Author Archives: Fredrik

Prioriterer godt arbeidsmiljø

Tilsette i Helsestasjon- og skulehelsetenesta i dei tre kommunane som skal slå seg saman, har hatt felles samling der ein har hatt fokus på arbeidsmiljø. Det arbeider ein solid gjeng både i Sund , Fjell og Øygarden.

Tilsette i Helsestasjon- og skulehelsetenesta i dei tre kommunane

Hovudoppgåva vår er å driva med førebyggjande helsearbeid. Det er ein stor gjeng med  helsesøstrer, jordmødrer, legar, miljøarbeidar, familierettleiar og sekretærar som står på for at innbyggjarane i kommunane skal få rettleiing og hjelp når dei treng det.

Vi er vane med å vera ute i god tid og førebyggja. No har vi hatt fokus på eige arbeidsmiljø i to dagar. Det var svært lærerikt og interessant. For at vi skal kunne hjelpa andre må vi ha det bra sjølv.

På samlinga arbeidde vi med utfordringar vi såg for oss kunne oppstå ved samanslåing. Samstundes var ein oppteken av korleis ein skulle løysa dei. Prosessen i gruppa var det viktigaste. Ein vart betre kjend med kvarandre og det vart mykje humor og underhaldning om kvelden. Dersom ein treng deltakarar til revyar eller teaterlag i den nye kommunen er det berre å ta kontakt med dei tilsette i tenesta vår.

Berit Algrøy, leiande helsesøster Fjell kommune

Samordning av adressesystem i Nye Øygarden kommune – endring av adressenamn

I samband med samanslåing av Sund-, Fjell- og Øygarden kommunar må adressesystemet samordnast for å få eit eintydig adressesystem i Nye Øygarden kommune. På bakgrunn av dette føreslår prosjektrådmannen at totalt 64 adressenamn vert endra. Saka er behandla i fellesnemnda 18. juni 2018.

Lovverket er tydeleg når det gjeld tildeling av adresser. Her står det klart at adressesystema skal samordnast ved samanslåing, og at adressenamn skal være eintydig i kommunen.

Eit eintydig adressesystem er ein viktig føresetnad for at ei rekkje av tenestene som kommunen og andre aktørar skal yte vert leverte på ein tilfredstillande måte. Det viktigaste er at naudetatane/utrykkingskøyretøy skal finne raskt fram. Verdifulle minutt og i verste fall kan liv gå tapt dersom det er tvil om ei adresse.

Arbeidet med å endre adressenamn er omfattande og krevjande, og det kan vere vanskeleg å ta stilling til kva for adressenamn som bør endrast og kva som skal bestå. Fellesnemnda for Nye Øygarden kommune har i dette arbeidet vektlagt fylgjande kriterium:

  • Prioritere vegar/adresseparsellar med mange adresseeiningar, slik at færrast mogleg må endre adresse.
  • Prioritering av adressenamn med tilknyting til gamle gardsnamn og/eller stadnamn, og veletablerte namn som mange har sterk/lang tilknyting til.
  • Prioritering av namn som vert ofte brukt av mange, t.d. adressenamn knytt til stader med næringsverksemd og/eller offentleg verksemd.
  • Prioritering av adressenamn som høyrer saman (nordre, søre osv.)
  • Prioritere å slette små/korte vegparsellar med eige adressenamn som enkelt kan endrast/ omadresserast til tilstøytande veg.

Første steg i arbeidet med å samordne adressesystema er å vedta kva adressenamn som skal endrast. Etter vedtak i fellesnemda vil det bli starta prosess med å tildele nye adressenamn på vegane som må endre namn. I dette arbeidet ønskjer kommunen innspel/forslag frå aktuelle lag, organisasjonar og grunneigarar i adresseringsområdet, til nye adressenamn. Eige brev med informasjon vert sendt til huseigarar i dei aktuelle vegane.

Når nye namn er vedtekne vert dei førte i matrikkelen og distribuert vidare til folkeregisteret, bankar, forsikringsselskap og andre store adressebrukarar. Du må sjølv informere andre som treng å kjenne til adressa di, og huseigarar har plikt til å informere eventuelle leigetakarar.

