Administrativ organisering: Leiarane i kommunane ønskjer to-nivåmodell

30 leiarar og tillitsvalde i dei tre kommunane har denne veka vore samla på leiarsamling for å drøfta den overordna administrative organiseringa av Nye Øygarden kommune. Det er semje om at den nye kommunen bør organiserast i ein to-nivåmodell med kommunalsjefar. Dette samsvarar også med tilrådinga frå dei tre rådmennene.

Det vart sett av god tid til gruppearbeid på leiarsamlinga. Frå venstre; Rikard Kvaal, Råmund Skjold, Jon Erik Egeland (skjult), Hildegunn Høyland, Margun Landro, Svend-Fredrik Untiedt, Monica Pedersen, Terje Handal og Helene C. Møgster.

Prosjektrådmann Rune Lid er godt nøgd med den to dagar lange leiarsamlinga.

– Eg opplever at vi er godt i gang med prosjektet. Deltakarane gav uttrykk for at dei var glade for at samlinga var godt førebudd og at eg som prosjektleiar ved innleiinga av samlinga var tydeleg på forventningar og at vi no må rekna oss som eín kommune, seier Rune Lid når han skal summera opp dei to dagane.

I kommunal samanheng snakkar vi gjerne om to «skular» når det gjeld organisering; etatsjefmodell og to-nivåmodell. Deltakarane på leiarsamlinga var tydelege på at ein tradisjonell etatsjefmodell er uaktuell for Nye Øygarden kommune. I gruppearbeidet brukte deltakarane mykje tid på korleis ein skulle innretta to-nivåmodellen og kor mange kommunalesjefar/avdelingar det bør leggjast opp til.

Tema i drøftingane har også vore korleis ein skal sikra målsetjingar som samordning på tvers, brukarbehov, nærtenesteprinsippet, effektiv drift og nyskaping. Etter fellessamlingane, var det god tid til gruppemøte måndag og tysdag. Gruppene som var miksa godt saman når det gjeld arbeidsområde og kommunar, presenterte tysdag føremiddag sine forslag til overordna administrativ organisering.

To-nivåmodell med kommunalsjefar

Det er semje om at den nye kommunen skal leiast av ei gruppe med kommunalsjefar med rådmannen i spissen. Dette kan reknast som nivå eín. Leiarane og dei tillitsvalde i dei tre kommunane er samde om å tilrå ein  to-nivåmodellmed tre eller fire arbeidsområde med kommunalsjef som leiar av kvart område.

To av arbeidsgruppene hadde forslag om seks kommunalsjefar, medan den tredje arbeidsgruppa føreslo fem kommunalsjefar i leiargruppa til rådmannen. Med andre ord tenkjer leiarane og dei tillitsvalde i dei tre kommunane svært likt om hovudlinjene i den overordna administrative leiinga.

Arbeidsgruppene ser noko ulikt på kva fagområde som skal sorterast under den enkelte kommunalsjef. Det skal no utarbeidast eit dokument som skal sendast ut på høyring til dei som vert involverte i arbeidet med administrativ organisering. På grunnlag av dette skal rådmennene og til sist prosjektrådmannen gje endeleg innstilling til fellesnemnda som vedtek den overordna administrative organiseringa av Nye Øygarden kommune. Fellesnemnda behandlar framlegg til overordna administrativ organisering den 18. juni. Etter planen tek prosjektleiinga for Nye Øygarden kommune sikte på å tilsetja kommunalesjefane i løpet av august.

Oppglødde deltakarar

Skal vi tru det som vart sagt ved avslutninga av leiarsamlinga, var det ei samling av oppglødde leiarar og tillitsvalde som takka for seg etter to dagar med administrativ organisering som tema. Fleire gav uttrykk for glede over at prosjektrådmann Rune Lid sette ein standard som var tydeleg om målsetjingar og forventningar då han innleia samlinga. Dei som var skeptiske på førehand, stadfesta at dei var meir optimistiske etter å få drøfta dette viktige temaet med kollegaer frå dei andre kommunane. Fleire av deltakarane var overraska over at det var såpass stor semje om korleis ein bør organisera den nye kommunen.

Mange vil nok kunna skriva under på denne oppsummeringa frå ei av arbeidsgruppene:

– Det var eit godt og samlande gruppearbeid, med høg energi og god stemning. Vi må i tida som kjem utvikla visjon og verdiar for arbeidet i den nye kommunen, samt utvikla konkrete styringsdokument som fortel korleis vi skal arbeida med prinsipp for leiing, medarbeidarskap, samskaping, myndiggjorte medarbeidarar, styring og delegasjon, m.m.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå leiarsamlinga:

Rune Lid
Dei tre rådmennene. Frå venstre: Siri Fahlvik Pettersen (Øygarden), Rune Lid (Sund) og Lillian Torsvik (Fjell)
Frå venstre; Lisbeth Grosvold, Line Barmen, Lennart Fjell, Rune Landro, Vibecke Hodnekvam, Else Glesnes, Grethe Bergsvik og Marita Hilleren.
Frå venstre; Bjørn Erik Kristiansen, Lars Sverre Hausnes, Tove Helleland, Åse Vik, Kaja Pedersen, Wilhelm Anglevik og Kjell Fyllingen.