Arbeidet med lokalisering er avhengig av god informasjon og godt samarbeid

Innan 30. oktober skal det avgjerast kvar administrasjon og tenester i Nye Øygarden kommune skal lokaliserast. Nokre tilsette vert meir berørte av dette enn andre. Både prosjektrådmann Rune Lid og hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet, Nina Zandstra, meiner at samarbeid og involvering frå dei tilsette er avgjerande for å lukkast med ein god prosess.

Nina Zandstra og Rune Lid ønskjer god dialog og godt samarbeid i arbeidet med lokalisering av administrasjon og tenester.

Rune Lid er oppteken av at dei tilsette må få god informasjon undervegs i arbeidet med å lokalisera tenestene.

– Eg har stor tru på at me skal få til dette i eit godt samarbeid med både tillitsvalde og vernetenesta, seier prosjektrådmannen. Han minner også om at dette arbeidet skal byggja på intensjonsavtalen og omstillingsavtalen som er politisk vedtekne. Lid viser også til  vedtaket i fellesnemnda i juni 2019 om at fokus på brukarane alltid skal telja høgt.

 

Nina Zandstra seier at i alle omstillings- og endringsprosessar er det viktig for dei tilsette at prosessane er føreseielege, opne og gode for at dei skal oppleva tryggleik og tillit. Ho meiner det er viktig å ta med føringar frå hovudprosjekta i arbeidet inn mot 30. oktober.

– Dei tilsette må få god informasjon, verta involverte, sikrast reell medverknad og oppleva å verta tekne på alvor, seier ho. Ho viser til at ulike delprosjekt allereie har gjort grundige vurderingar om behov for lokalisering når det gjeld å sikra gode og trygge arbeidstilhøve for dei tilsette og å levera tenester av høg kvalitet.

Framdrift

Arbeidet med lokaliseringa skal skje i fleire steg:

  • Steg 1: Kartleggja einingar som ikkje vert involverte av endringar i lokaliseringa.
    Dette skal vera klart til 13. september.
  • Steg 2: Arbeida fram forslag til mellom anna tenester som skal leggjast til lokale servicesenter.
    Fristen for dette er 25. september. Det skal fremjast ei sak for partssamansett utval 7. oktober og
    fellesnemnda 9. oktober om steg 2.
  • Steg 3: Prosess fram mot endeleg vedtak 30. oktober byggjer på steg 2.

Forankring

Fagorganisasjonane til dei tilsette og vernetenesta skal vera gjennomgåande involverte i arbeidet med lokaliseringa. Arbeidet med å lokalisera administrative einingar og einingar som gjev tenester, byggjer på viktige politiske og administrative dokument.

Dette er

Intensjonsavtalen

Intensjonsavtalen slår fast at Straume skal vera kommunesenteret, med Rong og Skogsskiftet som kommunedelsenter. Nærtenesteprinsippet inneber at tenester retta mot publikum skal  leggjast til kommunale servicesenter, og brukarretta tenester skal lokaliserast så nær brukarane som mogeleg. Det står også at tenester som innbyggjarane ikkje nyttar dagleg, kan leggjast til kommunesenteret eller kommunedelsentera.

I intensjonsavtalen går det også fram at plasseringa av noverande skular og barnehagar skal vidareførast. Det same gjeld omsorgstenester som sjukeheimsplassar, omsorgsbustadar og bu- og servicesenter. Legevakta skal vera på Straume, og kommunedelsentera skal oppretthalda legeteneste tilsvarande dagens nivå på dagtid og noko utover normal opningstid.

Store grupper av tilsette i skule og omsorg i Nye Øygarden kommune vil få same arbeidsstad som i dag.

Omstillingsavtalen

Her går det fram at samanslåing av dei tre kommunane er ei verksemdoverdraging og at nokre tilsette vil få ny arbeidsstad. Denne avtalen slår også fast at arbeidstakarorganisasjonane skal ha medråderett.

ROS-analyse (ROS: Risiko og sårbarheit)

I denne analysen vert det peika på at det må sikrast  god informasjon om arbeidet med lokalsering og sikra at alle tilsette får informasjon i god tid.

I dokumentet Rammer, prinsipp og prosess for lokalisering av ulike administrative og tenesteproduserande einingar i Nye Øygarden kommune kan du lesa meir om lokaliseringa av tenestene i den nye kommunen.

Presentasjon (PP) om arbeidet med lokalisering

Tekst og foto: Vigleik Brekke