Arbeidet i prosjektgruppene er i gang

Denne veka starta arbeidet i prosjektgruppene i Nye Øygarden kommune.

frå det første møtet i prosjektgruppa for Oppvekst

Prosjektleiarar i dei fem gruppene er Jon Erik Egeland (Oppvekst), Åse Vik (Helse og velferd), Lennart Fjell (Kultur og samfunn), Svend-Fredrik Untiedt (Økonomi) og Lillian Torsvik (Organisasjon og digitalisering).

I går var det møte i prosjektgruppe for Oppvekst, Økonomi og Organisasjon og digitalisering. Jon Erik Egeland er leiar for Oppvekst-gruppa.

– Det var god stemning på det første møte i prosjektgruppa. Alle var samde om at det no var godt å koma i gang med arbeidet, seier Egeland.

På møtet drøfta prosjektmedlemene motivasjon og forventningar, spelereglar i gruppa, drøfting av mandat, prosjektmetodikk, møteplan og oppgåver til neste møte.

Motiverte medlemer i gruppa

Lillian Torsvik hadde også sitt første møte med prosjektgruppa for Organisasjon og digitalisering i går. Prosjektgruppa drøfta mykje av det same som i gruppa for Oppvekst. Andre tema var prosjektkart, allereie etablerte delprosjekt, kartlegging av tenester, utfordringar, milepelar og prosjektstyringsverktøyet Projectplace.

– Eg opplevde det første prosjektmøtet som særs positivt saman med flotte og motiverte prosjektdeltakarar og prosjektstøtte. Det var god stemning og folk var engasjerte. Vi la stor vekt på at prosjektgruppa skal vera ein god stad å vera, der det er høgt under taket og høg trivsel.

Frå møtet i prosjektgruppa for Organisasjon og digitalisering i går.

Torsvik seier at medlemene i prosjektgruppa skal gjera kvarandre gode og sikra høg grad av involvering for å gjennomføra prosjektet i tråd med oppdrag og tidsplan. Ho fekk tilbakemelding om at gruppa hadde ei positiv oppleving av første møtet og gler seg til vidare arbeid i prosjektet.

I mandatet for prosjektgruppene er det teke utgangspunkt i intensjonsavtalen for Nye Øygarden kommune med vekt på tema for det enkelte kommunalsjefområde. I mandata er det konkretisert prosjektbestillingar og korleis ein skal nytta prosjektmetodikken som er tilrådd av Difi. Mandatet viser også ansvaret som er pålagt prosjektleiar og prosjektgruppa.

Tekst og foto: Vigleik Brekke