Sund skule/grendahus, 2. Stranda skule/hall, 3. Glesnes skule, 4. Skogsvåg skule, 5. Telavåg skule, 6. Skålvik skule, 7. Ulveset skule, 8. Bildøyhallen, 9. Bjorøy skule, 10. Brattholmen skule, 11. Hjelteryggen, 12. Foldnes skule, 13. Ågotneshallen, 14. Toftøy skule, 15. Hjeltefjorden Arena, 16. Blomvåg skule og 17. Tjeldstø skule.
Kart vallokaler 2019

Organisering og betaling:

Kvar krins/vallokale har eit røystestyre på tre personar; leiar, nestleiar og medlem. Desse har det formelle ansvaret og administrerer røystegivinga i vallokalet.

Alle som deltek vert godtgjort for arbeidet på valdagen og for den obligatoriske opplæringa.

Satsane er:

Medlemer i røystestyra og andre valmedarbeidarar: kr 225,- pr time
Leiar i røystestyret får eit funksjonstillegg på: kr 750 pr dag
For å delta på 3-4 timars obligatorisk opplæring: kr 500
For å delta i klargjering av vallokale før valdagen: kr 500.

Obligatorisk opplæring:

Alle må møte på opplæring i regelverk, rutinar og datasystem. Det er sett opp tre opplæringsdatoar – 20., 21. og 28. august frå kl 17.00 til kl 20.00 i Fjell rådhus. Du treng berre delta på ei opplærings-samling.

Kommunikasjon mellom valmedarbeidar og valsekretariat vil skje via ein App.

I søknadsskjemaet kan du krysse av for kva lokale du vil føretrekkje å arbeide i eller om du er fleksibel og kan arbeide i kva som helst av dei 17 lokala.

Du vil og få spørsmål om du har høve til å arbeide heile valdagen (frå  08.00 – ca 23.00) eller om du ønskjer å arbeide halv dag.

 Gå til søknadsskjema

Søknadsfrist 31. mai.

Tilsetjing i leiarstillingar Nye Øygarden kommune

Fem tilsetjingsutval har gjort tilsetjing i 29 stillingar som assisterande kommunalsjefar, einingsleiarar og leiarar av stab i Nye Øygarden kommune.

Her er oversyn dei som har fått tilbod om og har takka ja til leiarstillingar:

Organisasjon og digitalisering

  • Leiar stabsavdeling drift – Kaja Pedersen
  • Leiar stabsavdeling utvikling – Lennart Fjell
  • Leiar stabsavdeling tryggleik – June Johannesen

Økonomi

  • Leiar stabsavdeling økonomistyring – Svend Fredrik Untiedt
  • Leiar stabsavdeling innkjøp og investering – Marius Flesland Sylta

Kultur og samfunn

  • Assisterande kommunalsjef kultur og samfunn – Rune Landro
  • Einingsleiar reinhald – Ruth Paulson
  • Einingsleiar kultur – Christel Møvik Olsen
  • Einingsleiar eigedom, drift og vedlikehald – Knut Eivind Nygård
  • Einingsleiar plan og folkehelse – Hanna Gjesdal

Helse og velferd

  • Assisterande kommunalsjef Helse og velferd – Tove Helleland
  • Assisterande kommunalsjef Helse og velferd – Marita Hilleren
  • Einingsleiar helse, meistring og rehabilitering – Liv Møen
  • Einingsleiar rus og psykisk helse – Monica Landro
  • Einingsleiar rus og psykisk helse – Frode Andvik
  • Einingsleiar rus og psykisk helse – Therese Helgesen
  • Einingsleiar heimetenesta – Marianne Våge Berland
  • Einingsleiar heimetenesta – Kate Samland Løland
  • Einingsleiar Tednebakkane – Britt Jorun Landro
  • Kommuneoverlege – Stein Inge Stigen
  • Einingsleiar menneske med nedsett funksjonsevne – Hildegunn C Vengen
  • Einingsleiar menneske med nedsett funksjonsevne – Marit Nielsen
  • Einingsleiar menneske med nedsett funksjonsevne – Kristin Straume

Oppvekst

  • Assisterande kommunalsjef oppvekst – Jon Erik Egeland
  • Assisterande kommunalsjef oppvekst – Anna Nesje Nes
  • Einingsleiar barn, unge og familietenester – Berit Algrøy
  • Einingsleiar barnevernet – Bård Tyldum
  • Einingsleiar PPT – Jogeir Sognnæs
  • Einingsleiar vaksenopplæring – Nina Håvik Pettersen

I nokre stillingar er det ikkje tilsett nokon i denne runden. Dette gjeld følgjande stillingar:

  • Einingsleiar byggesak
  • Einingsleiar heimetenesta
  • Einingsleiar flyktningtenesta
  • Leiar stabsavdeling service

Desse stillingane vert utlyste internt i Sund, Fjell og Øygarden så snart som råd og vert annonsert på heimesida til Nye Øygarden kommune. Alle tilsette i dei tre kommunane kan søkja på desse stillingane.