Adressenamn- og tilvisingsskilt vert sett opp samstundes med at adressenamnet formelt vert endra, og de vil få utlevert nytt husnummerskilt (standard type) dersom også husnummeret må endrast.

Kontaktinformasjon

Vis til kva sak det gjeld ved kontakt med kommunen; opplys om vegnamn/vegkode og gnr/bnr.

Fjell kommune

Telefon 55 09 60 00, e-post: postmottak@fjell.kommune.no
Postadresse: Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume

Sund kommune

Telefon 56 32 75 00, e-post: postmottak@sund.kommune.no
Postadresse: Sund kommune, Postboks 23, 5371 Skogsvåg

Øygarden kommune

Telefon 56 38 20 00, e-post: postmottak@oygarden.kommune.no
Postadresse: Øygarden kommune , Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Adressenamna som skal endrast

I samband med samordning av adressesystemet i Nye Øygarden kommune er det vedteke, i sak 47/18, at desse adressenamna skal endrast:

Fjell kommune

Adressenamn Stad
Austrevegen Vindenes/Barneshaugen
Bergtun Søre Ekrhovda
Dalen Turøyna
Dalavegen Algrøyna
Fagrebakken Snekkevika
Fagredalvegen Skålvika
Garen Turøyna
Hagardsvegen Ågotnes
Haugarvegen Algrøyna
Haugen Straume
Hellemyrvegen Bjorøyna
Kvednaviksvegen Misje
Linhaugen Lokøyna
Lynghaugen Brattholmen
Myro Turøyna
Rognevegen Straume
Sanden Landro
Sletto Li
Storsteinsvegen Fjell
Varden Misje
Vestrevegen Vindenes/Barneshaugen

Sund kommune

Adressenamn Stad
Bergvegen Hammarsland
Brøta Hammarsland
Gjerde Øvretveit
Gjerdevegen Vorland
Haugaseto Kårevika
Krekebærvarden Glesnes
Kvednavegen Vorland
Kverndalen Lerøyna
Liavegen Sund prestegard
Myravegen Kausland
Neset Skoge
Nordavika Sund prestegard
Porsvegen Forland
Porsneset Forland
Rindane Kleppe
Sjøvegen Eide
Storhaugen Skaga
Stølen Sund prestegard
Vardevegen Kausland
Vågsbotn Forland

Øygarden kommune

Adressenamn Stad
Berget Blomvåg (Måken)
Gjerdet Nordre Sæle
Haugevegen Hernar
Ingjervegen Vik
Knappen Hellesøy
Kvernneset Torsvik
Kyrkjevegen Blomvåg
Murane Hernar
Nesvegen Nautnes
Nesevegen Torsvik
Nygardsvegen Rong
Rinden Breivik
Sjøvegen Vik
Skaret Hernar
Storevarden Rong
Storhøyen Hellesøy
Sælevegen Nordre Sæle
Sæløyvegen Sæløy
Tjødnarvegen Rong
Torvvikvegen Torsvik
Varden Oen
Vågevegen Torsvik
Sørheimsvegen Alvheim

No nærmar det seg folkemøte

Onsdag den 6. april klokka 19.00 er det klart for det første folkemøtet om kommunereforma. Det første møtet vert på Tranevågen ungdomsskule.

Dei tre ordførarane, Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund) og Børge Haugetun (Øygarden), håpar på god oppslutnad om folkemøta.
Dei tre ordførarane, Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund) og Børge Haugetun (Øygarden), håpar på god oppslutnad om folkemøta.

Ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden inviterer til totalt seks folkemøte, to i kvar kommune. I tillegg til at alle ordførarane er med på alle møta, vil også medlemer frå felles forhandlingsutval vera til stades og gjerne delta i ordskiftet på folkemøta.

Folk vil få rikeleg høve til å stilla spørsmål og halda innlegg på møta.

Her er oversikta over alle folkemøta (PDF) eller sjå kalender.

