Arbeidsverkstad for den nye kommunen: – Vi er privilegerte!

Prosjektrådmann Rune Lid peika på at medarbeidarane får vera med på noko stort då han ønskte dei 45 deltakarane på arbeidsverkstaden på Panorama Hotell & Resort i Sund velkomen på måndag. På samlinga var leiarar, hovudtillitsvalde, hovudverneombod og andre administrativt tilsette samla.

Deltakarane på arbeidsverkstaden i Sund på måndag.



– Vi er privilegerte som får vera med på denne reisa. I hovudet mitt er det ikkje Sund, men Nye Øygarden kommune vi er på veg til, sa Rune Lid som ikkje la skjul på at vi no går inn i ein hektisk og spennande periode.

Då klokka hadde passert 17.15 kunne Lid runda det heile av. Han meiner at det han opplevde i dag lovar godt for framtida.

– Dette har vore ein kjekk dag der vi har fått mange gode innspel. Vi som er her i dag har eit stort ansvar. Det er viktig at vi har respekt for kvarandre og er rause med kvarandre. Då kjem vi i mål på ein god måte, sa Lid før han ønskte deltakarane god tur heim.

Han starta arbeidsverkstaden på føremiddagen med å gje status for kvar arbeidet med den nye kommunen står. Prosjektorganisasjonen er på plass og det ligg føre både overordna prosjektkart og administrativ prosjektorganisering. Han gjekk vidare gjennom prosjektmandat for dei fem prosjektleiarane og ansvaret til dei fem prosjektgruppene; Oppvekst, Helse og velferd, Kultur og samfunn, Økonomi og Organisasjon og digitalisering.

Godkjenning av mandat, endring av mandat, organisering, dimensjonering og lokalisering av tenester og oppgåver skal leggjast fram for overordna styringsgruppe (rådmennene, fem prosjektleiarar og hovudtillitsvalde/hovudverneombod). Det same gjeld saker av politisk og prinsipiell karakter, tema på tvers av kommunalsjefområda, økonomiske rammer og jamleg statusrapportering.

Rune Lid

– Det er viktig at vi talar vel om prosjektet og kvarandre og viser eit positivt  engasjement. Vi må laga vegen medan vi går. Dette skal vi klara saman, sa Lid og viste til at tverrfagleg samarbeid, innovasjon, digitalisering og brukarar i fokus er sentrale forventningar frå prosjektdeltakarane. Han understreka også at dei rådmennene ugjer eit svært godt team i arbeidet med å byggja den nye kommunen. Han presenterte også trainee Line Markhus som gjer ein svært viktig jobb i prosjektorganisasjonen.

Her er presentasjonen til Rune Lid.

Anne Grethe Andersen representer Delta (arbeidstakarorganisasjon i YS) i overordna styringsgruppe.

– Dette har vore ein interessant dag med diskusjonar og mykje informasjon om spennande tema. Det er viktig å koma i gang. Tema som endring og omstilling er viktige tema for oss tillitsvalde. Informasjon er viktig, men utan involvering manglar informasjonen eigarskap, seier Andersen.

Gruppeopppgåver

Det var gruppearbeid både etter at Rune Lid hadde snakka om tverrfaglege utfordringar og innlegget til verksemdsarkitekt i Bergen kommune,Tom Svellingen.

Etter innlegget frå Lid skulle gruppene drøfta korleis ein skal sikra samhandling på tvers av tenestene på kommunalsjefområda, kven ein må samarbeida med og korleis det kan opprettast delprosjekt basert på dette. I gruppene vart det lagt vekt på at brukarperspektivet skal stå høgt og at samhandling handlar mykje om kultur og tverrfagleg organisering. Det var også ønske om at det vert lagt til rette for ein større arena for å få presentert arbeidet/resultatet i prosjektgruppene. Gruppedeltakarane understreka også at det trengs opplæring i bruk av prosjektverktøyet «Projectplace».

– Løysinga er felles arkitekturmodell

Verksemdsarkitekt i Bergen kommune, Tom Svellingen, snakka om innovasjon, digitalisering og tverrfagleg samarbeid. Han starta innlegget sitt med å gje definisjonar på omgrep som digitalisering, transformasjon, digital transformasjon, innovasjon og radikal innovasjon. Verksemdsarkitektur handlar om korleis verksemda er organisert. Han baserte seg mellom anna på Difi-modellen med konseptfase, planlegging, gjennomføring, avslutning og realisering. Han vedgjekk at samhandling mellom offentlege aktørar er ikkje enkelt.

Tom Svellingen

– Løysinga er ein felles arkitekturmodell for kommunal sektor, sa Svellingen.

Bergen kommune har teke initiativ til å etablera samordna regional digitalisering. Etter kvart har alle kommunane i Hordaland meldt seg på dette samarbeidet. Svellingen minna om at brukarane er ikkje berre innbyggjarane, men også dei offentlege tilsette og næringslivet.

Ei av gruppeoppgåvene tok utgangspunkt i intensjonsavtalen om at storkommunen skal ha gode digitale løysingar. Spørsmålet var kva tenester og oppgåver dette kan vera innan dei ulike kommunalsjefområda. Då gruppene summerte opp drøftingane sine i plenum vart det mellom anna peika på behov for utvikling av «Mi side», datatryggleik e-læring, bruk av «robotsvarar», velferdsteknologi, elektronisk medisinhandtering, utvikling av t.d. karttenester og digitale foreldremøte. I gruppene vart det også drøfta korleis ein kan arbeida med samspelet mellom oppgåvene i gruppene og mennesket, prosess, informasjon og teknologi/IKT.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen og Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå arbeidsverkstaden:

Helge Grønhaug innleia samlinga med ein minikonsert.