Nokre av søkjarane fylte ikkje kriteria som var lagt til grunn for å søkje leiarstillingar i Nye Øygarden kommune.

Assisterande rådmann i Øygarden kommune Åse Vik trekte sine søknader på utlyste stillingar då ho er tiltenkt innplassert i ein overordna funksjon i ein tidsavgrensa periode. Rådmannen har behov for bistand til ulike arbeidsoppgåver i oppstarten av ny kommune som ikkje fell naturleg inn i dei ulike kommunalsjefområda, mellom anna sikra avslutning av årsrekneskap og årsmelding for dei tre «gamle» kommunane.

Vi feirer Nye Øygarden kommune

Nye Øygarden kommune inviterer lag og organisasjonar til å delta i feiringa av at Sund, Fjell og Øygarden vert ein ny kommune frå januar 2020.

I tida fram til nyttår oppmodar vi våre gode lokale kulturressursar til å gjennomføra arrangement og andre tiltak i lys av at vi byggjer ein ny kommune saman.

Kontakt oss og send inn dykkar forslag til tiltak til leiar av fellesnemnda og programkomitéen, Marianne Sandahl Bjorøy: ordforar@fjell.kommune.no

Tilbod om leiarstillingar er sendt ut

Fem tilsetjingsutval har vurdert alle søknadene som er komne inn på stillingane som assisterande kommunalsjefar, einingsleiarar og leiarar av stab i Nye Øygarden kommune.

I dag (fredag 3. mai) har fleire kandidatar fått tilbod om leiarstillingar. Fristen for å gje tilbakemelding er 7. mai. Dagen etter (8. mai) vert det gjort kjent kven som har fått tilbod om stillingar i den nye kommunen.

Lanserer felles kystpass 11. april

Frå nyttår av er Nye Øygarden eit faktum. Friluftsfolket tek dette på alvor og inviterer til felles kystpass for dei tre kommunane allereie denne sesongen. Dette er eit samarbeid mellom turlaga i Sund, Fjell og Øygarden.

Det heile brakar laust torsdag 11. april klokk 17.00. Då vert felles kystpass lansert på Gitaren ved Stranda skule i Sund. Dei som likar å ferdast i naturen, kan denne dagen få utlevert kystpasset som viser 30 flotte turmål, 10 i kvar kommune.

Ordførarane vert med på den første turen

Dersom du har høve til det, kan du etter lanseringa ta turen til Veten som er eitt av 10 turmål i Sund. Det tek to-tre kvarter å gå frå Stranda skule til Veten. Då kan du ta det første klippet! Dei tre ordførarane vert med og tek sitt første klipp dei også.

– Dette må du vera med på. Det gjer noko med oss når vi går på tur saman. Vi får oppleva godt fellesskap og venskap vert skapt. Med felles kystpass får vi kjennskap til spennande turmål i alle dei tre kommunane. Dette er god folkehelse, seier ein ivrig leiar av fellesnemnda, Marianne Sandahl Bjorøy.

På samlinga på i amfiet ved Gitaren frå klokka 17.00 vert det presentasjon av turlaga i dei tre kommunane og arbeidet med felles kystpass. Klokka 18 vert det oppmøte på Gitaren med litt program.

– For dei som ikkje tek turen til Veten, er det eit alternativ gå ein del av løypa og delta på rebusløypa til folkebiblioteket, seier kulturleiar i Sund, Laila Klemetsaune.

Her kan du sjå annonsa for arrangementet.

StimuLab workshop – frå innsikt til eksperiment

Omlag 25 tilsette frå Sund, Fjell og Øygarden var samla i kultursalen mandag 4. mars for å delta på workshop i StimuLab-prosjektet. Tema for workshopen var «frå innsikt til eksperiment».

