Author Archives: Monica

Øygardsgenseren – Stem på din favoritt!

Ordførarane ønskjer at den nye storkommunen, Øygarden kommune, skal få sin eiga og nydesigna strikkejakke eller genser der mønster eller fargar/strikketeknikk skal symbolisera kystkommunane her vest.

Kommunane her vest har mykje til felles allereie før vi vert ein samanslått kommune. Alt frå felles tradisjonar og tidlegare kystkulturhistorie til nyare tider med olje, innovasjon, havbruk og fiske.

Ein ny strikkejakke eller genser kan symbolisera kulturarven vår – ny og gamal – og ta oss med inn i framtida.

Innsendte forslag

I strikkekonkurransen er det kome inn seks forslag:

Klikk på bilete for å sjå det i full storleik.

Informasjon om dei ulike alternativa:

  1. Mønster og fargar både symboliserer og vert assosiert med den felles identiteten i dei tre kommunane og tilhøyrsle som kystkommunar med maritime røter. Fortid, notid og framtid vert knytt saman. Gensaren har ein stram komposisjon med elementer av klassisk design og nyvinning.
  2. Inspirert av kystkulturen – stein, hav og fisk. Motivet på genseren er henta ut frå gamle kommunevåpen i tillegg til nytt. Dei gamle kommunevåpena er no historie, derfor er motiva bak på ryggen. Dei tre motiva framme viser at tre no er eitt.
  3. Fargar: Himmel, hav, berg, knausar og lyngheiar. Her er vrangbord laga i fletter: Vi treng å bli fletta saman som kommunar og einskildpersonar. Dei ulike mønstera skal bli sett som abstrakte. Tradisjon; henta frå tidlegare sotragenserar, sjølve landskapet, rikt pynta med dei nydelege fargane i lyngen. Bølger, skyer, knausar og berg. Bruene – mellom øyane her ute og bruer som må bli bygd mellom alle oss som bur her.
  4. Blåfargen symboliserer sjøen og himmelen. Gråfargen viser svaberga. Med raudfargen på nausta kjenner vi på det ramsalte kystlandskapet og kystkulturen. Fyrtårnet i vest – kommunevåpenet kan brukast som lomme og plasserast der ein ønskjer.
  5. Havet og dønningane, som rullar og glir i kvarandre. Dag etter dag, år etter år, generasjonar etter generasjonar. Dei dannar eit “evigheitsmønster”, og lusene i kofta er sett saman av tre prikkar som dannar ei eining. EHer er en prikk for kvar kommune som estetisk sett ser ut som eitt.
  6. Fargane er valde etter inspirasjon frå øygardsnaturen. Åtteblaroser går igjen i mange tekstilar i vårt  område. Borda med kors symboliserer den religiøse tanken.

Utstilling

Forslaga vert utstilte desse dagane på biblioteka i Sund, Fjell og Øygarden kommunar:

  • Fjell folkeboksamling 22. -29. oktober
  • Sund folkeboksamling 30. oktober – 5. november
  • Øygarden folkeboksamling 6. – 14. november

Stem på din favoritt!

Du kan stemma ved bibliotekene i kommunen, eller elektronisk her innan onsdag 14. november 2018.

Stem her

Vinnar vert kunngjort på julemessa til Sotra Husflidslag laurdag 17. november 2018.

Invitasjon til kulturforum

Sund, Fjell og Øygarden kommunar inviterer til kulturforum 2018. Målet med forumet er å utvikla samarbeid på tvers og saman med kommunen om kulturaktivitetar og arrangement i lokalmiljøet og i nye Øygarden kommune.
Kva kan vi samarbeida om og kva nytteverdi har samarbeidet?

Tema

Korleis skal vi organisera samarbeidet for å skapa gode kulturarenaer og aktivitet i nærmiljø og lokalsamfunn i heile nye Øygarden?

Dato | Tid | Stad

Onsdag 3. oktober kl. 17.30 – 19.30 på Panorama Hotel & Resort i Sund.

Program

Dørene opnar kl. 17.00 for kaffi og te, lett servering og mingling.

17.30 – 17.40 Kulturelt innslag
17.40 – 17.50 Velkomen v/kulturleiarane
17.50 – 18.05 Innlegg v/Glesnes ungdomslag
18.05 – 18.20 Utvikling av frivilligpolitikken i Sund v/Robert Kaupang Sæle
18.20 – 18.30 Pause
18.30 – 19.00 Amatørkulturrådet i Bergen presenterer seg og sitt arbeid Kven er med, kva driver dei med, kva oppnår dei i samarbeid med kvarandre og med kommunen?
19.00 – 19.20 Diskusjon rundt borda: Kva kan nytte vera for oss i vest med
eit amatørkulturråd?
19.20 – 19.25 Gruppene deler tankar høgt om kva prosess ein ynskjer
19.25 – 19.30 Avslutning

Her kan du sjå plakat for arrangementet.

Påmelding

På e-post til: laila.klemetsaune@sund.kommune.no
Frist for påmelding er fredag 21. september.

Vel møtt!

Innspelssamling for frivillige lag og organisasjonar

Alle frivillige lag og organisasjonar vert invitert til Innspelssamling for kommunesamanslåing og Frivilligforum torsdag 22. mars kl. 18.00-20.30 i kulturhuset ved Fjell rådhus.

Stad: Kultursalen ved Fjell rådhus.
Kl. 18.00 – 20.30

Dørene opnar kl. 17.30

Agenda

  • Kulturinnslag
  • Presentasjon av Øygarden 2020
  • Innlegg om plastinnsamlingane våren 2018

Her kan du sjå invitasjonen.

