Analyse: Godshamn på Ågotnes er lønsam

Ein samfunnsøkonomisk analyse av å flytta godshamna frå Bergen sentrum til Ågotnes konkluderer med at «relokaliseringa» gjev ein netto nytteverdi på om lag 1,2 milliardar kroner.

Kurt Rune Andreassen og Cristian Valdes Carter

Administrerande direktør på Coast Center Base (CCB) , Kurt Rune Andreassen og viseadministrerande direktør Cristian Valdes Carter på CCB orienterte fellesnemnda i dag om den ferske samfunnsøkonomiske analysen og moglegheitsstudien for framtidig godshamn på Ågotnes. Rapporten er utarbeidd av Menon Economics. Bergen bystyre vedtok i 2016 å flytta godshamna frå Bergen sentrum til Ågotnes.

Alternativet som er vurdert, inneber at all container-, roro- og stykkgodstrafikk vert flytta til Ågotnes, medan fergeverksemda vert verande på Dokken i Bergen.

Carter viste også til at i tillegg til den økonomisk analysen er det ein del positive nytteverdiar som er vanskelege å prisa. Døme på dette er at innbyggjarane i Bergen får redusert plage frå støy og betre tilgang til sjø og nye fellesareal.

Direktørane på CCB var tydelege på at det ligg godt til rette for godshamn på CCB og at den ekstra aktiviteten som vil koma på Ågotnes vil vera mindre enn det han har vore på det meste på  basen. På Ågotnes er det etablert infrastruktur, høve til ekspansjon og store og rektangulære areal.

– Tilgjengeleg areal på Ågotnes er om lag tre gonger så stort som Dokken. I 2025 kan hamna vera i gang på Ågotnes, sa Valdes Carter. Sjå presentasjonen frå CCB her.

Status for prosjektarbeidet

Prosjektrådmann Rune Lid orienterte om status for prosjektarbeidet. Dei fem leiarane av hovudprosjektgruppene orienterte kort om arbeidet sitt.

Rune Lid presenterte leiarane av hovudprosjektgruppene. Frå venstre; Rune Lid, Lennart Fjell (Kultur og samfunn), Åse Vik (Helse og velferd), Svend-Fredrik Untiedt (Økonomi), Jon Erik Egeland (Oppvekst) og Lillian Torsvik (Organisasjon og digitalisering).

Det er utarbeidd eit skuggebudsjett som er ei samanstilling av budsjetta for dei tre kommunane. Ramma er på totalt 2,8 milliardar kroner for 2019. Samla langsiktig gjeld for dei tre kommunane er i 2019 på om lag 3,4 milliardar kroner (eksklusive pensjon). Skuggebudsjettet viser også at det samla nettodriftsresultatet er redusert frå 80 millionar kroner i 2017 til om lag fem millionar kroner i 2019. Teknisk berekningsutval legg til grunn at det bør vera eit netto driftsresultat på 1,75 prosent av driftsinntektene for å driva god kommuneøkonomi. Dette ville svara til eit samla netto driftsresultat på om lag 50 millionar kroner for dei tre kommunane.

Rune Lid sa at 2019 vert krevjande. Han la likevel vekt på at han er optimistisk med tanke på å løysa dei økonomiske utfordringane. Lid understreka at dette kan ta nokre år og at det krev klokskap og godt samarbeid med politikarane.

Arbeidet med å tilsetja kommunalsjefane er godt i gang. Lid orienterte også om prosessen med val av pensjonsleverandør. Saka er klar til behandling i fellesnemnda den 17. desember.
Her er presentasjonen til Rune Lid.

Ventar med start av arbeidet med kommuneplan

Fellesnemnda vedtok å leggja til grunn at prosjektrapportane (når desse ligg føre) frå prosjektarbeidet som er sett i gang hausten 2018, vil kunna gje viktige premisser til grunnlaget for arbeidet med ein samfunnsplan. Desse rapportane vil prosjektrådmannen leggja fram for fellesnemnda.

Etter ordskiftet på møtet i fellesnemnda i dag, konkluderte leiar Børge Haugetun med at spørsmålet om samfunnsdelen til kommuneplanen vert drøfta i felles kommunestyremøte for dei tre kommunane den 17. januar.

Høyring om indre organisering av Vest politidistrikt

Vest politidistrikt har invitert kommunane til å gje uttale til framlegget til indre organisering av politidistriktet med verknad frå januar 2020. For driftseininga Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden vil ikkje framlegget til organisering få andre konsekvensar enn ei eventuell namneendring. Fellesnemnda seier seg samd med Vest politidistrikt i vurderingane som er gjort for driftseininga Bergen, Sotra, Askøy og Bergen.

Andre saker i fellesnemnda den 19. november

  • Møteplan for Nye Øygarden kommune 2019
    Møteplanen vart godkjend. Fellesmøte for kommunestyra i dei tre kommunane den 17. januar vert innarbeidd i møteplanen.
  • Referatsakene; KommuneROS for Sund, Fjell og Øygarden kommunar, oversending av dokument frå eldreråda og tre referat frå partssamansett utval vart tekne til orientering.

Her kan du sjå opptak frå møtet på nett-TV.

Tekst og foto: Vigleik Brekke