Workshop i kultursalen Fjell kommune
Workshop i kultursalen Fjell kommune

Saman med tenestedesignarane hadde prosjektgruppa i løpet av veke 8 gjennomført 11 intervju med brukarar og deira pårørande. Brukarane vart spurt om deira erfaring med å møta kommunen, og tilbakemeldingane frå desse intervjua gir eit verdifullt grunnlag for det vidare arbeidet med prosjektet. Innsikt som vart samla inn gjennom desse intervjua vart presentert på workshopen. Deltakarane på workshopen jobba mykje ein og ein, og vart utfordra med stadig nye oppgåver. Denne måten å jobba på vart i etterkant skildra som «krevande, men på ein god måte». Dei individuelle oppgåvene førebudde deltakarane på den siste og viktigaste oppgåva, som skulle gjennomførast gruppevis. Alle gruppene fekk i oppgåve å skissera eit eksperiment som handla om samordning av tenester. Etter workshopen sit prosjektet igjen med sju forslag til eksperiment. Prosjektgruppa vil jobba vidare saman med tenestedesignarane med å velgja ut fem av desse eksperimenta som skal prøvast ut i organisasjonen.

StimuLab-prosjektet skal jobba med korleis ein skal samordna tenester for utsette barn og unge og deira pårørande i Nye Øygarden kommune, og varer ut 2019. Prosjektet nyttar tenestedesign som metode, der ein set brukaren i sentrum og ser på tenestetilbodet med utgangspunkt i brukaren sitt perspektiv. StimuLab er ei stimuleringsordning for innovasjon i offentleg sektor, administrert av Difi og DOGA.

Tekst og foto: Kristina Espeseth, prosjektleiar for StimuLab-prosjektet.

Første workshop med tenestedesignarar i StimuLab-prosjektet

Tysdag 8. januar 2019 var om lag 20 deltakar frå Sund, Fjell og Øygarden samla til første workshop i StimuLab-prosjektet. Rådmenn, ordførarar og tenesteleiarar frå dei tre kommunane jobba seg fram til felles ambisjonar for prosjektet saman med prosjektgruppa.

Deltakarane jobba også med å identifisera suksesskriterier og risikofaktorar i løpet av workshopen, som vart leia av to tenestedesignarar. Tenestedesignarane skal jobba med StimuLab-prosjektet gjennom heile 2019, og det vil bli arrangert fleire workshopar i løpet av våren.

StimuLab-prosjektet skal jobba med korleis ein skal samordna tenester for utsette barn og unge og deira pårørande i Nye Øygarden kommune. StimuLab er ei stimuleringsordning for innovasjon i offentleg sektor, og prosjektet som no vert sett i gang i Sund, Fjell og Øygarden har fått midlar på 1,2 millionar kroner til innkjøp av kompetanse på tenestedesign. Ordninga er administrert av Difi og DOGA, og er finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Tenestedesign er eit verktøy for innovasjon, der ein set brukaren i sentrum og ser på tenestetilbodet med utgangspunkt i brukaren sitt perspektiv. I løpet av prosjektperioden som går ut 2019 skal ein testa ut ulike løysingar for korleis ein kan samordna tenestene til utsette barn og unge og deira pårørande på best mogleg måte i Nye Øygarden kommune.

Tekst og foto: Kristina Espeseth, prosjektleiar StimuLab-prosjektet

Workshop for Nye Øygarden kommune – delprosjekt barnehage

Tysdag 08.01.19 var det workshop for Nye Øygarden – delprosjekt Barnehage. 86 deltakarar frå dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden var samla i kultursalen for å drøfte framtidige satsingsområde for barnehage, organisering av barnehagesektoren, «beste praksis» og tverrfagleg samarbeid i Nye Øygarden kommune.

Delprosjekt barnehage er del av hovudprosjektet Oppvekst. Leiar for delprosjekt Barnehage, Margun Landro (barnehagesjef i Fjell) innleia med å presentere mandat og overordna føringar frå den politiske intensjonsavtalen, samt viste utdrag av kartleggingsarbeidet som gruppa i delprosjekt barnehage hadde utarbeida. Denne gruppa består av representantar frå barnehageområdet på ulike nivå i alle dei tre kommunane.

Oppsummeringa frå dagen viser at barnehagane  i dei 3 kommunane ønskjer å vera ein samla sektor inn i ny storkommune. Sektoren vil då innehalde 17 kommunale og 21 private barnehagar, ca 2300 barnehagebarn, vel 400 tilsette i kommunal sektor og vel 300 tilsette i privat del av sektoren.

Dagen var prega av gruppearbeid på tvers av kommunane, gode drøftingar, god stemning og stort engasjement. Det er tydeleg at barnehagefolket brenn for gode barnehagar til beste for innbyggjarane i Nye Øygarden kommune!

Tekst: Margun Landro, prosjektleiar delprosjekt barnehage