Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Landsnotkast i Kjereidet

1. september kl. 14:00

Kjereidet ligg på grensa mellom Fjell og Sund kommune og er eit arrangement i identitetsbygginga av nye Øygarden kommune. Alle er velkomne til å gå Nordsjøløypa frå Telavåg idrettsplass med start kl 11.30 eller Kallestad grendahus med start kl 12.30. Fjell og Sund turlag sørgjer for at du kjem trygt fram til Kjereidet.

Fjell kystlag tar ansvar for landnotkastet kl 14.00, og ordførarane er med og tar eit tak med nota. Om det vert fisk, kan fangsten grillast i sjøkanten.

Det vert friske forteljingar av Hallgeir Dale og song og musikk av Vivian Steinsland.

Fjell kulturminnelag og Sund sogelag har ein interessant stand i Kjereidet

Du må vera godt skodd, for det er ein del våte og bratte parti i løypa.

Vel møtt til ein ramsalt og lærerik dag!

Detaljar:

Dato
1. september
Tid:
14:00