Aktiv+ videopremiere – sjå kva du kan vera med på!

Tysdag 24.09 var det filmpremiere på Aktiv+ med to flunkande nye videoar. Det var ikkje noko å sei på stemninga, og det vart faktisk tilløp til trampeklapp. Videoane vart samrøystes godkjend på staden i ope medlemsmøte.

Best av alt; seniorane har Sotra Arena heilt for seg sjølv kvar tysdag føremiddag – og det er plass til fleire!  Det kjem til å bli vanskeleg å ikkje la seg freista etter å ha sett dei ferske videoane. Det er ein kortversjon på to minuttar, og ein lengre versjon på fem minuttar for deg som vil vita meir. Vi håper at dette får deg til å møta på tysdag 1. oktober 10.30 i Sotra Arena på sjølvaste eldredagen. Ein fin dag å starte med trening uansett kva form du er i. Aktiv+ har eit tilbod til alle, og det kostar ingenting å vera med.

Aktiv+ video langversjon

 

Aktiv+ video kortversjon

 

Du kan bestilla buss og bli henta heime på avtalt tid og stad ved å ringa Servicetorget på 55 09 60 00. Bussen hentar deg  13.15 utanfor Sotra Arena. Pris: 37,- kvar veg eller 10 klipp for 350,-.

Treninga varer frå klokka 10.30 til 11.30. Så er det ein halvtime med lunsj i kaféen, før det er føredrag i andre etasje frå klokka 12.00-13.00. På tysdag 1. oktober er det er Brannvern/brannforebygging for heimebuande eldre v/Øygarden Brann- og redning i samarbeid med eldrerådet.

Det er trening kvar tysdag til og med 17. desember der det er juleavslutning etter treninga med utlodning. (8. oktober er den einaste tysdagen det ikkje er trening  grunna haustferie).

Aktiv+ har vore eit tilbod til seniorane i Fjell, Sund og Øygarden sidan mars 2015. Det var sju ulike organisasjonar som saman med Fjell kommune stifta Aktiv+ med eige styre og med eigne vedtekter. I starten var det 60 registrerte medlemmer, som i ein rivande fart vaks til 70-100 i løpet av 2016. I 2017 var talet mellom 100-120. I går, den 24. september 2019 var det 150 personer til stades.

På denne sida kan du sjekka kva programmet er kvar veke. Her finn du også meir informasjon om ulike seniortilbod. Du kan også følgja med på Aktiv+ si eige facebook side.

Foto og video: Jøran Ingvaldsen, JI Productions

Tekst: Unni Sørensen, styremedlem Aktiv+ Fjell kommune