Lag og organisasjonar kan og gje innspel gjennom denne lenka.

Velkomen!

Skreiv under intensjonsavtale for Nye Øygarden kommune

Det var historisk sus over forsamlinga i VIP-rommet i Sotra Arena då felles forhandlingsutval (FFU) litt før klokka 12 i dag skreiv under intensjonsavtalen for Nye Øygarden kommune.

Underskriving av intensjonsavtale. Frå venstre; Børge Haugetun (ordførar i Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) og Karianne Landro (ordførar i Sund).
Underskriving av intensjonsavtale. Frå venstre; Børge Haugetun (ordførar i Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) og Kari-Anne Landro (ordførar i Sund).

 

Etter at Roy Vorland på vakkert vis hadde framført Knut Øygards «Songen frå vest» og dei tre ordførarane frå Fjell, Sund og Øygarden (Marianne Sandahl Bjorøy, Kari-Anne Landro og Børge Haugetun) hadde presentert intensjonsavtalen, var det klart for underteikning av avtalen. Markeringa av underteikninga av avtalen vart kombinert med pressekonferanse. Continue reading

Skriv under intensjonsavtale på måndag

Fredag ettermiddag kl. 13.25 kunne felles forhandlingsutval (FFU) for ny kommune i region vest sleppa applausen laus i eit møtelokale i KL-huset i København.

Forhandlingsutvalet applaurderer at intensjonsavtalen er klar til underskriving.
Forhandlingsutvalet applaurderer at intensjonsavtalen er klar til underskriving.

I samband med samlinga i Danmark, la forhandlingsutvalet siste hand på utkastet til intensjonsavtale som skal danna grunnlag for å etablera ein ny kommune. FFU er samansett av 13 politikarar frå Fjell, Sund og Øygarden. Utvalet har hatt fem samlingar sidan 4. februar, og på fredag samla utvalet seg om ein intensjonsavtale som no er klar for underskriving.

Det skal utarbeidast eit felles saksframlegg, vedlagt intensjonsavtalen, som skal leggjast fram for kommunestyra 20. juni 2016, der dei skal ta stilling til eventuell kommunesamanslåing.

Pressekonferanse og underskriving av intensjonsavtale

Måndag den 7. mars er det kalla inn til pressekonferanse der intensjonsavtalen vert underskriven av medlemene i felles forhandlingsutval.

På samlinga i Danmark besøkte FFU Roskilde kommune der det vart gjeve informasjon om erfaringane med samanslåing av tre kommunar i randsona til København. På fredag var fellesutvalet på plass i KL-huset der KL (interesse- og medlemsorganisasjon for kommunane i Danmark) delte erfaringane med den gjennomførte kommunereforma i nabolandet vårt i sør.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Føreslår Øygarden som namn på ny kommune

Med ni mot fire røyster går felles forhandlingsutval (FFU) inn for å kalla ein eventuell ny kommune i regionen vår for Øygarden.

Det var dei tre ordførarane Kari-Anne Landro (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Børge Haugetun (Øygarden) som styrte møtet mot slutten av dagen då forhandlingsutvalet skulle innstilla på namn på ein eventuell ny kommune.
Det var dei tre ordførarane Kari-Anne Landro (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Børge Haugetun (Øygarden) som styrte møtet mot slutten av dagen då forhandlingsutvalet skulle innstilla på namn på ein eventuell ny kommune.

FFU er samansett av forhandlingsutval frå kvar kommune og var samla til det fjerde forhandlingsmøtet på onsdag (Sund). Mindretalet, to medlemer frå forhandlingsutvalet i Fjell og to medlemer frå forhandlingsutvalet i Sund, gjekk inn for å venta med å ta stilling til namn til innbyggjarane har fått seia si meining i ei innbyggjarundersøking i april. Continue reading

Møte i felles forhandlingsutval 24. februar

Møte banner

Det vert kalla inn til det tredje møtet i felles forhandlingsutval (FFU) for kommunestruktur onsdag den 24. februar.

Møtet vert halde på Panorama konferansehotell i Sund og tek til klokka 09.00. Møtet er planlagt avslutta klokka 15.00.

På møtet arbeider FFU vidare med utkastet til eventuell intensjonsavtale mellom kommunane Fjell, Sund og Øygarden.

Referat frå møtet den 11. februar 2016

Semje om prinsipp for eigedomsskatt

På det tredje møtet i felles forhandlingsutval (FFU) var det semje om at det bør vera eigedomsskatt på verk og bruk dersom det vert bygd ein ny kommune samansett av noverande Fjell, Sund og Øygarden.

Frå forhandlingsmøtet på torsdag i Sotra Arena.
Frå forhandlingsmøtet på torsdag i Sotra Arena.

FFU er samansett av forhandlingsutval frå kvar kommune og var samla til møte i går. Fram mot 3. mars vert det gjennomført fem forhandlingsmøte med sikte på å leggja fram eit utkast til intensjonsavtale for underteikning. Ein eventuell intensjonsavtale vert endeleg behandla i alle dei tre kommunestyra før 1. juli.

I dag har Fjell kommune eigedomsskatt på verk, bruk og næring. Sund kommune har eigedomsskatt på hus og hytte, medan Øygarden kommune krev inn eigedomsskatt på verk og bruk.

Felles forhandlingsutval legg til grunn at investeringsprosjekt i dei tre kommunane vert fullførte slik det er vedtak og planar om. Det er også føreslått å oppretta eit infrastrukturfond.

Continue reading