Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Bli med på ordskiftet om nye Øygarden – TEMA: Sentrum / periferi

3. oktober kl. 19:00

Debatt på biblioteka

Har du tankar og meiningar om korleis du vil ha det i den nye kommunen? Lurer du på kva andre meiner?

Biblioteka i Fjell, Sund og Øygarden set søkjelyset på kommunesamanslåinga og inviterer til debattar om nye Øygarden. Valet er unnagjort. Kva har folket i vente frå 2020?

Tre oktoberkveldar er sett av til paneldebatt og samtale om framtida i nye Øygarden. Tre tema vert tatt opp: sentrum/periferi, kommunikasjon og samferdsle og sist, men ikkje minst – strilekultur.

Og me startar i Øygarden. Slik blir møterekkja:


3. oktober

TEMA: Sentrum / periferi. Kva med oss i den nye storkommunen? Vil all vekst skje på Straume? Vil utkanten visna vekk?

I panelet: Runar Trellevik, dagleg leiar Tekslo seafood, avtroppande ordførar i Øygarden Børge Haugetun og leiar i IL Skjergard, Geir Knarvik Fjeldstad.

Stad: Øygarden bibliotek, Rong senter. Klokka 19


17. oktober

TEMA: Kommunikasjon og samferdsle i den nye kommunen vår.

I panelet: Tom Georg Indrevik, ordførar frå Høgre i nye Øygarden kommune, Maria Thomassen, kommunestyrerepresentant for MDG i nye Øygarden kommune og Kristian Amlie frå teknologi- og kommunikasjonsbyrået Bouvet.

Stad: Fjell folkeboksamling, Sartor senter, Straume. Klokka 19


24. oktober

TEMA: Strileidentitet.

I panelet: Vivian Steinsland, vinnar av Johannes Kleppeviks minepris 2019, Kjell Magnus Økland, dagleg leiar for Stiftinga Kystkultur no!, ein elev frå Sund ungdomsskule.

Stad: Sund folkebibliotek, Sund senter, Skogsvåg. Klokka 19


Per Jon Odeen, tidlegare journalist i BT og NRK, leiar samtalen i alle tre debattane.

Lett servering og lokale kulturinnslag.

Skal du ha med deg alt, må du altså kryssa dei noverandre kommunegrensene og ta deg inn i «ukjent terreng».

Velkommen til alle! 

Detaljar:

Dato
3. oktober
Tid:
19:00

Arrangør

Biblioteka i Fjell, Sund og Øygarden

Lokale

Øygarden bibliotek
Rong Senter, Nygardsvegen 2 5337 + Google-kart
Telefon:
56 38 22 20
Nettstad:
http://www.bibvest.no/