Det vert innbyggjarundersøking i Øygarden

Kommunestyret i Øygarden vedtok med 22 mot eí røyst (SV) i kveld  at det skal gjennomførast ei innbyggjarundersøking i Øygarden om kommunereforma.

Aud Karin Oen (SV) sitt forslag om folkeavrøysting vart avvist av kommunestyret.
Aud Karin Oen (SV) sitt forslag om folkeavrøysting vart avvist av kommunestyret.

Kommunestyret avviste dermed eit forslag frå SV om å gjennomføra ei folkeavrøysting. Dette innebér vidare at det vert innbyggjarundersøking i alle dei tre kommunane, Fjell, Sund og Øygarden.

I vedtaket heiter det at kommunestyret legg vekt på å køyra ein parallell prosess saman med kommunane Fjell og Sund i samsvar med kommunikasjonsplanen. Innbyggjarundersøkinga skal også gjennomførast i samsvar med kommunikasjonsplanen. I vedtaket vert det også vist til at det skal haldast to folkemøte i Øygarden og at rapporten frå innbyggjarundersøkinga og høringsinnspela frå folkemøta skal vera ein del av saksgrunnlaget til kommunereformsaka i juni.

Ordførar Børge Haugetun (TVØ)
Ordførar Børge Haugetun (TVØ)

Forslaget som vart vedteke, var eit fellesframlegg frå Tverrpolitisk valliste for Øygarden (TVØ), KrF, FrP, Ap og Høgre.

Ifølgje kommunikasjonsplanen skal innbyggjarundersøkinga gjennomførast i april like i etterkant av folkemøta i dei tre kommunane.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ingunn Teigen

Vår nye kommune på Facebook

I dag lanserer dei tre kommunane i region vest Vår nye kommune på Facebook.

På denne Facebook-sida kan du følgja Fjell, Sund og Øygarden sitt arbeid med å skapa grunnlag for ein eventuell ny kommune vest for Bergen.

Her finn du aktuelt, bilete, arrangement knytt til arbeidet med kommunereforma og aktuelle dokument. Dette er først og fremst ein arena for å delta i ordskiftet og verta kjent med kommunereforma.

Her kan du gå inn på Vår nye kommune på Facebook.

Forhandlingane er i gang

Torsdag og fredag denne veka var 13 politikarar og eit rådmannssekretariat på tre personar samla på Panorama konferansehotell i Sund til det første forhandlingsmøtet om ny kommunestruktur.

Felles forhandlingsutval. Frå venstre; May Elin Limevåg (Sund), Svein Bergh (Fjell), Anita Garlid Johannessen (Fjell), Atle Dåvøy (Øygarden), Børge Haugetun (Øygarden), Tom Georg indrevik (Fjell), Espen Harkestad (Øygarden), Nils Kåre Skoge (Sund), Jogeir Sognnæs (Sund), Kari-Anne Landro (Sund), Andreas Kallekleiv (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Silvia Haugland (Øygarden).
Felles forhandlingsutval. Frå venstre; May Elin Limevåg (Sund), Svein Bergh (Fjell), Anita Garlid Johannessen (Fjell), Atle Dåvøy (Øygarden), Børge Haugetun (Øygarden), Tom Georg indrevik (Fjell), Espen Harkestad (Øygarden), Nils Kåre Skoge (Sund), Jogeir Sognnæs (Sund), Kari-Anne Landro (Sund), Andreas Kallekleiv (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Silvia Haugland (Øygarden).

Kommunane Sund, Øygarden og Fjell har som mål å utarbeida framlegg til ein intensjonsavtale før påske. Det første forhandlingsmøtet har gått over to dagar. Vidare er det sett opp eit tett program med møte eín dag i veka framover til 3. mars.

Det var ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, som ønskte velkomen og leia møtet på torsdag. Frå og med fredag har dei tre forhandlingsutvala leigd inn Trond Wincentsen frå konsulentselskapet Sonat til å vera prosessleiar i forhandlingane. Continue reading